Det er lov å bruke hovudet i skuleplanlegginga

DEBATT: Vi har fritt skuleval i Rogaland. For at ordninga skal gi elevane reelle val, treng vi klok skuleplanlegging.

«Fritt skuleval fritek ikkje skuleleiinga frå å bruke hovudet når dei planlegg tilbodsstrukturen», skriv Sigrid Sandemose og Helena E. Hallgren.
  • Sigrid Sandemose
    UDF, Bergeland vgs.
  • Helena E. Hallgren
    NLL, Bergeland vgs.
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over fire år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Fylket, og Stavanger, har i dag skular med ulike særpreg, ulike programfag og studieretningar, ulike ideal og kulturar, og her skal det finnast eit godt tilbod til alle elevar.

I haust vedtok fylkestinget å bevare Bergeland vgs. avdeling TS, som var truga av nedlegging. Skulen har bygd opp eit fagmiljø med pedagogikk basert på dialog og tett kontakt mellom elevar og lærarar. Vi har ei mangfaldig elevgruppe, noko som speglar ein stor by som Stavanger. Sjølvsagt skal ein leggje til rette for vidare styrking av dette fagmiljøet, slik at vi kan halde fram å vere ein god skule kor både elevar og lærarar trivst.

Juksemakar pipelort

I staden gjer skuleadministrasjonen det som nærast har blitt tradisjon – å skjere ned på dei same skulane gong på gong, med «fritt skuleval» som einaste argument. Det er tredje gong på eitt år Bergeland går gjennom overtalsprosessar og uroa det fører med seg. Vi har òg fleire gonger før hatt overtalsprosessar på nyåret, for så å få tilbake klassar i sommarferien, slik at vi mistar dyktige lærarar og må leite etter nye på tampen av eit nytt skuleår. Å gi, ta og så gi tilbake ressursar sånn, er det ungar ville ha kalla juksemakar pipelort.

Gode lærarar veks ikkje på tre.

I Rogaland blir overtalsprosessar gjort på den enkelte skulen. Ordninga kan fungere når det er snakk om små endringar i tilbodsstruktur jamt fordelt over fleire skular, men når dei same få skulane stadig blir utsette for endringar, fører det til at tilsette ved desse skulane har dårlegare stillingsvern enn tilsette ved skular med stabilt tilbod. Det er alvorleg. Dei lærarane som ønskjer det, kan kanskje endre situasjonen ved å søke seg til andre yrke eller til skular kor ein sit tryggare i jobben. For fagmiljø, kultur og opparbeidd kompetanse på dei utsette skulane vil ein slik praksis vere øydeleggande, og det går ut over elevane sitt tilbod.

Blir ikkje gode av seg sjølve

I ein situasjon som no, når vi over få år veit vi har lågare elevtal, må fylket klare å kombinere nedskjering med konstruktiv planlegging for framtida. Kva med å ha færre elevar i kvar klasse denne perioden? Om ikkje lenge går elevtalet drastisk opp, og vi vil trenge fleire engasjerte lærarar enn nokon gong. Gode skular blir ikkje til av seg sjølve. Gode lærarar veks ikkje på tre.

Fritt skuleval fritek ikkje skuleleiinga frå å bruke hovudet når dei planlegg tilbodsstrukturen. Viss skulen skal kunne jamne ut sosiale skilnader i staden for å gjere dei større, trengst dei kloke planane straks. Ikkje la fritt skuleval bli ei passiv ordning som produserer gode og dårlege skular.

Publisert: