Opplæringa i sidemål skal starte tidlegare enn før

DEBATT: I dag møter elevane sidemål i opplæringa for seint, og vi har difor valt å gjere ein endring slik at opplæring i sidemål no skal starte tidlegare med dei nye læreplanane.

Publisert: Publisert:

«Vi vil understreke at vi har eit særskilt ansvar for å ta vare på dei som tilhøyrer språklege mindretal», skriv Jan Tore Sanner og Trine Skei Grande. Foto: Illustrasjonsbilde/Scanpix

Debattinnlegg

  • Jan Tore Sanner
    Kunnskaps- og integreringsminister
  • Trine Skei Grande
    Kultur- og likestillingsminister

Over 40 nye læreplanar for grunnskulen og vidaregåande skule er no fastsette, og frå neste haust vil elevane møte ein skule med eit fornya innhald. Dei nye læreplanane skal gi opplæringa eit verdiløft, legge til rette for at elevane skal lære meir og betre. Ei viktig endring i dei nye læreplanane, er at opplæring i sidemål startar tidlegare i skuleløpet.

Norsk er både eit språkfag og eit danningsfag. Dei siste dagane har nokre vore uroa for sidemålet si stilling i skulen. Dei fleste elevar har nynorsk som sidemål, men det er også mange som har nynorsk som hovudmålet sitt. Vi vil understreke at vi har eit særskilt ansvar for å ta vare på dei som tilhøyrer språklege mindretal.

Dei nye læreplanane gir ei tydeleg prioritering av sidemålsopplæringa og begge dei norske skriftspråka.
Les også

Gje oss ein læreplan i norsk som held mål

Jamnare progresjon

Dei nye læreplanane skal sikre at opplæringa i både hovudmål og sidemål blir betre. I dag møter elevane sidemål i opplæringa for seint, og vi har difor valt å gjere ein endring slik at opplæring i sidemål no skal starte tidlegare med dei nye læreplanane. Tidlegare har ikkje skriving på sidemål kome før etter 7. trinn. Det nye er at elevane skal utforske forskjellar og fellestrekk mellom skriving på hovudmål og sidemål allereie etter 4. trinn. Vi beheld sjølvsagt også kompetansemålet etter 2. trinn om at elvane skal lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk. Vi meiner dette vil styrkje elevane si trening i å skrive på sidemål og gi ein jamnare progresjon i opplæringa.

Når det gjeld karakterar, skal elevane ha tre standpunktkarakterar i norsk etter 10. trinn og vg3. Dei vil få karakterar i norsk munnleg, i skriftleg hovudmål, og i skriftleg sidemål – fyrst til jul og deretter endeleg karakter til sommaren. Dette er altså som før.

Det som er nytt, er at med dei nye læreplanane vil elevane få ein felles karakter i skriftleg hovudmål og skriftleg sidemål på 8. og 9. trinn, og på vg1 og vg2. I tillegg skal dei ha karakter i munnleg norsk. Dette betyr at den karakteren elevane får i norsk skriftleg på desse trinna, er for både hovudmål og sidemål.

Tydelege forventningar

Vi vil presisere at elevane sjølvsagt skal få undervegsvurdering i både skriftleg hovudmål og skriftleg sidemål også på 8. og 9. trinn og på vg1 og vg2, sjølv om dei der får ein samla karakter. Dette har vi tiltru til at lærarane gjer på ein god måte, men vi har også lagt inn tydelege forventningar i vurderingstekstane i læreplanane om at elevane skal få tilbakemelding om utvikling både i skriftleg hovudmål og sidemål. Elevane skal gjennom undervegsvurderinga både få informasjon om kva dei gjer bra, og rettleiing i korleis dei kan vidareutvikle seg.

Når det blir ein samla karakter i skriftleg hovudmål og sidemål i undervegsvurderinga, vil elevane også få meir tid til fagleg fordjuping og heilskapleg læring i norsk. Lærarane vil også kunne få betre tid til å gi støtte til elevane si utvikling gjennom å gi andre tilbakemeldingar enn gjennom karakterar.

I tillegg til ein god læreplan er det viktigaste vi kan gjere for norskfaget, både for hovudmåls- og sidemålsopplæringa å rekruttere kvalifiserte lærarar. Dette har høg prioritet hos regjeringa.

Meir heilskapleg opplæring

Dei nye læreplanane gir ei tydeleg prioritering av sidemålsopplæringa og begge dei norske skriftspråka. Språkpolitikken ligg fast. Vårt mål er ei meir heilskapleg opplæring for elevane. Når dei nye læreplanane blir tekne i bruk frå neste skuleår, skal vi ha ein skule som legg godt til rette for at elevane utviklar gode ferdigheiter i å kunne skrive på både bokmål og nynorsk.

Publisert:

Les også

  1. – Derfor har elevar sidemål

  2. – På tide å rydde opp, la sidemål bli valfritt

  3. – Kvar haust høyrer vi om skolar som ikkje har nynorskbøkene klare

  4. Heller ikke i år fikk nynorsk-elev Andrea Hebnes Tobekk pensumbøkene til skolestart

Mest lest akkurat nå

  1. Hun danket ut politikere i kampen om Stavanger-jobb

  2. – Har aldri opplevd

  3. Gigantfylke med 1,2 millioner innbyggere angriper ferjefri E39

  4. Månafossen: – Vi leter videre til vi finner henne

  5. Helsedirektoratet vurderer nye regler for sosiale sammenkomster

  6. – Du skal ikke ha kniv fra Ikea, sier far

  1. Debatt
  2. Skole og utdanning
  3. Skolepolitikk
  4. Nynorsk
  5. Bokmål