Oljeindustrien får ikkje, den tilbyr

DEBATT: Oljeindustrien ber ikkje om overføringar frå staten. Det me ber om, eller rettare sagt tilbyr staten, er provenygunstige midlertidige justeringar i skatteregelverket for å sikra aktivitet og titusenvis av industriarbeidsplassar.

Publisert: Publisert:

«Gløym ikkje kva industri som har skapt verdiane som no ber oss lettare gjennom krisa enn andre land», skriv Atle Tranøy. Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Atle Tranøy
    Konserntillitsvalgt og styremedlem, Aker-konsernet

Det eksisterer inga anna næring som kan tilby samfunnet tilsvarande i ein situasjon der landet sårt treng arbeidsplassar, verdiskaping og skatteinntekter for å minska utgifter til arbeidsløysetrygd og sosiale kostnader.

Dette handlar ikkje om eit val mellom fossil industri og nye klimavenlege næringar, men om den sikraste og raskaste vegen over til det nye. Dreg ein teppet under oljeindustrien, riv ein samtidig grunnmuren under den viktigaste teknologi- og kompetansebasen for våre nye, berekraftige næringar.

Om politikarane hadde lytta til industrien kunne me allereie hatt ein verdsleiande karbonfangstindustri, og tilsvarande posisjon på botnfast havvind.

På høg tid politikken koplar seg på

Partia og miljørørsla bør stilla seg spørsmålet: Kven har representert dei viktigaste drivkrefter i framveksten av havvind, karbonfangst og lagring, hydrogensatsing, avkarbonisering av skipsfart osb. Er det regjeringa og stortinget? Miljørørsla? Nei, svaret ligg i framoverlente industribedrifter med dyktige ingeniørar og fagfolk, og ditto forskingsmiljø og samarbeidet dei imellom. Og fagrørsla er med som viktig støttespelar og bidragsytar. Det er på høg tid politikken koplar seg på og fyller sin del av oppgåva.

Om politikarane hadde lytta til industrien kunne me allereie hatt ein verdsleiande karbonfangstindustri, og tilsvarande posisjon på botnfast havvind. I staden har dei slept beina etter seg og grunna partitaktiske omsyn vore meir opptekne av å skandalisere viktige industriinitiativ, med det særs vellukka teknologisenteret for karbonfangst på Mongstad som eit grellt døme. Det me no opplever, er utslag av det same. Medan både deler av regjeringa og deler av opposisjonen er meir opptekne av å mistenkeleggjera motiva til oljeindustrien og det blir skapt inntrykk av at å stilla opp for oljeindustrien er som å bæra havre til ein døyande hest, er det disse teknologi- og kompetansemiljøa som leverer konkrete forslag til korleis til dømes flytande havvind raskt kan industrialiserast. Faren er at me på ny, som med botnfast havvind, skuslar bort historiske moglegheiter til ein leiande internasjonal posisjon. Unike vindressursar på sokkelen og ditto kompetanse frå oljeretta og maritim industri, blir nulla ut av puslete politiske ambisjonar og seindrektigheit i prosessen med å få på plass eit regulatorisk rammeverk.

Sårbare lokalsamfunn

Det er altså ein nær samanheng mellom å sikra aktivitet i den oljeretta leverandørindustrien og våre moglegheiter innan fornybare næringar. Om ikkje eit politisk fleirtal tar dette innover seg, blir det me tillitsvalde som skal forklara våre medlemmer kvifor myndigheitene avslår det mest sikre tilbodet om aktivitet, sysselsetjing og inntekter på både kort og lang sikt for den enkelte, staten og ei rekke sårbare lokalsamfunn. La meg også understreka at aktuelle oljeprosjekt vil bli brukt for implementering av ny teknologi og digitalisering som skal styrka grunnlaget for satsingane innan klima og miljø.

Gløym ikkje kva industri som har skapt verdiane som no ber oss lettare gjennom krisa enn andre land. Å ta frå den same industrien moglegheitene til å sikra sysselsetjing og verdiskaping og ikkje minst teknologi og kompetansebasen for ein raskast mogleg framvekst av nye klimavenlege næringar vil vera eit historisk feilgrep av uante dimensjonar.

Publisert:

Les også

  1. Petoro-sjefen frykter at oljeleverandører går konkurs

  2. Erna Solberg ser framover: Ny krisepakke før sommeren

  3. 6 milliardar mindre frå Petoro til Oljefondet i første kvartal

  4. Tina Bru vil endre oljeskatten for å sikre «grønnere retning»

  1. Debatt
  2. Havvind
  3. Industri
  4. Karbonfangst
  5. Klima og miljø