Gi støtte til innbyggarinitiativet i Forsand

DEBATT: Geografisk og kommunikasjonsmessig høyrer Forsand betre til Strand enn Sandnes.

Publisert:

«Me er alt sterkt knytt til Strand t.d. gjennom lag og organisasjonar, og me har mykje større muligheit til å påverka framtida vår i Strand enn i Sandnes», skriv fem tidlegare ordførarar i Forsand. Foto: Jon Ingemundsen

  • Innlegget er skrevet av tidlegare ordførarar i Forsand kommune: Per Fløysvik, Fridtjov Thorsen Norland, Torstein Haukalid, Ingeborg Løyning Søyland og Ole Tom Guse.

Me er svært godt nøgde med at innbyggarane i Forsand nå endeleg skal få seia si meining i ei folkerøysting 29. april. Me støttar innbyggarinitiativet som seier at saka er endra nå når nordsida av kommunen ikkje skal inn i Sandnes. For å få ro i saka, er det viktig at Forsand får gå samla inn i Strand.

Talar for Ryfylke

Me meiner at desse argumenta talar for at me samla skal bli verande i Ryfylke:

  • Geografisk og kommunikasjonsmessig høyrer me betre til Strand enn Sandnes.
  • Det er viktig og rett at dei økonomiske ressursane som er skapte i Ryfylke, blir nytta her til å utvikla regionen. Når me har stått samla i Ryfylke, har me fått til saker.
  • Me er alt sterkt knytt til Strand t.d. gjennom lag og organisasjonar, og me har mykje større muligheit til å påverka framtida vår i Strand enn i Sandnes. Lokalpolitikarane i Strand kjenner kommunen vår mykje betre. Me tilhøyrer eit felles bu- og arbeidsområde.
  • Kommunesamanslåing med ein stor kommune (Sandnes) betyr sentralisering! Må tenester flyttast frå Forsand, er det nærmare til Strand enn til Sandnes.
  • Det er skjørt med privat ferjedrift, og kommunane styrer ikkje dette. Avstanden til Sandnes blir kjempestor dersom sambandet blir lagt ned.
  • Slik det ser ut nå, finn Sandnes og Strand det naturleg å kjøpa tenester frå Strand når det gjeld legevakt og Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Utrykningsressursane som politi, lege og brann vil framleis måtte komma frå Strand fordi dei er nærmast i nødsituasjonar. Då er det vel betre at me tilhøyrer Strand?
  • Ja, det er brukt ein del pengar i prosessen med Sandnes, men i eit større perspektiv så er det ikkje mykje. Det blir i alle fall dyrare å reversera det seinare t.d. dersom ferja sluttar å gå!
  • Ein felles kommune i søre del av Ryfylke vil bli stor nok til å gje eit godt tenestetilbod, og vil vera det i svært mange år framover. Me er difor ikkje urolege for at me skal hamna inn i Stavanger kommune. Dersom det blir ein slik omfattande reform, kan like godt Sandnes bli slått saman med «storebror»!
  • Det er ikkje realistisk at grensejusteringa blir reversert (jfr. punkt 1 på røystesetelen).

Rettast mogleg resultat

Når det gjeld spørsmålet om me skal tilhøyra Sandnes eller Strand (pkt. 2), så er det nye moment i saka etter at nordsida skal til Strand. Me vil difor råda folk til å stemma nei eller blankt på pkt. 1, og kryssa av på Strand i pkt. 2.

Me vil oppmoda innbyggarane i Forsand om å stemma måndag 29. april slik at me får eit rettast mogleg resultat.

Publisert: