Margrete Dysjaland i Frp kastar skam over kulturmeldinga til si eiga regjering

DEBATT: Kunst må ikkje behandlast som eit produkt, men som eit språk. Den kulturelle skulesekken (DKS) er eit sosialdemokratisk danningsprosjekt for kunst og kultur.

Publisert: Publisert:

I november 2019 la regjeringa fram si kulturmelding. Der står noko heilt anna enn det Frp sin gruppeleiar i fylkestinget i Rogaland, Margrethe Dysjaland, står for? Foto: NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Hans Martin Austestad
    Musikkpedagog og musiker

Gruppeleiar i Rogaland Frp Margrete Dysjaland ytra i Aftenbladet at ein ikkje kan basere DKS på at kunstnarar treng eit levebrød. Denne utsegna bryt med grunntanken for norsk utdanning. Danning. Og kastar samtidig skam over kulturmeldinga til si eiga regjering:

  • Norsk kulturliv har vore gjennom ei svært positiv utvikling dei siste tiåra, med auka profesjonalisering og stor kvalitetsheving. (Regjeringen.no)
  • Målet om å skape kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet må liggje til grunn for kulturpolitikken. (Regjeringen.no)

Såleis presenterer ikkje Dysjaland noka løysing. Det ho ytrar er berre sjølvsentrerte synspunkt med uforståelege kunnskapshol med forbløffande fåvit.

Danning med kunst og kultur

Poenget med profesjonell kunst og kultur i skulen er ikkje gode konsertar som skaper entusiasme i salen. Poenget er at elevane får danning. Danning inneber evne til å vere nyfiken overfor noko ein ikkje forstår. Evne til å finne innfallsvinklar som inkluderer ein sjølv i noko ein ikkje kjenner seg råka av. Utfordring og undring er dei viktigaste ingrediensane her.

Kva er då kunst og kultur? For kunst er ikkje ein billegast mogleg bil. Det er eit språk som elevane skal lære å forstå. Lik som norsk, tysk, matematikk, kjemi og kroppsøving. Erfaringas språk. Det tek form som musikk, dans, bilete, teater, poesi, video – konseptuelle erfaringsrom, eller som handfaste objekt. Kunsten er med på å utvide vår forståing av eigen eksistens i ei røynd i stadig utvikling. Kultur er praksisen me har med dette kunstnariske språket. Dette skal vaksne menneskje med danning vite – at dette ligg til grunn for profesjonalitetsbegrepet i kunst og kultur.

Kunstnarar utdannar, studentar studerer

Studentar skal ikkje sendast ut for å gje born danning. Dette er ein profesjon. Studentar i kunstfag har ulike framføringspraksisar på fagplanen – dette er ein del av utdanninga mot profesjon. Då må det også vera jobb etter utdanning. Samfunn må ha kontinuitet og forståing for kunst og kultur. Kunst handlar ikkje om underhaldning. Det handlar om eksistens.

Eg sitt fjetra att. Er utsegna til Dysjaland viktige?

Nei. Stemma til Dysjaland er viktig, men meiningane har ingenting det norske systemet å gjere. Me kan ikkje ha politikarar som talar slik. I eit sosialdemokrati må ein leggje til grunn at politikarar meistrar dei demokratiske prinsipp: Jamlike i avgjerder, effektivt deltakande, opplyst forståing, kontroll over dagsorden og inkludering. Dysjaland sviktar minst tre av desse punkta.

Tilbake til fakta

Fafo rapporterte om kunstnarøkonomien hausten 2019. Resultata syner at kunstnarar har hatt lågare realvekst i lønn sidan tusenårsskiftet.

At kunstprofesjon i DKS har blitt svekka, må Kulturdepartementet ta sin del av ansvaret for. Omgrep som «tariff» i DKS har blitt byta ut med «bransjestandard». Dette er ein historisk tabbe. Kulturtanken har bede departementet om meir makt og pengar. På ønskelista over mandat står ikkje kunstnarane nemnd. DKS-løftet har for lengst løfta på seg brokk. Det finnast ikkje nokon styrka DKS utan profesjonen kunstnar.

  • Hans Martin Austestad er utøvar og musikkpedagog ved Greveskogen vgs. i Tønsberg. Han har ein bachelor ved Norges musikkhøgskole og går på Norges første mastergrad i songwriting ved UiA. Han har 10 års erfaring som DKS-utøvar med over 1500 konsertar.
Les også

Margrete Dysjaland (Frp): – Vi kan ikke basere DKS på at kunstnere trenger et levebrød

Les også

Utøvere og kunstnerorganisasjoner misfornøyd med den «nye» Kulturelle Skolesekken

Les også

Ville forbedre elevtilbud, sitter igjen med mindre penger: – Ikke godt nok gjennomtenkt


Publisert:

Les også

  1. Vil fjerne Den kulturelle skolesekken – er lei av voksne menn som kler seg ut og spiller Beatles i gymsalen

  2. «Tips til Ungdommens fylkesting: Det er lurt å sjekka fakta og setja seg inn i ei sak før de fattar eit politisk vedtak»

  3. – Hvor representative er medlemmene av ungdommens fylkesting?

  4. – Kultur-app alene vil gi mindre kultur

Mest lest akkurat nå

  1. Oppfordrer til Halloween-feiring for de minste barna

  2. Sykefraværet gikk ned, men ikke nok. Nå får de en sjanse til

  3. Silje fikk topp­karakterer og er ingeniør. Nå jobber hun i kles­butikk

  4. Gutt påkjørt på Bryne

  5. Klar melding til egen minister: Grav ut Domkirken!

  6. To nye smittetilfeller i Sandnes onsdag