Vatn tek liv – og det er vårt ansvar

DEBATT: Nokre stader i verda får stadig mindre vatn, andre stader vert det stadig meir vatn. Klimaendringar er ei global utfordring, og derfor også vår utfordring. Vi må både stanse endringane og hjelpe dei som alt er ramma.

Publisert: Publisert:

«Fasteaksjonens dreier seg om å samle inn penger til menneske i nød, folk på flukt. Globaliseringa gjer verda stadig mindre, og vi kan ikkje melde oss ut», skriv Kjetil Aano. Foto: Shutterstock

Debattinnlegg

  • Kjetil Aano
    Styreleiar i Kirkens Nødhjelp
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Alle som har vore på ein lang løpetur veit at vatn kan vere ei velsigning, og alle som har fått vannlekkasje i veggen, veit at det kan vere veldig øydeleggjande.

Alle er ansvarlege

I mange utviklingsland er det også slik, berre i ein langt meir ekstrem versjon. For om du alt lever på grensa av kva du kan tole, er tørke eller flaum dødeleg. Matkammer blir tømde om regnet ikkje kjem, og hus kan falle saman om det regnar for mykje og for lenge. Det er verdas mest sårbare som blir mest såra av klimaendringane. Samtidig er vi alle ansvarlege for endringane som skjer, og derfor må alle bidra – rike og fattige, kristne og humanistar, bygd og by.

Kyrkjelydane i Stavanger bispedømme er med på Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon, der målet er å samle inn pengar til menneske som er ramma av mangel på vatn og tilgang på nødvendige ting som toalett og anna. Ein del av aksjonen er også å peike til vårt felles ansvar for verdas klima. Ei klimakrise er også ei vannkrise. Både fjorårets flaum på Sørlandet, orkanane i Karibia, tørka i Somalia og vassmangelen i Cape Town minner oss på dette.

Vi er alle viktige

I møte med klimautfordringar er det lett å tenke negativt om kva rolle ein sjølv spelar i det store biletet. Kva nyttar vel mitt vesle bidrag? Men det er feil. Vi er alle viktige. Og jo fleire som blir med på trenden, jo lengre kjem vi. For er vi mange nok, flytter vi fjellet litt etter litt. Og er vi er mange nok, vil politikarar, marknadskreftene og næringslivet kome etter og ta nødvendige grep for å stanse klimakrisa vi står oppi.

Ta varmt imot

Fasteaksjonens dreier seg om å samle inn penger til menneske i nød, folk på flukt. Globaliseringa gjer verda stadig mindre, og vi kan ikkje melde oss ut. Ei krise langt borte, er også vår krise, sjølv om vi ikkje er direkte ramma sjølv. Eg håper du vil ta varmt imot bøsseberarane, som skal gå med bøsser 18. og 20. mars til inntekt for dei som manglar reint vatn, ein do eller ein trygg stad å bu.

Publisert:

Les også

  1. Øst-Afrika trues av kaos

  2. Kampen mot fattigdom vil stå i 31 land

  3. Varmere klode kan bety mer regn og kaldere somre i Norge

Mest lest akkurat nå

  1. Den måtte komme. Frisk Asker tar ledelsen

  2. Hun har norges­rekord i å sende venner i karan­tene

  3. Haaland ikke med i Dortmund-troppen. Dette er grunnen.

  4. Tidligere var det flaut å bo der. Nå er stedet blitt en turistmagnet.

  5. Sean Connery er død

  6. Smitte på sykehjem i Stavanger

  1. Debatt
  2. Klimaendringer
  3. Kirkens Nødhjelp
  4. Globalisering
  5. Stavanger bispedømme