Arbeidsøktene skal ikkje være lengre enn høgst nødvendig

Har Spekter kasta sjukehusa ut i ein unødvendig streik? spør 14 avdelingsoverlegar/medisinskfaglege overlegar i Helse Stavanger i Stavanger Aftenblad 27. september.

Publisert: Publisert:

«Det er arbeidsgjevar som har ansvar for ei forsvarleg sjukehusdrift. Difor må arbeidsgjevar ha det avgjerande og endelege ordet for korleis arbeidsplanane skal sjå ut», skriv administrerande direktør ved Helse Vest RHF Herlof Nilssen Foto: Rune Vandvik

Debattinnlegg

  • Herlof Nilssen
    Adm. direktør, Helse Vest RHF; styreleiar i arbeidsgjevarforeininga Spekter
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Nei, Spekter har ikkje kasta sjukehusa ut i streik. Spekter ønskte å vidareføre gjeldande tariffavtale, som har fungert godt for dei tilsette, dei tillitsvalde og for arbeidsgjevar dei to siste åra. Det ville ikkje Legeforeningen. Dei valde heller å gå ut i en streik som diverre gjer at pasientane får utsett sjukehusbehandlinga si.

Les også

Sonderingene i sykehusstreiken brøt sammen

Ikkje ført oss nærmare

Vi set pris på at legane ved Stavanger Universitetssjukehus gjer tilpassingar både for individuelle behov og for å justere arbeidsplanen for kjent fråvær. Dette har vi òg understreka overfor Legeforeningen, utan at dette har ført oss nærmare ei løysing.

Sjukehusa i Noreg kan ikkje låse seg til å planleggje arbeidstida for legar på berre denne eine måten, slik Legeforeningen krev.

Det er sjølvsagt positivt at det på mange avdelingar i sjukehusa fungerer bra å planleggje arbeidstida slik skribentane skriv. Spekter har ikkje fremma krav som hindrar at ein framleis kan nytte denne planleggingsmetoden, dersom leiaren i samråd med tillitsvalde kjem fram til at det er det beste for ei avdeling.

Les også

Sykehusstreiken: Når tilliten forsvinner – og byråkratiet tror det vinner

Sjukehusa i Noreg kan likevel ikkje låse seg til å planleggje arbeidstida for legar på berre denne eine måten, slik Legeforeningen krev. Vi må framleis ha høve til å planleggje på forskjellege måtar, både for å sikre eit best mogleg tilbod til pasientane og eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø.

Usemja handlar ikkje om planlegging av overtidsarbeid for legane. Det er ikkje lov å planleggje med overtid, og vi meiner det mange stader vil vere enklare å skape føreseielege arbeidsplanar med færre upårekna vakter ved å nytte andre planleggingsmetodar.

Les også

Sykehusstreiken: Arbeidsbelastningen ved SUS er altfor stor

Arbeidsplanane skal være føreseielege, fordele arbeidsbelastninga jamt, arbeidsøktene skal ikkje være lengre enn høgst nødvendig, og balansen mellom arbeidstid og fritid skal være god.

Avgjerande og endelege ordet

Det er arbeidsgjevar som har ansvar for ei forsvarleg sjukehusdrift. Difor må arbeidsgjevar ha det avgjerande og endelege ordet for korleis arbeidsplanane skal sjå ut. Og det sjølvsagt etter at det er gjennomført drøftingar og medverknad, slik det ligg til grunn i Arbeidsmiljølova og tariffavtala.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Person skadet i alvorlig hendelse på Austrått

  2. Mann (18) kjørte i 230 km/t i Ryfast mens han filmet med mobilen: – Jeg blir sint og opprørt

  3. Familie­selskap skal være grunn til flere korona­smittede i Stavanger

  4. Fire ansatte korona­smittet hos Conoco­Phillips

  5. Kvinnelig lærer tiltalt for sex med mindreårig elev

  6. Ungdommen fikk sitt eget anneks på fjellet: – Her slipper de å henge med oss voksne

  1. Grunnloven
  2. Arbeidsmiljøloven
  3. Helse
  4. Helse Stavanger
  5. Streik