Lågare straumpris krev demokratisk styring

KRONIKK: Same dag som rammene for stats­budsjettet vart vedtatt i Stor­tinget torsdag 2. desember, eksploderte straumpris­opprøret.

«Ei rask kontantutbetaling til alle som slit med å betala straumrekninga, er etter mitt syn heilt nødvendig», skriv stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa (SV).
  • Ingrid Fiskaa
    Ingrid Fiskaa
    Stortingsrepresentant for Rogaland (SV)
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Aftenbladets kommentator Hilde Øvrebekk tar opp dette her i avisa dagen etter, og eg er einig i mykje av det ho skriv der. Dei ekstremt høge straumprisane rammar vanlege folk hardt, og straumprisopprøret kjem ikkje til å gå over av seg sjølv. Tiltaka som er ein del av budsjettforliket mellom SV og regjeringa, er langt frå tilstrekkelege til å løysa krisa. Så langt er me heilt på linje.

Les også

Hilde Øvrebekk: «Rydd opp i strømbråket nå!»

SV og statsbudsjettet

Men Øvrebekk gjer også i mine auge to alvorlege feil. For det første gjer ho ei farleg samankopling av den styrkinga av velferda som SV fekk gjennomslag for, med at «vi strømkunder» betaler for dette gjennom høgare straumprisar. For det andre er forslaga ho sjølv kjem med ikkje eigna til å løysa den djupe krisa dette er.

For å ta det første først: Når staten får ekstraordinære inntekter på høge straumprisar, er det altså resultatet av at staten eig ein del av kraftproduksjonen gjennom Statkraft. Det har ingenting med budsjettforliket å gjera. Desse pengane ville ha kome inn uansett. Eller vil Øvrebekk helst at staten skal selja seg ut av kraftproduksjonen, og overlata dette til private? Det vil jo vera ein effektiv måte å unngå at inntektene kan brukast til økonomisk utjamning og styrking av velferdsstaten, og heller gå i eit fåtal private lommer.

SV sitt gjennomslag i statsbudsjettet inneber altså ei rekke reverseringar av usosiale kutt: feriepengar til permitterte og arbeidslause, brillestøtte til barn, barnetrygd også til familiar som mottar sosialhjelp, barnetillegg for uføre og at uføre kan skaffa seg ei lita arbeidsinntekt.

I tillegg fekk me gjennomslag for ei styrking av velferdsstaten, med gratis SFO til elevar på 1. trinn og utbygging av den offentlege tannhelsetenesta. Dette er ikkje symbolsaker, Øvrebekk! Det er heilt nødvendige pengar til mange heilt ekte menneske og familiar. Dessutan er det ein start på ein større snuoperasjon der dei store pengane frå no av skal gå til fellesskapet og rettferdig omfordeling, heller enn til å gjera dei rikaste endå rikare. Kjenner eg den førre regjeringa rett, ville ein stor del av strauminntektene i staden gått til å finansiera skattekutt til dei aller rikaste av oss.

Les også

Aftenbladet mener: «Strømprisene truer regjeringen»

Må få pengar

Så til det andre, og viktigaste poenget: Øvrebekk har to forslag, og det er å heilt fjerna elavgift og moms på straum i ein periode. (Samtidig som ho latterleggjer den halveringa av elavgifta som allereie ligg inne i budsjettforliket.) Eg er ikkje imot å gjera det, men det er samtidig lite treffsikre tiltak for å hjelpa dei som verkeleg slit med straumrekninga. Sjølve straumprisen blir heller ikkje påverka av slike tiltak, og den er jo for tida størstedelen av straumrekninga. Skal avgiftsfritak vera svaret på det som mest sannsynleg er ei langvarig krise? Nei, her trengst det kraftigare lut. Det må skje tiltak på fleire nivå, både på kort og lengre sikt.

Ei rask kontantutbetaling til alle som slit med å betala straumrekninga, er etter mitt syn heilt nødvendig. SV pressar på for at regjeringa leverer raskt og effektivt på dette. SV har også i fleire rundar tidlegare i haust føreslått å gi ei slik handsrekning. Me fekk eit einstemmig Storting med på å gi ekstra bustøtte, men vart stemt ned på forslag som ville gitt endå fleire enn dei som mottar bustøtte hjelp til straumrekninga. Med dagens straumprisoppgjer i ryggen, er det no langt enklare å få gjennomslag for slike tiltak.

Som tiltak på litt lengre sikt, i møte med fleire slike vintrar, føreslår SV også å avgrensa marknadsmakta, mellom anna ved å gi hushalda moglegheit til å inngå langsiktige straumavtalar til ein rimeleg pris på eit normalt forbruk.

Les også

Jørg Arne Jørgensen: «Utenlands­kablene setter vårt energi­system på spill»

Marknad

Med slike forslag nærmar me oss også det som er årsaka til krisa: Straumprisane er i dag bestemt av marknaden, ikkje av folkevalde på Stortinget. Etter gjeldande energilov er det tilbod, etterspørsel og spekulasjon som set prisen. Dei aukande og ustabile prisane skuldast for ein stor del at Noreg no i tillegg er kopla på den store europeiske straummarknaden, gjennom dei to siste utanlandskablane og tilslutninga til EUs energibyrå Acer. Dette har forsterka problema med marknadsstyringa.

Med aukande etterspørsel etter straum dei komande åra har me altså eit system som sender rekninga rett til vanlege folk – og til landbruket og industrien.

Straum skal ikkje vera ei handelsvare og eit spekulasjonsobjekt. Krafta skal gi lys og varme i husa våre. Krafta skal brukast strategisk, slik at Noreg kan vera ein industrinasjon og ikkje ein råvarekoloni. Då trengst det ei endring av energilova. Marknadsstyringa har rett og slett spelt fallitt. Det er på høg tid å ta politisk, demokratisk kontroll over den fornybare krafta vår.

Publisert: