Korleis står det til med ryktet ditt?

KRONIKK: Vi styrer sjølve kva vi gjer og seier, – men tolkingane av oss er det andre som bestemmer over.

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad kan den siste veka ha kjent på at ein del – òg mange han aldri har møtt – har endra oppfatning av han. Slik er det grunnleggande sett for oss alle.

Debattinnlegg

  • Narve Dolve
    Narve Dolve
    Førsteamanuensis, UiS
Publisert: Publisert:

Eit av store humanistiske prosjekta opp gjennom hundreåra handlar om å spreie kunnskap som kan inspirere folk til å reflektere over seg sjølve, – om kven dei er og kva dei seier og gjer. Å tenke over sitt eige omdømme kan vere ein fin måte å bli kjent med seg sjølv på. Slike resonnement kan opne opp for personleg vekst og fornying.

Eit felles minnehus

Omdømme blir sidestilt med ord som omtale, renommé, integritet eller rykte. I denne teksten blir det personlege omdømme brukt om sosiale vurderingar som går frå munn til munn gjennom forteljingar, rykte og sladder.

Omdømme kjem frå norrønt umdæmi, som viser til det å felle dommar og avgjersler over andre personar sine handlingar. Omdømme dreier seg om korleis ein person blir oppfatta av andre.

Dei gamle grekarane ville sagt at omdømme er det same som kollektiv memòria, altså ei form for felles hugs som aktivt lever mellom oss som språkbrukarar og sosiale vesen. Her blir omdømme forstått som eit mentalt minnehus sett saman av historier og små kommentarar som fangar opp eit individ sin tilstand, gjeremål og livsførsel, enten ein er privatperson eller politikar. Kollektiv memòria har vore med menneska sidan dei fann ut at tillit er grunnsteinen for velfungerande arbeidsplassar, venskap og samfunn.

Vi har alle innebygd ein automatisk, stille og vurderande haldning i møte med andre. Vi vurderer om folk rundt oss er pålitelege. Denne evna har menneska hatt med seg sidan dei fann ut at dei oppnådde meir ved å samle seg i grupper, og ikkje arbeide ein og ein. Då gjaldt det å finne ut kven ein kunne stole på. Når vi byrjar å dele våre private og lydlause vurderingar, skiftar dei personlege truverd-vurderingane våre over til å bli omdømme, altså relasjonell etos.

Og det er ikkje du sjølv som eig ditt eige ry. Det er dei sosiale omgjevnadane som rår over den omtalen som spaserer framføre deg og gjev bod om kven du er og kva du står for.

Orda, språket

Renomméet til eit individ kan du ikkje sjå eller ta på. Dermed er all omdømme-konstruksjon avhengig av ei språkleg utbrodering. Filosofen Hans Skjervheim skriv så treffande i teksten «Deltakar og tilskodar», i første utgåve frå 1957, at det er språket som gjer at vi har ei sams verd. Forstår vi ikkje orda til kvarandre, lever vi kvar for oss.

Dette merkar vi alle godt i sosiale samanhengar. Å dele munnlege formuleringar kan bidra til å skape ei fellesskapskjensle, og er ein naturleg del av dagleglivet sin menneskelege kommunikasjon. Gjennom sosiale møteplassar kan rykte og sladder samle personar gjennom små intime talerørsler der siste nytt blir delt ut. Det kollektive minnehuset trivast på stadar der nyfikne medmenneske har noko til felles. Slik kan små merknadar og replikkar om andre borgarar sine gjerningar fungere som byggjesteinar og fylle ut omdømmet til dei det blir snakka om.

Det personlege omdømmet er eit kollektivt minnehus med mange rom og etasjar. Personar kan ha ulike omdømme, avhengig av kven vi snakkar med, for folk opererer med ulike verdipreferansar for framferd. Avgjerslene kan like gjerne vere basert på emosjonelt grunnlag som på rasjonelle premissar.

Likevel kan sosiale vurderingar om andre vere nyttige. Vi får betre oversikt over i dei relasjonelle krinsane me vankar i. Vi får nokon å samanlikne oss med, og vi kan førebu og innrette oss etter kven vi har samvær med. Omdømme til folk yter hjelp til å skape, regulere og eventuelt innfri forventningar.

Vi blir òg opplyste om kva framferd som svarar seg, og om kva type menneskelege handlingar som får negative konsekvensar. Dessutan kan synspunkt om andre nokon gonger vere til glede og underhaldning, eller utløyse lengsel etter nokon vi saknar.

Andre gonger får vi ein grunn til å fordømme handlingar vi høyrer om. Såleis kan det individuelle omdømme tene som åtvaringar, slik at vi tek ekstra omsyn eller opptrer varsamt. Vi har alle eit omfattande minnehus om andre medborgarar, enten det er på kollegaer på arbeid, personar i slekt eller familie, nabolag eller vennskapsrelasjonar.

Men å vere deltakar i sosialt liv kan òg ha ein kostnad. Somme gonger kan vi bli tildelt informasjon vi ikkje har spurt om, men som kan skape bekymring og uvisse. Det er sjeldan vi får høyre at nokon synest det kan vere ei last å vite for mykje om andre folk sine liv og aktivitetar.

Grunngjeving, kritisk tenking

Filosofen John Searle peikar i fleire av bøkene sine på at det med meste av kvardagsspråket består av påstandar. Som språkbrukarar er vi ikkje nødvendigvis like merksame på å grunngje våre eigne påstandar, eller spørje etter grunngjevingar for andre sine argument. Manglar vi evna til kritisk tenking, kan vi altfor lett bli påverka av andre sine meiningar. Dermed kan vi fatte dommar over folk sin integritet på feil grunnlag.

Det er altså ikkje sikkert at me skal tru på alt me høyrer om andre folk. Ei sosial vurdering som kjem oss for øyra, kan vere utsett for ulike tolkingar, mistydingar og overdrivingar i mange omgangar. Informasjon blir lagt til, og noko blir trekt frå. Her skulle det ikkje forundre meg om du sjølv har møtt personar som har gjort seg opp ei meining om deg utan at dei har møtt deg tidlegare. Merkar du noko slikt, veit du at renomméet ditt har falda seg ut på førehand og har varsla om kven som kjem.

Som relasjonelle vesen traskar vi alle i eit ulendt omdømme-landskap som blir realisert gjennom munnlege ytringar. Kanskje kan denne teksten bidra til at du finn det interessant å reflektere over korleis du sjølv ønskjer å plassere deg i den sosiale verda. Det einaste vi har kontroll over, er våre eigne handlingar som støttar opp om det å vere truverdig og påliteleg, – men tolkingane av det vi seier og gjer, er det andre som bestemmer over.

Publisert:
  1. Filosofi
  2. Kommunikasjon
  3. Relasjoner
  4. Språk

Mest lest akkurat nå

  1. Mann og kvinne tatt i stjålet bil med tyvegods

  2. Nå stenger de Gamlingen igjen: – Veldig kjedelig

  3. Politiet tror motor­sykkelen kjørte i bilen bak­fra

  4. Stavanger er beste storby i TV-aksjonen

  5. Slik fikk Lars Berland helikopteret sitt hjem fra Guate­mala til Strandgata

  6. Lagde sine første donuts hjemme i karantene. Det har blitt million­butikk