Kva har den seksuelle fridomen gjort med oss?

KRONIKK: Vi står framfor 8. mars, kvinnedagen, men korleis ser situasjonen for kvinner ut i dag?

«Gløymer vi å vere den vaksne stemma som vågar å snakke om seksualmoral?» spør Anne Kristin Bruns (KrF).
  • Anne Kristin Bruns
    Anne Kristin Bruns
    Leiar, Rogaland KrF kvinner
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Som kvinne er eg opprørt og sint, kjenner på ei kjensle av resignasjon og uro. Rapporten frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKTVS) viser at kvar femte kvinne har blitt valdteken, og berre ei av ti vel å melde det til politiet. Få oppsøkjer helsehjelp. Kor langt har vi eigentleg kome i 2023?

Ikkje berre Forsvaret og russen

Det blir sagt at vi lever i eit av dei mest likestilte landa, men når eg les om opplevingar av valdtekt, seksuell trakassering og overgrep, ser eg at vi har ein lang veg å gå. Vi har ikkje likestilling før kvinner og menn er likestilt med tanke på korleis dei erfarer å både bli sett på og behandla.

Nyleg har denne problemstillinga kome fram gjennom ulike saker frå Forsvaret som set dette i same søkelys. Det er klart at Forsvaret har ein stor jobb å gjere for å rydde i eigne rekker. Men problemet startar ikkje her.

Vi snakkar ofte om russekulturen og dei haldningane som kjem fram gjennom sexfiksering og synet på jenter, men det startar vel ikkje her heller?

Dette gjeld oss alle. Vi som samfunn har ein stor jobb å gjere ved å rydde i våre eigne handlingar og haldninga i synet på kvarandre. Det handlar om gjensidig og nødvendig respekt for kvarandre. Då må menn og kvinner stå saman om å skape ein kultur for at det ikkje er akseptert med trakassering og overgrep. Vi må framsnakke respekt og retten til å bestemme over eigen kropp og til å setje eigne grenser. Vi må behandle kvarandre som medmenneske, ikkje seksuelle objekt, og bygge relasjonar med andre menneske utan sexpress.

Seksuell fridom har blitt ein viktig verdi i samfunnet. Kva har denne fridomen gjort med oss? Korleis påverkar fridomen vårt syn på våre medmenneske?

Kan det vere at vi i frykt for å bli moraliserande ikkje snakkar om moglege negative konsekvensar om kva det gjer med menneske, både fysisk og psykisk, å ha tilfeldig sex eller sex med mange partnarar?

Gløymer vi å vere den vaksne stemma som vågar å snakke om seksualmoral, ikkje for å lyfte ein peikefinger, men for å snakke ope og ærleg om dei normer og grenser som vi har i samfunnet vårt?

Ifølgje Store medisinske leksikon er seksualmoral «eit sett av moralske normer som gjeld for den seksuelle åtferda mellom menneske. Seksualmoralen heng nøye saman med dei andre normene som gjeld i samfunnet, så vel religiøse som juridiske og etiske».

Les også

Natasja Askelund: «Hva er kvinnekamp, egentlig?»

Foreldra

Vi treng framleis haldningskampanjar mot valdtekt, seksuell trakassering og overgrep. Skulane har ei viktig oppgåve med å forme haldningar blant barn og ungdom.

Men mykje av haldningsarbeidet startar også i heimen. Foreldre blir oppfordra av FHI å kjøpe kondom til 16-åringane sine for å førebyggje smitte, men er det ikkje like viktig korleis vi samtalar med ungdommane våre om kropp og grenser?

Frå undersøkingar som til dømes Ungdata kjem det fram at det er vi som mor og far er ungdomane sine viktigaste navigeringsverktøy når dei står overfor ulike val. Det skal vi vere glade for, og samtidig vere klar over kor viktige vi er. Faktisk dei viktigaste personane i ungdommane si liv.

Om vi som foreldre ikkje snakkar med våre barn om sex og haldningar, overlèt vi ansvaret til andre som til dømes Andrew Tate. Han har millionar av følgjarar på YouTube der han hevdar at menn er meir verdt enn kvinner og at dei har rett til å ta det dei vil og ta den dei vil. Dei unge treng at vi våge å vere den vaksne i rommet og vere ei motstemme til desse haldningane. Kan ein god stad å starte vere å spørje våre barn/ungdommar om dei veit kven han er og kva han står for?

Undersøkingar viser at fleirtalet av norske menn mellom 18–44 år brukar porno jamleg. 49 prosent av norske tenåringar mellom 13–19 år seier at dei har sett på porno, og over halvparten seier at dei såg dette for første gong før fylte 13 år. Korleis påverkar dette haldningane til seksualitet?

Les også

Marte C.W. Solheim: «Kvinner får knapt til­gang til risiko­kapital»

Samtykkelov

Eg trur grunnen til at mange kvinner ikkje melder frå til politiet eller oppsøker helsehjelp, er at det er for skamfullt. Sjølv hadde eg som tenåring ei oppleving eg gjerne skulle vore forutan. Eg sa det ikkje til nokon, fordi eg tenkte at dette må eg ordne opp i sjølv. Faktisk var det ganske så flaut og skamfullt. Eg kjende på at eg ikkje var sterk nok til å seie eit klart nei, eller avvise tilnærminga. Mange år etterpå gjekk det opp for meg at eg verken hadde noko å vere flau over, eller at eg hadde vore svak. Eg hadde opplevd eit overgrep. Eit anna menneske hadde teke seg til rette.

Vi i KrF er opptekne av å påverke haldningar, men også av å lage gode ordningar i samfunnet. Å kunne seie at sex utan samtykke er valdtekt, vil vere førebyggande, og vil styrke valdtektsutsette sin rettstryggleik. Difor meiner vi at det må kome på plass ei samtykkelov.

VI treng ikkje kjempe for retten til å «hoppe til sengs» med den ein vil. Den retten har vi, men vi må halde fram med å kjempe for retten til å setje eigne grenser og ta styring over eigen kropp. Retten til å la vere å bli seksualisert. Det handlar om gjensidig respekt.

Publisert: