Tåke og rot om olja og det grøne skiftet

DEBATT: I eit uvanleg personfokusert innlegg i Aftenbladet 23.8. (mitt namn er nemnd fem gonger) skuldar Rolf Schei underteikna for å drive eit korstog mot Norges olje- og gassnæring. Det har aldri vore mitt siktemål.

Publisert: Publisert:

«Oljenæringa rår over svært mykje kapital og kompetanse. Eg håpar og trur dei blir med på omstillingsdugnaden», skriv Wenche Skorge. Foto: Jonas Haarr Friestad

Debattinnlegg

Wenche Skorge
Styremedlem i Naturvernforbundet, listekandidat for Stavanger Ap
Les også

Rolf Schei: Tåkete om olje- og gassindustrien

Først litt bakgrunn: Skuldinga kjem som ein reaksjon på eit innlegg eg hadde der hovudpoenget er at to styringspartia, Høgre og Ap, bør samarbeide om å utvikle ein framtidsretta klima- og energipolitikk. Høgre har nå i valkampen køyrt ein kampanje for å diskreditere Ap i spørsmålet om vidareutvikling av oljenæringa, noko som er ei avsporing, ettersom Ap stort sett står for det same som Høgre på dette feltet.

Det gir ikkje lenger meining å bruke pengar, politisk kapital eller andre ressursar på å støtte opp om oljenæringa.

Ap og Høgre må ta ansvar saman

På bakgrunn av klimakrisa, og landet si manglande evne til å møte eigne klimamål, er det eit sterkt behov for å utvikle ny politikk. Det bør Høgre og Ap ta ansvar for saman.

Kvar Rolf Schei tar det frå at eg driv eit korstog mot oljeindustrien, veit eg ikkje. Eg tek ikkje til orde for snarleg avvikling av olja, og har heller aldri underslått oljenæringa sine bidrag til landets økonomi, sysselsetting og teknologiutvikling.

Men sidan me nå har slutta oss til Parisavtalen som seier at verda i store trekk må vera karbonnøytral i 2050, hastar det med å utvikle politikk som gir utsleppsreduksjonar i det omfang som er naudsynt for å nå måla.

Oljenæringa rår over svært mykje kapital og kompetanse. Eg håpar og trur dei blir med på omstillingsdugnaden. Sannsynlegvis blir denne dugnaden meir effektiv med litt pisk og gulrot frå lovgjevarane si side. Derfor bør politikarane nå rette merksemd og ressursar mot omstillingsarbeidet. Det gir ikkje lenger meining å bruke pengar, politisk kapital eller andre ressursar på å støtte opp om oljenæringa. Anten nå den ressursbruken dreier seg om krangel om kunstige politiske skillelinjer eller dyre turar til Texas og andre oljemekka.

Ikkje min feil

Olja i Norge lever godt inntil vidare. Men me som samfunn må planlegge for ei framtid der klimapolitikken lukkast. Då er det om nokre år ikkje rom for særleg mykje olje. Men det er ikkje min feil.

Publisert: