Eg har eit kjønn, men eg har aldri følt meg som eit kjønn

DEBATT: Eg er biletkunstnar og skribent. Eg har asperger. Denne teksten handlar om ord. Ord somme er redde for å smake på. Redde for å sleppe ut av munnen.

Samtida er veldig opptekne av kategoriar, dette minner om Karl von Linnè på speed i definisjonskartoteket, skriv biletkunstnar og skribent Brynhild Grødeland Winther.

Debattinnlegg

  • Brynhild Grødeland Winther
    Billedkunstnar og skribent.
Publisert: Publisert:

Ord om kjønn, og ting som kanskje blir definert som sjukt eller feil, på bakgrunn av ulike forståingar av språket.

Somme ser ord som veldig tronge boksar, og alt som ikkje får plass, må fiksast. Kanskje til og med skjærast i, opererast for å pressast inn i ei «riktig» form.
Men ord har ikkje ei direkte samanheng med verkelegheita.

Ein kategori for alt

Å ha asperger betyr at eg sansar verda på ein anna måte. Eg manglar filteret mange har, som gjer at dei ikkje får vondt av lydane frå elbilar, lysrøyr, elsyklar ventilasjonsanlegg og liknande. Fram til 2018 trudde eg at «den indre stemme» var ei metafor. Då eg fekk høyre at det er vanleg å tenkje med ord, blei eg liggjande vaken heile natta og prøve å rope inni tankane. Men det var heilt stille. Kanskje er denne kroniske stilla årsaka til at lydar gjer vondt. Lydar ein kanskje ikkje høyrer, om ein har ein «indre stemme». Kanskje forstår ein òg verda på ein anna måte, om ein har ord inni tankane, for tankane formar kanskje logikken og forståingshorisonten?

Å ha asperger betyr òg at eg tilhøyrer gruppa som toppar statistikkane for kjønnsskifteoperasjonar internasjonalt.

Samtida er veldig opptekne av kategoriar, dette minner om Karl von Linnè på speed i definisjonskartoteket. Linnè sine kategoriar var definert på grunnlag av biologien. Dagens kategoriar blir fastslått med utgangspunkt i emosjonar. Det er vanskeleg å forstå korleis ein skal snakke om det å vere født i feil kropp, viss ikkje kjønn skal vere samanhengande med biologi. For om kroppen ikkje er ein del av kjønnet, kan ein vel ikkje vere født i feil kropp?

Eg forstår ikkje kva det vil sei å føle seg som eit kjønn. Eg har kalla nokon «jævla pikk», men det betyr ikkje at eg trur vedkomande identifiserer seg som ein pikk. Eg veit ikkje kva det vil sei å «føle seg som ei kvinne». Eg er ei av dei som gjekk i saggebukser og store gensere i tenåra for å skjule kroppen, for eg ville ikkje ha pupper.

Eg er ikkje eit kjønn

Men eg har aldri følt meg som eit kjønn. Kjønn er noko ein har, ikkje noko ein er. Oss aspergere oppfører oss kanskje ikkje slik det er forventa på bakgrunn av rigide kjønnsstereotypiar. Kanskje handlar det å «vere født i feil kropp», mest om det å ikkje passe inn i ein språkleg definisjon av kjønn, på grunnlag av stereotypiar frå 1940-talet.

Eg er glad for at eg var barn på 80-talet. Barna mine har lært på skulen at ein kanskje har ein sjukdom og er født i feil kropp viss ein til dømes er gut og likar «jenteting», som til dømes kjolar og dokker. I mange land langt verre enn her, blir det forventa ulike ting basert på kva kjønn ein har, og ein blir behandla ulikt på grunnlag av kjønn. Eg forstår ikkje kva det vil sei å «bli behandla som ei kvinne», for eg klarar ikkje forstå kva måte ein skal behandle folk ulikt på, på bakgrunn av kjønn. Men eg veit at mange stadar i verda er det å bli behandla som ei kvinne, synonymt med å bli behandla som ein idiot.

Kanskje er hovudproblemet at nevrotypikarar trur at ord og kategoriar har ein faktisk eksistens i verkelegheita? Verkelegheita, Babe … det var alt som blei borte mellom linjene. Å gå over streken etter vatn.

Å gjere ord farlege

Det finst menneske som jobbar aktivt for å gjere ord farlege. Som vil redusere ytringsfridom ved å definere ulike meiningar og ulike tankemåtar som «hat». Eg er villig til å gå langt over streken etter vatn for å få elva av ord til å renne. Ei elv av ord, som eg håpar kan bidra til å legitimere det å utveksle ulike erfaringar, oppfatningar og meiningar, utan at det blir definert som hat. Å diskutere, lytte og argumentere, fører til at ein både forstår betre korleis andre tenkjer, og dessutan at ein får betre forståing for det ein sjølv meiner.

Stilla for faen. Stilla har mange lommar kor ting kan lukkast inne. Ein kan aldri fullstendig forstå verken menneske eller verda gjennom ord. Ord berre forenklar ting, slik at det kan stå fram som forståeleg. Verkelegheita er det som renn mellom fingrane i det ein prøver å klamre seg til ordboka. Å prøve å kontrollere ord, og forsøka på å kontrollere innhaldet i ord som til dømes kjønn, er kanskje som å prøve å kontrollere vatnet. Men verkelegheita vil alltid renne fritt mellom definisjonane, og sjølv vatn som blir tvunge inn i trykksette røyrsystem, vil ein dag sleppe ut.

Eg forstår ikkje kva det vil sei å «bli behandla som ei kvinne», for eg klarar ikkje forstå kva måte ein skal behandle folk ulikt på, på bakgrunn av kjønn.
Publisert:
  1. Kjønn
  2. Biologi
  3. Kropp
  4. Debatt
  5. Ulikhet

Mest lest akkurat nå

  1. De har solgt alt de eier, leid ut leiligheten og flyttet inn i bilen: – Pandemien dyttet oss ut

  2. Matprisene øker igjen: – Budsjettet ryker hele tiden

  3. – Det var litt vanskelig å få tak i meg

  4. Satte fyr på Viking-fansen etter uttalelse: – Tror de fleste vet at det stemmer

  5. Texas' øverste domstol opphever abortvedtak

  6. Skremmende hvordan selvbilde og ære har fortrengt sannhet og full opplysning