Barn og unges aukande fedme, kvifor får vi det ikkje til?

KRONIKK: Behandlingsmetodane vi har for barn og unge med overvekt fungerer ikkje. Livsstilsendringstiltak som i hovudsak går ut på hjelp til å innføre sunnare mat og meir aktivitet, visar seg å gi minimal effekt. Kva er det som går galt?

Publisert: Publisert:

Mange unge knyter erfaringane med å bli tekne ut av klassen, bli plassert på vekta og gitt oppfølging av ernæringsfysiolog til at dei vart dregne rett inn i ei spiseforstyrring, og til at dei i dag er sterkt overvektige. Scanpix

Debattinnlegg

Cathrine Nitter
Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS)

Jøran Hjelmesæth, leiar for senteret for sjukeleg overvekt ved sjukehuset i Vestfold og professor i medisin ved Universitetet i Oslo, uttalte nyleg i ein debatt om tema at vi må tore å måle meir.

– Vi må tore å vege, vi må tore å telje kaloriar og vi må tore å måle. Om vi ikkje tør det, så kjem vi ikkje eitt skritt vidare, meinte Hjelmesæth. Eg trur Hjelmesæth er på villspor. Å gjere meir av det som ikkje fungerer, er ikkje rette vegen å gå. Vi må tore å tenkje annleis. Vi må tore å sjå bak symptoma, vi må tore å spørje dei det gjeld og vi må tore å sjå den enkelte. Før det kjem vi ikkje eitt skritt vidare.

Også dei som ikkje burde bekymra seg over eiga vekt, er opptekne av det.

Meir opptekne av vekt, likevel tyngre

Debatten kring overvekt og fedme er sår og vanskeleg. For ja, stadig fleire nordmenn får overvektsproblematikk. Og ja, sjukeleg overvekt og fedme er vanskeleg og behandla. Av denne enkle grunn må vi førebyggje at overvekt og fedme i det heile tatt blir eit problem, kor barn og unge er viktige målgrupper. Klarer vi å halda vekta til barn og unge innanfor «normalområdet», vil vi førebyggje at fleire slit med overvekt og fedme i vaksen alder. Logisk og fornuftig. Men korleis gjer vi dette?

Jo da, fedme er eit resultat av positiv energibalanse osv. Vi har høyrt alt dette før. Spis fleire gulrøter og beveg deg meir, så går det over. Problemet er at det ikkje fungerer. Vekta går oppover, trass at det er få ting vi i dag er meir opptekne av enn nettopp vekt. Også dei som ikkje burde bekymra seg over eiga vekt, er opptekne av det.

Forståinga av koplinga mellom fysisk og psykisk helse har kome langt på mange område, men ser ut til å forsvinne i fedmedebatten.

Kva med den psykiske helsa?

«Holisme», «salutogenese» og «positiv psykologi» var nokre av omgrepa eg vart introdusert for som ny folkehelsestudent i 2010. Folkehelsearbeidet skulle foreine ulike perspektiv innan helse, som eit supplement til den patogene, mekaniske, dualistiske tilnærminga som allereie regjerte i helsesektoren. Vi skulle jobbe tverrfagleg – forene patogenesen med salutogenesen, holismen med dualismen. Vi skulle «sjå heile mennesket» osv. Men kor er desse perspektiva i fedmedebatten og folkehelsetiltaka retta mot overvekt og fedme? Vi har oppretta frisklivssentralar. Poliklinikk for overvekt. Diverse rehabiliteringssenter. Alle med utgangspunkt i livsstilsendring, med fokus på vektreduksjon. Men kva med den psykiske helsa?

Forståinga av koplinga mellom fysisk og psykisk helse har kome langt på mange område, men ser ut til å forsvinne i fedmedebatten. Eg kan illustrere poenget mitt med eit enkelt eksempel. Slit du med vondt i hovudet, så kan det hjelpe å ta ein Paracet. Etter ein halv time vil sannsynlegvis hovudverket lette. Men, er hovudverken tilbakevendande, kan det ha forklaringar som kan trenge andre løysingar. Er problematikken forårsaka av stress eller er du nedstemt, vert Paracet symptomlettebehandling. I dette tilfellet bør ein også jobba med den underliggjande faktoren til kvifor hovudverken i utgangspunktet vart eit problem. Korleis kan ein stresse mindre? Er det faktorar i livet ein kan gjere noko med?

Barn som veks opp i eit miljø kor det er mykje fokus på kropp og utsjånad, står i faresona.

Symptombehandling

«Ete mindre og trene meir» vert ofte ikkje meir enn symptomlettebehandling. Det er ei kortvarig løysing som får kortvarige resultat. Det er kompliserte prosesser bak våre matval, og strukturar rundt oss som påverkar oss. Det er ikkje berre å angripe enkeltindivid og finne åtferdsmessige løysingar. For mange er matvarevala våre er resultat av vår sosiale kontekst så vel som psykisk helse. For nokon blir mat ein måte å kontrollere vanskelege tankar og kjensler på.

Førsteemanuensis ved Høgskolen i Oslo og Akershus Gro Rugseth har sjølv forska på menneske med overvekt og fedme og deira opplevingar knytt til dette. Ho fortel blant anna at det verste mange i studien opplevde på skulen var å verte peika på som tjukk: Å bli tatt ut av klassen, bli vegne og gitt oppfølging av ernæringsfysiolog. Vidare fortel ho at mange knyter desse erfaringane til ein spiral som drog dei rett inn i ei spiseforstyrring, og at dei i dag er sterkt overvektige. Dette underbyggjer tidlegare studiar som peikar på at barn som veks opp i eit miljø kor det er mykje fokus på kropp og utsjånad, står i faresona – både til å utvikle overvektsproblematikk og spiseforstyrringar.

Les også

Ingeborg Senneset: «Jeg fryktet at jeg var pasienten det ikke var noe håp for»

Objektivisering av maten

Debatten sentrerer seg framleis i stor grad rundt fedme som «latskap» og «dårlege levevanar», og at løysinga finns i vektovervaking, kaloriteljing, kosthald og fysisk aktivitet. Eg har ikkje eit godt svar på korleis vi skal finne ei løysing på den aukande vekta i befolkninga. Men eg trur vi er meir tent med å inkludere psykisk helseperspektivet i større grad. Det vi ikkje er tente med er å fokusere på detaljar rundt mat, kropp og vekt – dette kan stimulere til rigide og/eller fryktstyrte val. Å telje kaloriar blir for mange å forsterke eit allereie eksisterande negativt fokus. Det kan føre til ei objektivisering av maten som distanserer oss frå sansane våre.

Les også

124 millioner barn er ekstremt overvektige

Les også

Flertallet av voksne nordmenn veier for mye

Les også

Smågodt: «Det er størrelsen det kommer an på!»

Les også

– «Kostrådsfornektere»: Problematisk at enkeltstående forskere tar på seg rollen som kostholdsrådgivere

Publisert: