Ja til profittfri velferd!

DEBATT: Barnehagar skal driva med pedagogikk, ikkje butikk. Sjukeheimar skal gje god omsorg, ikkje god omsetning. Barnevernet er barna si teneste, ikkje profitørar si forteneste.

«Når nokon vert rike på barnehagar, eldreomsorg eller barnevern, er det noko som er gale», skriv Eirik Faret Sakariassen.

Debattinnlegg

  • Eirik Faret Sakariassen
    Eirik Faret Sakariassen
    Stortingsrepresentant, SV
Publisert: Publisert:

Kvar einaste skattekrone som er betalt inn til velferd, skal gå til velferd – ikkje ei einaste krone skal gå til internasjonale oppkjøpsfond og formuar for dei få.

Når nokon vert rike på barnehagar, eldreomsorg eller barnevern, er det noko som er gale. Kommersielle selskap tener pengar enten ved å auka inntektene eller ved å kutta utgiftene. Inntektene i velferda er stort sett klargjorde på førehand, så då står ein igjen med å kutta utgiftene. Det er i hovudsak to måtar ein kan gjera det på. Det er enten ved å redusera kvaliteten eller ved å ha dårlegare løns- og pensjonsvilkår. Etter SV sitt syn er ingen av delane akseptabelt.

Det er løn til dei tilsette som i hovudsak utgjer utgiftene i velferda. Om ein skal tena pengar på velferd, er det her ein har noko å spara, enten gjennom lågare bemanning, dårlegare løn eller pensjon.

Det er ein stor vekst i talet på private selskap som vil ha tilgang til den offentlege pengesekken.

Går til rike velferdsprofitørar

Høgresida framstiller seg sjølv som veldig opptatt av kor mykje skatt ein betaler, og kva skattepengane til folk flest går til. Det er ein viktig debatt, og difor er det uforståeleg at ein er så lite bekymra for kvar skattepengane våre forsvinn når dei går til skatteparadis eller til rike velferdsprofitørar.

Det er ein stor vekst i talet på private selskap som vil ha tilgang til den offentlege pengesekken. Det kan ein jo forstå fordi det offentlege er ein sikker og stor betalar. Høgresida snakkar om mangfald, men i realiteten vert det meir monopol. Nokre få store selskap har overteke store delar av sektorane dei opererer i, og skvisar ut små private, ideelle aktørar. Der dei snakkar om meir mangfald, vert det i verkelegheita mindre mangfald.

Frå 2010 til 2018 har dei kommersielle barnehagane vakse med 34 pst. samtidig som dei ideelle har rast kraftig. Det står svart på kvitt at den høge lønsemda i kommersielle barnehagar kjem av unødvendig høge tilskot til private barnehagar frå kommunekassene. Samtidig kjempar kommunane med nebb og klør for å unngå velferdskutt i sjukeheimar og skular som følgje av ein hardt pressa kommuneøkonomi.

Granska pengestraumane

Løn og arbeidsforhold heng sjølvsagt saman med kvaliteten på tenestene. Tilsette som har det godt, har meir overskot til å ta godt vare på dei som treng hjelpa deira. Difor er det viktig å tettare granska pengestraumane innanfor kommersiell velferd og stilla spørsmålet: Kvar tek pengane vegen?

Les også

  1. Ufint av venstre­siden å påstå at de borger­lige støtter vel­ferds­profi­tører

  2. Venstresidens politikk kan ta knekken på de ideelle barnehagene

Publisert:
  1. Debatt
  2. Kommuneøkonomi
  3. Eldreomsorg
  4. Skatteparadis
  5. Barnevernet

Mest lest akkurat nå

  1. For to år siden danset Bodil sju timer i uken og besteg fjell i Peru. Nå klarer hun knapt en gåtur på ti minutter

  2. – Nye SUS skal nesten ikke ha parkeringsplasser for ansatte

  3. Inviterer til gjen­åpnings­feiring i Stavanger lørdag kveld

  4. Derfor må du fortsatt bruke munnbind på fly

  5. Flere land har snublet etter en gjenåpning. Derfor kan Norge lykkes bedre.

  6. Nå er huset og fasaden total­endret: – Folk kjører sakte forbi for å se