Jubel for biskop Anne Lise Ådnøy

DEBATT: Me som underskriv dette innlegget, vil ønska Anne Lise Ådnøy hjarteleg velkomen som biskop i Stavanger bispedømme. Ho er den biskopen me treng, med si varme, rause og inkluderande forkynning og innstilling.

«Anne Lise Ådnøy har med sin klokskap og varme fått mange til å kjenna seg heime i kyrkja», skriv June K. Bendiksen, Elin Boganes, Line Cecilie Christiansen, Anne Kalvig, Sidsel Kalvig, Cathrine Samuelsen, Kirsten Opheim, Trude Noer Mølster, Monica Johannessen Pedersen, Inger May Rusnes Skjæveland.

Debattinnlegg

  • Debatt
Publisert: Publisert:
  • Innlegget er skrevet av: June K. Bendiksen, Elin Boganes, Line Cecilie Christiansen, Anne Kalvig, Sidsel Kalvig, Cathrine Samuelsen, Kirsten Opheim, Trude Noer Mølster, Monica Johannessen Pedersen, Inger May Rusnes Skjæveland, medlemmar i Den norske kyrkje, Stavanger bispedømme
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Bispedømmerådet er rasande over å ha blitt forbigått av Kyrkjerådet. Men det liberalt dominerte Kyrkjerådet er eit organ over vårt konservative Bispedømmeråd. Heldigvis – det var jo derfor me, som også utgjer grunnfjellet i Den norske kyrkja, gjekk i hopetal og røysta fram dei liberale medlemmane i rådet i 2015. Bispedømmerådet brukte fleirtalsmakta då dei innstilte Ådnøy på sisteplass av dei tre bispekandidatane, i staden for andreplass som den rådgjevande røystinga tilsa. Når Kyrkjerådet bruker si demokratisk valte fleirtalsmakt til å velja Ådnøy, er dette like legitimt.

Me er ikkje gratispassasjerar

Fleire konservative røyster har hevda at det er dei som gjer alt det frivillige og tunge arbeidet i kyrkja, og nå kan me forventa masseutmelding og kven skal då halda hjula i gang. Me trur ikkje denne situasjonsskildringa er rett – me er også del av grasrota, me som ønskjer ei open og inkluderande folkekyrkje har også verv og gjer frivillig arbeid i kyrkja. Me sit kanskje i mindre grad i innvalte verv oppover i systemet, men me er på ingen måte gratispassasjerar. Ved å vera medlemmar og økonomisk støtta kyrkja, og ved å røysta fram eit liberalt Kyrkjeråd, har me vist at me er å rekna med.

Anne Lise Ådnøy har med sin klokskap og varme fått mange til å kjenna seg heime i kyrkja. Med sin liberale teologi – men mest av alt prosessuelle undervegs-haldning til korleis me gjev meining til tradisjonar og dogme i dag – representerer ho for oss tru, håp og kjærleik. Endeleg har også dette bispedømmet fått ein kvinneleg leiar, til glede for mange, gode prestar her og oss som kyrkjelyd.

Høyra om Gud som mor

Med ein biskop for framtida, kan det henda me får høyra om Gud som mor også? Ein Gud som overskrid patriarkatet med likeverdet og kjærleiken i sentrum, er kva me og kyrkja treng. Anne Lise Ådnøy fører oss i rett retning. Me er takksame overfor Kyrkjerådet og Ådnøy, og ønskjer henne alt godt!

Publisert:
  1. Debatt
  2. Stavanger bispedømme
  3. Teologi
  4. Anne Lise Ådnøy

Mest lest akkurat nå

  1. Helseministeren: – At Nord-Jæren nå innfører munnbindpåbud viser at de tar situasjonen på alvor. Et eksempel til etterfølgelse

  2. Det går ikkje så bra med Knut (42) på Mallorca

  3. Disse korona­reglene gjelder nå

  4. SV krever kontantstøtte for å hjelpe folk med strømregningen

  5. 8 myter om koronavaksinen

  6. Marianne Helgesen (45) lot bilen stå i 17 år. Sånn blir du kvitt kjøreangsten.