Ferja frå og til Nedstrand og Hebnes-Foldøy trengst
DEBATT: Legga ned ferja frå og til Nedstrand og Hebnes-Foldøy er det framlegg om. Ikkje eitt einaste argument er kome fram for å gjera dette.
- Anders M. AndersenNedstrand


Det har vore folkeaksjon for å halda oppe ferja. Kommunestyra i Tysvær og Suldal har sagt klart ifrå at dette må ikkje skje. Ferja fører 64 bilar kvar dag 365 dagar i året – tal er frå 2017.
Næringstrafikk
Fylkestinget er blitt meir distriktsvenleg, heitte det etter fylkestingsvalet sist. Det skal no få visa seg. Legga ned denne ferja er distriktsfiendsleg og næringsfiendsleg. Ein viktig del av trafikken med ferja er næringstrafikk av mange slag, mellom anna laksetransport.
Øyane i Finnøy kommune treng fleire ferjeavgangar, heiter det. Det kan dei lett få utan å legga ned noko som helst. Det er heilt enkelt å få fleire avgangar. Med direkteferjer i staden for lange rundturar kan avgangane aukast med 30 prosent med to ferjer som i dag, går det fram av eit utarbeidt ruteutkast. Dette ruteopplegget blei ikkje sendt ut og er sett fram av Tysvær kommune.
Denne omlegginga kostar ingen ting. Er det grunnen til at det ikkje er sendt ut? Er det gale at det ikkje kostar nye millionar?
Ikkje la seg lura
Nedlegging derimot, er kopla til investering og drift av ei tredje ferje som ikkje trengst med meir effektivt ruteopplegg. Få dette ruteopplegget på bordet før saka blir avgjort. Fylkestinget og samferdsleutvalet må ikkje la seg lura med på denne økonomisk uansvarlege, distriktsfiendslege, næringsfiendslege nedlegginga.