Kraftbransjens supre prissettingsmodell har fått full uttelling med utanlandskablane

DEBATT: Statsminister Støre blei nyleg skulda for å ikkje forstå vassverdi i Dagens Næringsliv. Kva er nå vassverdi og kvifor er det viktig å forstå dette?

Norske kraftverk driv etter marginalprismodellen. Straumprisen blir då fastsett av den marginale mengda straum det er dyrast å produsere. Bildet er tatt under anleggsperioden for Englandskabelen i Kvilldal i Suldal.
  • Anna Aabø
    Lektor
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Vassverdi avgjer straumprisen. I straum-appen din kan du sjekke kor mykje vassverdi utgjer av total straumpris. Det kostar om lag 30 øre pr. kWh for kraftselskapa å levera straum, når produksjonspris på 12 øre per kWh, forteneste og faste kostnadar er inkludert. Resten av straumprisen, kan i stor grad skuldast vassverdi. I skrivande stund er min straumpris 4,65 kroner per kWh, altså utgjer vassverdien om lag 4,35 kroner.

Kvar liter vatn har sin verdi

La oss gå litt inn i prissetting av straum. Det heile startar med ein, for kraftselskapa, strålande prissettingsmodell, nemleg marginalprismodellen. Dette betyr at straumprisen vert fastsett utifrå kostnadane til den marginale mengda straum det er dyrast å produsere. Denne prisen vert prisen for all straum på marknaden den dagen. Fint for kraftverk som leverer straum til lågare kostnad enn marginalprisen, av di alle får marginalpris for heile produksjonen.

Stortinget sin utgreiingsseksjon stilte alt i mars i år spørsmål ved modellen. Som lærar synest eg utviklinga i straummarknaden er av interesse i undervisninga. Difor ville eg finne ut kva kraftverk som typisk er opphav til marginalprisen. Eg kontakta Nord Pool, som sel straumen i Norge og har full oversikt på straumpris både her og på kontinentet.

Svaret frå Nord Pool overraska meg. Eg trudde det typisk ville vere eit gasskraftverk på kontinentet som ville ha den høgaste marginalsprisen. Det er det ikkje. Det er norske vasskraftverk som i største delen av tida bestemmer marginalprisen. Ja vel? Er ikkje produksjonsprisen på vasskraft i Norge 30 øre? Jo, men det er eit element til som spelar inn på prisen, nemleg vassverdi, altså omgrepet nokon meiner statsminister vår ikkje har forstått.

Vassverdi har i alle år vore eit element i fastsetting av straumpris. I eit vasskraftmagasin blir det sett verdi på kvar liter vatn. Den literen som renn over har null verdi, medan den som ligg heilt på botnen har ein høg verdi. Alle kraftprodusentar har slike vassverdiar på lur.

Avansert matematikk

I våre dagar blir vassverdi aktivt brukt og dei vert fastsett ved hjelp av avanserte algoritmar/simuleringsmodellar, basert på inngangsparametrar som «magasinfylling relatert til det enkelte kraftverk, verknadsgrad per aggregat, start-stopp kostnadar, tilsigs -og prisprognosar på kort og lang sikt», jamfør heimesida til Skagerak Kraft.

Eg har arbeid mykje med algoritmar og simuleringsmodellar i jobben min og veit kor mykje val av algoritme, og ikkje minst val av inngangsparametrar, betyr for resultata, i dette tilfelle altså vassverdi og straumpris.

Etter meiner at kraftverka med sin vassverdi innpakka i algoritmar og eit høgt tal på inngangsparametrar, har laga seg eit trylleformular for å kunne styre straumprisane til det nivået dei til ei kvar tid vil ha, fristilt frå kostnadane på 30 øre/kWh. Korleis blir vassverdi brukt nå?

Vi har kunna auke straumeksporten til utlandet gjennom dei nye høgkapasitets kablane. Våre kraftprodusentar har produsert det reimer og seletøy kan halde, og eksportert til utlandet til ein høg pris, samanlikna med den dåverande prisen på den norske marknaden.

Når eksporten auka, vart fyllingsgraden i vassmagasina våre redusert og dermed auka kraftselskapa sin vassverdi – signifikant. For kraftselskapa er dette ein optimal situasjon, god straumpris i eksportperioden og nå når magasina nærmar seg botnen og eksporten har tatt slutt, betalar den norske straummarknaden ein pris på nivå med, eller over straumprisen på kontinentet.

Ei stortstilt pengeoverføring

Den låge magasinfyllinga vi har nå er nok ikkje eit resultat av eit nedbørsfattig år. På Austlandet, Agder og i indre deler av Rogaland, har det rett nok vore reduserte nedbørsmengder, i Oslo-området om lag 80 % av eit normalår. I andre deler av landet har det vore normalår. Nokre område har og hatt nedbør over gjennomsnittet, som til dømes Suldalsvatnet i år. Dette vatnet ligg i nærleiken av Blåsjø, det største magasinet i Norge.

For straumkundane i Norge, betyr strategien til kraftverka våre at godt over 70 milliardar kroner frå vår private og industrielle økonomi blir overført til staten. Kommunar som til dømes Sandnes auka inntektene sine frå 30 millionar til 250 millionar kroner i år.

Skal det vere slik? Skal kraftselskapa få lov til å ha driva halsbrekkande eksport, køyre magasina så lågt ned som råd, og slik eksponere oss forbrukarar for høge prisar og kanskje rasjonering? Det er bra om politikarane våre vil styre dette, for eksempel ved å regulere fyllingsgraden i kraftmagasina. Ved å gjere det er vi i godt selskap med land som Tyskland som nå fyller opp gasslagera til vinteren.

Publisert: