Kvifor forstår dei ikkje ein tøddel?

Aldri har vel avstanden mellom "kritikaren" som rolleutøving og ålmenta vore større enn i mediedekninga av Mods-konserten.

Publisert: Publisert:

"Mods fekk oss til å kjenna samanheng, inkludering og glede. Her ligg noko av løyndomen," skriv Dag Jørund Lønning. Foto: Jarle Aasland

Debattinnlegg

  • Dag Jørund Lønning
    Professor og rektor, Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

dag jørund lønning.jpg

Medan dei mediebaserte terningtrillarane ("anmeldarane") har brukt tida på å kritisera konsertarrangørar og dela ut einarar, toarar og til nød trearar til Mods sine songar, har mange tusen andre gått i månadsvis og gledd seg som små ungar til å få høyra live det band ein set aller, aller høgast.Ein etter ein har kulturkritikarane stått fram og stilt seg totalt uforståande til kvifor Mods sel 25 000 konsertbillettar – det meste for eit norsk band nokosinne (jf. Aftenbladet 8.6). Hovudkonklusjon synest å vera at musikken er dårleg og appellen uforståeleg. Det har og vore mykje fokus på at eit medlem av denne yrkesgruppa måtte gå frå Bergen til Stavanger for å ha uttalt seg om noko han openbert ikkje forstod særleg mykje av.

Her finst eigne kodar og språkformer som er fullt ut tilgjengelege berre for dei innvigde.

Overveldande tal

For Leif Tore Lindø, Aftenbladet sin eigen sjefterningtrillar, har heller ikkje det å ha vore til stades på konserten endra på den negative grunnholdninga til Mods. Ein middelmåtig trear (!) er alt han vil gje. Men når ein då les gjennom dei folkelege meldingane av konserten, blir det naturleg å spørja om Lindø sit på erfaringar som ingen andre har tilgjenge til? Meir enn 500 (!) har vore inne på Aftenbladet si nettside og delt sine eigne inntrykk og terningkast. Talet er overveldande og indikerer eit enormt engasjement – i seg sjølv ein del av fenomenet me prøver å forstå. Bortimot 90 prosent deler ut seksarar. "Magisk", "minne for livet", "den beste konsert nokosinne" er nemningar som går igjen. Ein meldar skriv at den som ikkje gjev seks har anten ikkje vore på konserten eller er "løyen i håve".

Eg var sjølv til stades og er personleg einig med denne siste kommentaren. Likevel, dette handlar nok meir om blikket enn om "håve". Lindø og hans mange mediebaserte medtrillarar ser tydelegvis etter noko anna enn resten av oss når dei vurderer Mods-plater og Mods-konsertar. Så kva er eigentleg kritikaren sitt prosjekt?

Mest mogleg negativt

Det svar som ligg klarast i dagen handlar om kultur med stor K. Innanfor "kulturfeltet" drøftast klart definerte stilartar og sjangrar, og fokus ligg på det komande, gjerne det heilt nye. Her finst eigne kodar og språkformer som er fullt ut tilgjengelege berre for dei innvigde. Det som oppnår full score innanfor denne spesielle "boksen" (seksar hos terningtrillarane) vil for utanforståande ofte framstå som både uforståeleg og til dels beint fram outrert. Det seier seg såleis sjølv at Mods fell igjennom.

Dernest lyt ein spørja om ikkje "kritikk" har blitt ein kultur (med liten k) i seg sjølv? Terningtrillarane blir heile tida fleire, og me finn dei på stadig nye felt. For ein utanforståande verkar arbeidet deira å bestå i å finna mest mogleg negativt hos den eller dei som prøver å skapa/uttrykkja noko. Der tradisjonell "konstruktiv kritikk" handla om å trekkja fram det positive med eit arbeid og/eller koma med innspel til korleis det mindre gode kan gjerast betre, er det andre ideal hos synest å rå i samtida: Ein byggjer seg sjølv opp innanfor subkulturen av kritikarar på å aktivt riva ned det som er utanfor. Dess fleire feil ein finn, dess "betre" er kritikken.

Eit glokalt fenomen

Resten av oss deler ikkje desse kodane! Me går ikkje vedvarande rundt og dissekerer våre omgivnader med det mål å kunna identifisera desse sine eventuelle negative bestanddelar. Faktisk er det menneskeleg å gjera det motsette, byggja opp og setja saman. Musikkritikarane forstår ikkje fenomenet Mods – altså den enorme folkelege appellen – fordi det er uforklarleg utifrå kritikaren sitt språk og sett av kodar. Kritikaren direkte misforstår fenomenet Mods når han eller ho prøver å tvangsinnskriva Abel & Co. i dette sekteriske kodesettet.

Når ein snakkar med folk på konserten eller les kva dei mange folkemeldarane skriv, kjem det tydeleg fram at denne musikken og dette bandet tyder noko for mange på plan som ein både må utanfor musikkritikken og det etablerte språket for å forstå. Ein konsert med Mods er ein kollektiv fest, ei regionalkulturell massemønstring der 25.000 heldige billettinnehavar dyrkar eit fellesskap; dette er våre låtar, dette er spesielt for oss. I ei verd der me på den eine sida blir meir og meir like, leitar me meir og meir aktivt etter det ulike, spesielle og unike for vår stad. Dette blir del av våre forteljingar om kven me er og vil vera. Mods er såleis eit glokalt fenomen – lokalt innhald i eit globalt språk som handlar om særpreg og identitet. Kva anna har me i denne regionen som eventuelt kunne høva betre som regionalt symbol? Olja er for kontroversiell, landbruket på Jæren appellerer til for få. Mods har me derimot felles!

Ein kulturell resonans

Dette trur eg er ein konklusjon det store fleirtalet av dei som var på konserten vil kunna stilla seg bak. Meir ufordrande er det å svara på kvifor akkurat Mods? Kvifor ikkje Stavangerensemblet, Asfalt eller Ingenting? Eg trur i alle fall at noko av svaret handlar om ein form for kulturell resonans i det "vestlandske". Kultur handlar om attkjenning. Mods gjer noko med oss vestlendingar. Me kjenner att ei form for underliggande kulturell rytme. Ein taus kunnskap. Det er noko med dei enkle og direkte tekstane som er knytt til våre måtar å kommunisera på her ute i havgapet. Det er rett på, og ikkje rundt, grauten. Det er episodar og historier me kjenner oss att i – anten dette no handlar om Alexander som svikta ein heil region, om "alt det løye me fant på" eller å måtta "spørr na sjøl". Lydbiletet har noko av det same direkte og floskelfrie ved seg. Nostalgi til det å veksa opp på 80-talet? Ja, men ikkje berre det. Eg trur borna mine som høyrer på Mods no, kjenner på noko av den same rytmen, ei form for underleg appell knytt til både musikk, tekst og tonebilete.

Mods var god medisin

Ei personleg oppleving kan kanskje vera med og illustrera dette til dels useielege. Som så mange andre har også eg hatt periodar i livet der eg har mistrivst. For få år tilbake hadde eg ein slik periode. Eg mistrivdest med jobben, eg mistrivdest i regionen der eg budde. Kort sagt, eg mistrivdest med det meste rundt meg. Så kva medisin tok eg? Jo, eg spelte Mods! Høgt og lenge. Mods tok meg tilbake til ei attkjenneleg verd, til eit kulturelt landskap prega av historier og episodar eg kjenner att og føler meg heime i.

Løyndomen

Me som var på Jåttå denne uforgløymeleg laurdagskvelden i juni 2012, delte ein spektakulær og fantastisk konsert, me praktiserte og styrka vår regionale identitet i fellesskap, men me delte også noko meir, noko som kjem til uttrykk gjennom alle "magisk"-kommentarane frå folkemeldarane av konserten; eg trur me delte ei kjensle av at "ting fall på plass og var som dei skulle vera". Mods fekk oss til å kjenna samanheng, inkludering og glede. Her ligg noko av løyndomen.

Lindø avsluttar si melding av Mods-konserten i Aftenbladet (11.6) på følgjande måte: "Folkesjela og fornuften er to kranglefanter som fint kan leve side om side. Vi blir aldri enige, og det er helt greit." Implisitt i dette ligg det at han (kritikaren) representerer "fornuften". Det trur eg knappast er rett. Og uansett er det ikkje der du må søkja for å skjøna fenomenet Mods.

Les Lindø sin kommentar:

Publisert:

Les også

  1. Det meste av Mods

  1. Debatt