For Nord-Rogaland og Sunnhordland hadde eit positivt vedtak i Rogaland vore det beste

DEBATT: NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland registrerer at av dei tre fylkestinga på Vestlandet, så er det berre Rogaland som har sagt nei til ein ny Vestlandsregion. Vi beklagar vedtaket i Rogaland på det sterkaste.

«Vi registrerer at sentrale politikarar på Haugalandet vil vurdere å gå over til Hordaland etter at Rogaland sa nei. Dette er noko vi i utgangspunktet støtter, og vi meiner at dette kan bidra til at fylkestinget i Rogaland etter kvart kjem på betre tankar», skriv Asbjørn Eik-Nes.

Debattinnlegg

  • Asbjørn Eik-Nes
    Asbjørn Eik-Nes
    leiar, på vegne av avdelingstyret i NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

For Nord-Rogaland og Sunnhordland hadde eit positivt vedtak i Rogaland vore det beste. Vi har ein felles arbeidsmarknad, felles næringsliv og felles utfordringar i vår del av landsdelen. I dag går fylkesgrensa på kryss og tvers i vårt område. Eit felles Vestland hadde gjort dette langt enklare.

Les også

Rogaland sier nei til Vestlandsregionen

Les også

Tom Hetland: La folket få stemma om vestlandsregionen

For avdelingsstyret i NITO er det også viktig at vi hadde stått langt sterkare saman som eitt Vestland når vi skal markere oss mot det sentrale austlandsområdet. Vi har utfordringar i forhold til omstilling av arbeidslivet og auka tal på arbeidsledige. For å motverke dette er det betre å stå saman, fine gode løysningar og påverke sentralmakta for å få til endringar og meir pengar til Vestlandet. Det same gjeldt innanfor samferdsle-sektoren.

Les også

Det er et stort flertall av bokmålsbrukere i Vestlandsregionen

Vi registrerer også at sentrale politikarar på Haugalandet vil vurdere å gå over til Hordaland etter at Rogaland sa nei. Dette er noko vi i utgangspunktet støtter, og vi meiner at dette kan bidra til at fylkestinget i Rogaland etter kvart kjem på betre tankar. Det vi i avdelingsstyret i NITO håpar på er at vi i slutten av 2017 kan slå fast at Vestlandet endeleg er samla, frå Sogn og Fjordane i nord til Rogaland i sør.

Les også

  1. Stortinget kan tvinge Rogaland inn i ny Vestlandsregion

Publisert:
  1. Sogn og Fjordane
  2. Næringsliv
  3. Omstilling
  4. Sunnhordland
  5. Hordaland

Mest lest akkurat nå

  1. Åpner i morgen: Slik blir den nye brannstasjonen ved Motorveien

  2. Full klinsj igjen: Går hardt ut mot Viking-speakeren

  3. Wiig gartneri sier opp 15, stenger all vinterproduksjon av tomat og agurk

  4. Har kontroll på brannen, vil fort­sette etter­slukking i flere timer

  5. DIREKTE: Anbefaler maks ti gjester hjemme og innfører skjenkestopp ved midnatt

  6. Østenstad ferdig i Viking etter over 20 år i klubben