Elevane i Sola blir gode i bokmål av nynorsk

MÅLFORMER: Sola er den kommunen i Rogaland der nynorsk skulemål har gått sterkast tilbake. Nå må kommunen retta opp dette.

Foreldre har rett til å velja målform for barna sine. Det er derfor viktig å minna Sola kommune om at foreldra har denne retten, ikkje motarbeid han. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Debattinnlegg

  • Audun Vevatne
    Sola
Publisert: Publisert:

Då er det viktig at Sola kommune tek ansvar for dei som er i mindretal.

Det er mange grunnar til at nynorsk som skulespråk har gått kraftig ned i Sola siste tiåra. Økonomi, som at parallellklassar er dyrt, har vore eit vikarierande argument i landets rikaste kommune.

Foreldre har rett til å velja målform for barna sine. Det er derfor viktig å minna Sola kommune om at foreldra har denne retten, ikkje motarbeid han. Då Sola ligg i eit område med sterkt bokmålspress, har Sola kommune eit særleg ansvar. Foreldra må få opplysningar om denne retten og då bør det haldast opplysningsmøte ved kvar skule.

Blir gode i språk

Om alle elevane i Sola valde nynorsk, kva ville det føra til? Jo:
1. Alle elevane ville kunna forstå, lesa og skriva nynorsk som dei har lært på skulen.
2. Alle elevane ville kunna forstå, lesa og skriva bokmål som dei har dei lært utanfor skulen. Dei ville òg lært å skriva eit meir forståeleg bokmål, jamfør det tunge byråkratiske bokmålet. Altså ein vinn-vinn situasjon.

Nynorsken står Sola nær. Sola ville ikkje slå seg saman med nabobyane. Solabuen ville vera ei bygd som før. Det har vore ein sterk folkeauke i bygda grunna vekst i næringslivet I Sola og nabokommunane. Samstundes er det ei viktig jordbruksbygd. Sola kommune er by og land, og det fører til spenningar på mange måtar. Den sterke innflyttinga pregar språk og kultur.

Sola- dialekten har endra seg dei seinare tiåra, men mykje mindre enn ein skulle venta. Den nynorske dialekten er framleis tydeleg. Orda som er knytte til hjartespråket er mest einerådane. Det vanlege og naturlege er å seia «eg» sjølv om ein er «hjernevaska» med «jei» frå første skuledag. Går ein djupare inn i dialekten, er ordval og setningar mest lik nynorsk.

Språk er identitet

Dersom elevar i solaskulen skal skriv nynorsk, kan dei skriva om lag som dei snakkar. Det er ein stor gode at folk kan snakka dialekten sin, vera seg sjølv og ikkje bli hemma av påførte haldningar om fint og stygt. Dialekten vi veks opp med ligg djupt i personlegdomen vår. Vi kan gøyma han inni oss, men vert vi sinte kjem dialekten fram. Før kunne dette føra til at ein blei avslørt
og ein opplevde skam. Vi kom altså frå ein stad eller sosial klasse som hadde såkalla stygg eller mindreverdig dialekt.

Skal vi ta godt vare på Sola-dialekten, vil nynorsk i skulen vera ein særs god måte å gjera det på. Dei nasjonale måla for skriftspråka i Norge skal styrkast. Det gjeld særleg nynorsk som er eit mindretalsspråk sjølv om dialektane i landsdelane våre ligg nærast nynorsk.

Dersom dei nasjonale måla skal nåst, må lokalsamfunna ta ansvar, elles vert dei nasjonale måla bare papirvedtak. Sola ligg i eit område med sterk bokmålsdominans. Dominansen har vore så sterk at mange har late seg overkøya og gitt opp.

Då bokmålet begynte trengja seg inn vart det brukt mange argument som ikkje er aktuelle i dag. Jenter måtte snakka pent. Å snakk dialekt var stygt og udanna. Dei som skulle opp og fram måtte læra seg bokmål, sjølv om lærarbarn ofte begynte i nynorsk-klassar. Vert det fleirtal for noko følgjer fleire med på lasset, og etter kvart vert mindretalet trengt ut.

Nynorsken høyrer til

Det har utvikla seg ein kultur og eit press om at nynorsk ikkje er aktuelt som opplæringsspråk. Dei som har ønskt nynorsk er blitt avvist om at dette ikkje er aktuelt, sjølv om det er ein rett ein har etter norsk lov. Mange solabuar ønskjer nynorsk for å ta vare på den lokale dialekten og språket. Andre kjem frå nynorskområde sjølv og ønskjer nynorsk til barna sine, men dei opplever nok sterkt press og lite forståing for nynorsk.

Nynorsk har vore språket til solabuen, og dei er på ingen måte inntrengjarar i
den lokale språkkulturen i Sola. Nokre foreldre ønskjer at barna lærer nynorsk fordi det ein del av den norske kulturen eller ønskjer støtta mindretalet. Dei som synest bokmål er mest naturleg, har og det valet.

Skal vi ta godt vare på Sola-dialekten, vil nynorsk i skulen vera ein særs god måte å gjera det på.
Publisert:
  1. Nynorsk
  2. Språk
  3. Bokmål
  4. Sola kommune

Mest lest akkurat nå

  1. 32 nye personer smittet på Nord-Jæren

  2. Berit Elise Pedersen var på ferie i Italia og lurte på hva hun skulle bruke livet til. Så reiste hun hjem, sa opp jobben og startet egen bedrift

  3. Stor oversikt: Her ble folk i Stavanger og Sandnes korona­smittet i april

  4. – Det er godt å vite at klubben er i trygge hender

  5. 101 smittetilfeller knyttes til russefeiringen

  6. Boblende start på ute­livet: – Helt fan­tastisk!