Kvifor samarbeider ikkje byane på Vestlandet meir?
DEBATT: Manglande samarbeid mellom byane på Vestlandet er eit tapt høve til å både utvikle og styrke regionen. Det ville både byane og resten av regionen tent på.
- Tommy AarethunDagleg leiar, Initiativ Vest

Eg har mange gonger tenkt på kvifor byane på Vestlandet ikkje samarbeida meir. På Vestlandet bur det knapt 1,4 millionar menneske. Internasjonalt er det ikkje mykje å snakke høgt om, men i norsk samanheng er det den einaste regionen som samla kan vera ei reell motkraft til hovudstadsområdet. Likevel går det knapt ei veke utan at det er ein eller annan kamp mellom byane på Vestlandet, der målet er å posisjonere seg. For nye satsingar, for potensielle statlege arbeidsplassar, eller andre ting som dukkar opp. Kven tener eigentleg mest på dette? Vestlandet, eller andre regionar?
Noko konkurranse vil det alltid vera. Det er både naturleg og sunt. Men kva om ein heller sette seg ned på bakrommet litt oftare for å sjå om ein var meir tent med å stå saman? Kva om ein litt oftare kunne reise i samla flokk til Oslo for å tale regionen si sak?
Mange felles utfordringar
Byane på Vestlandet har mange like utfordringar, og potensialet for utvikling framover er i stor grad knytt til dei same næringane. Likevel er det påfallande lite samarbeid mellom byane og dei større tettstadane i regionen. Når vi veit at ei lang rekke av byane og dei store tettstadane på Vestlandet i inneverande periode er styrt av det same partiet, Arbeidarpartiet, vert det heile enno meir påfallande. Mykje burde ha lege til rette for å få til denne typen politiske samarbeid i inneverande periode, og det bør vera ein klar ambisjon å gjera noko med dette i komande valperiode. Uansett kven som sit med makta i byane etter valet neste haust.
I inneverande valperiode er det skjedd ein del knytt til regionalt samarbeid på fylkeskommunalt nivå, der ein mellom anna har vedteke ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka i regi av Vestlandsrådet. Det er bra, men om ein kan få til liknande samarbeid mellom dei store byane og tettstadane på Vestlandet vil det truleg verta snakk om ei heilt anna kraft. Stavanger, Sandnes, Haugesund, Bergen, Førde og Ålesund bør ta ansvar å gå føre.
Eit mogleg grep kan vera å kopla byane tettare på arbeidet som er starta i regi av fylkeskommunane. Eit anna mogleg grep er at byane etablerer meir formaliserte strukturar for samarbeid, der politikarar på tvers av byane møtes. Denne typen dialog mellom byane skjer ofte på personnivå mellom ordførarar og toppbyråkratar, men det vil styrkja sjansane for å lukkast om ein hadde utvida kretsen. Det ville forankra samarbeidet og dialogen på tvers av politiske parti, og det ville stått seg betre over tid.
Ikkje eit supperåd
For at dette ikkje skal verta eit supperåd, vil det truleg vera klokt å knyte samarbeidet til konkrete saker, og formalisere samarbeidet gjennom eit bynettverk eller ein samarbeidsavtale. Det grøne skiftet og havnæringane kan vera ein naturleg plass å starte, og ein plass der byane på Vestlandet i fellesskap heilt naturleg kunne gått føre. Når vi no kjem stadig nærare kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023 er dette ei sak som bør få plass i debatten.
Kva meiner dei politiske partia om bysamarbeid? Er ein villig til å legge lok på ein del gammal «historisk bagasje» for å kunne styrke regionen? Er politikarane villig til å kjempe for prosjekt og utvikling i andre byar på Vestlandet, som heile regionen vil tene på? Kva vil dei gjere for å styrke samarbeidet mellom byane på Vestlandet? Spørsmåla er ganske mange, svara har til no dessverre vore ganske få. I valkampen bør dei som no går med ambisjonar om å styre byane på Vestlandet verta utfordra på dette.