Styrkjer hjelpa til dei med psykiske vanskar

DEBATT: Stavanger vil styrkje satsinga på helsehjelp til innbyggjarar med psykiske vanskar. No er det sett av nødvendige midlar til deltaking i ordninga «Rask psykisk helsehjelp».

Publisert: Publisert:

– Det er å vone at vi får eit lågterskeltilbod på plass rimeleg raskt, men det er likevel avgjerande for psykisk sjuke at Helse Vest tar nødvendige grep for å sikre forsvarlege tenester, skriver Sølvi Ona Gjul. Foto: Illustrasjonsbilde/Scanpix

Debattinnlegg

Sølvi Ona Gjul
Stavanger Ap

Måndag 6. januar hadde Stavanger Aftenblad eit oppslag om lang ventetid for dei som har moderate psykiske vanskar.

Helse Vest har avtale med privatpraktiserande psykologar og psykiatrar, og ein skal kunne få time med ein av desse etter tilvising frå fastlegen. Men kapasiteten er altfor liten, og derfor må folk med moderate psykiske vanskar vente i opptil eitt år på å få time. Det går fram av oppslaget at dette vart tatt opp med statsråden for eit par år sidan, utan at det har ført til særleg betring.

Eigen plan for psykisk helsearbeid

Sjølv om hovudansvaret for slik helsehjelp altså ligg hos Helse Vest, ønskjer Stavanger kommune å gjere det vi kan for å betre situasjonen for dei som treng slik hjelp her i kommunen. Stavanger har lenge hatt ein eigen plan for psykisk helsearbeid, sist behandla i bystyret i juni 2019. Då vart det lagt til eit tiltak om deltaking i ordninga «Rask psykisk helsehjelp». Dette er eit lågterskeltilbod for innbyggjarar over 16 år med moderate psykiske vanskar. Ordninga er etablert av Helsedirektoratet, som tildeler midlar etter søknad. Per 2019 var 55 kommunar med.

Då ordninga vart etablert første gong, valde Stavanger å ikkje søkje fordi kommunen var i ferd med å etablere ein eigen psykologteneste som ein del av Helsehuset. Der har kommunen no to psykologstillingar som gir gruppetilbod til vaksne med lette og moderate vanskar. I fjor fekk kommunen øyremerka midlar til ei tredje psykologstilling, og i budsjettet for 2020 er det lagt inn midlar både til vidareføring av denne stillinga og ei stilling til. (I tillegg er det ei psykologstilling i Flyktningtenesta og ei i Ungdomshelsestasjonen.)

Helsedirektoratet krev finansiering av ein eigendel frå kommunen for å tilskott til deltaking i «Rask psykisk helsehjelp». Det er det no sett av midlar til dette i budsjettet, og Stavanger søkjer derfor om å delta i ordninga. Det kan innebere inntil 1,5 mill. kr det første året. Dersom søknaden blir innvilga, vil begge eller delar av dei nye psykologstillingane inngå i RPH-tilbodet, i tillegg til to stillingar som skal ha treårig høgskole- eller universitetsutdanning og nødvendig vidareutdanning. Søknadsfristen er 20. februar, og Helsedirektoratet opplyser på nettsidene sine at dei reknar med å ha behandla alle søknadene innan utgangen av april.

På plass rimeleg raskt

Det er å vone at vi får eit slikt lågterskeltilbod på plass rimeleg raskt, men det er likevel avgjerande for psykisk sjuke at Helse Vest tar nødvendige grep for å sikre forsvarlege tenester. Om nødvendig må statsråden på banen, og ordførar Kari Nessa Nordtun har denne veka sendt brev til statsråd Høie om dette.

Publisert: