Stavanger bør gå for øyutvikling i eigen kommune

DEBATT: Stavanger kommune er no også ein distriktskommune. Eg utfordrar kommunen til å kasta seg på den nye regjeringa sin nye bygdevekstavtale.

Prosjektet som blir kalla Øyfast, blei lansert i 2012 og skal etter planen gi fastlandssamband til 14 båtavhengige øyar med bruer og tunnelar.

Debattinnlegg

  • Kjell Nes
    Tidlegare ordførar i Finnøy kommune
  • Henrik Halleland
    Gruppeleiar KrF Stavanger og tidlegare ordførar i Finnøy kommune
Publisert: Publisert:

Det manglar ikkje på vilje frå sentrale styresmakter når det gjeld å utvikla distrikta. Viljen er langt mindre lokalt og regionalt. Beviset finn ein i folketalsutviklinga i heile Ryfylke, men mest tydeleg er det der «sentraliteten» er lågast.

Tala viser at etter bygginga av faste fjordkryssingar som Rennfast og Finnfast, har ingen øyar (utanom Fogn) som ikkje har vegsamband til fastlandet, hatt positiv vekst i folketalet.

Vekst i heile kommunen

Rapporten «Det handlar om Noreg», hadde som utgangspunkt at ein ønsker levande lokalsamfunn og vekst i hele landet». I arbeidet med ny kommuneplan står det at ein skal stimulere til vekst og utvikling i heile kommunen, men korleis, står det ikkje noko om.

Det er heller ikkje tydeleg kva Rogaland fylkeskommune meiner om utviklinga, med tanke på kampen for hurtigbåtanei fjor.

Den nye regjeringa har i «Hurdalsplattforma» lagt inn ein god del av forslaga frå rapporten. Billegare eller gratis ferjer, betring av digital infrastruktur og redusert detaljstyring slik at distriktskommunane skal kunna ta ansvar for eiga utvikling.

Studiar viser at utbyggingar som forbind små kommunar med lange reisetider, har langt lågare gevinst enn utbyggingar som bind saman kommunar til ein funksjonell arbeidsmarknad, eller som aukar samhandlinga i ein eksisterande arbeidsmarknad. Noko me også sa etter bygginga av Rennfast og Finnfast.

Tenk regionforstørring

Rapporten konkluderer med at det er ferjeavløysingsprosjekta som gir mest rom for regionforstørring. Auka ferjefrekvens gir ikkje dei same positive ringverknadar og lita grad av regionforstørring, ifølge rapporten.

Ferjeavløysingsprosjektet Øyfast kan gi den regionforstørringa ein treng nord og aust i Stavanger kommune. Frå neste år har fylkeskommunen ein ferjekontrakt for desse øyane som skal kosta rundt 100 millionar kroner årleg dersom ferjene blir utan brukarbetaling.

I tillegg kan det koma store investeringar og auka kostnader på utsleppsfrie ferjer i framtida, viser ein rapport frå Møreforsking og Høgskulen i Volda.

Når ein i tillegg veit at noverande straumforsyning i distriktet manglar kapasitet til å dekka dette, må ein spørja: Kor går grensa? Er det ikkje betre å byggja veg, der den framtidige trafikken er fossilfri, og felleskostnaden ein gong i framtida vert kraftig redusert?

Finansieringa av dette kan skje gjennom ferjeavløysingsordninga. Dersom fylkeskommunen får kring ¾ av årleg kostnad ved neste ferjeanbod, vil det til saman i løpet av 45 år, gi mellom 6 og 7 milliardar kroner frå staten til fylkeskommunen.

Lanserer nytt verktøy

Det er fylkeskommunen som er regional utviklar. Hurdalsplattforma seier at regjeringa ønsker å styrkja fylkeskommunen som samfunnsutviklar. Plattforma har meir på lur, for regjeringa vil innføra ei pilotordning med bygdevekstavtalar som eit nytt distriktspolitisk verkemiddel for utvikling, vekst og langsiktige rammer som styrker næringsliv og busetting i Distrikts-Noreg. Dette skal væra langsiktige avtalar mellom staten og distriktskommunar som treng støtte til næringsutvikling.

Piloten skal innehalde ein til to avtalar per fylke. Stavanger kommune er no og ein distriktskommune. Øyfast kan vera ein sentral del av ein slik avtale. Stavanger sin økonomiske del av dette kan vera pengar som Havbruksfondet gir til kommunen.

Kven tar denne utfordringa?

Publisert:
  1. Stavanger kommune
  2. Hurdalsplattformen
  3. Havbruksfondet
  4. Rogaland fylkeskommune
  5. Stavanger

Mest lest akkurat nå

  1. Melder om snø i etter­middag

  2. Falt fra tak på bolighus

  3. Det skal godt gjøres å se at dette er et nytt bank­bygg

  4. Er det penger å spare på å senke tempe­raturen om natten? Ikke gjør denne varme­pumpe-tabben

  5. Analytiker venter sky­høye kraft­priser hele vin­teren

  6. Dette sa Gunnarsson som fikk Brekalo til å koke over