Strand må kjøpa skuleplassar som lova

DEBATT: Saka om kjøp av skuleplassar på Forsand skule av nye Sandnes har ikkje uventa skapt sterke reaksjonar blant innbyggarane i grensejusteringsområdet som blei ein del av Strand frå 1. januar.

– Administrasjonen har nylig rekna seg fram til at Strand vil spara ein million i året på å flytta ungdomsskuleelevane til Jørpeland. Men spørsmålet er om det er klokt å setta inn sparekniven her. Me trur ikkje det, skriv Alf Henning Heggheim, Linda Asbjørnsen, Frida Apall, Leidulf Sigmundstad og Knud Idsø. Her skulen på Forsand.

Debattinnlegg

  • Alf Henning Heggheim
    Senterpartiet i Strand
  • Linda Asbjørnsen
    Senterpartiet i Strand
  • Frida Apall
    Senterpartiet i Strand
  • Leidulf Sigmundstad
    Senterpartiet i Strand
  • Knud Idsø
    Senterpartiet i Strand
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Bakgrunnen er eit brev til foreldra på Forsand skule frå administrasjonen i Strand med bakgrunn i budsjettvedtaket frå fleirtalskonstellasjonen H, KrF, Frp, V og BTN. Her kjem det fram at ungdomstrinnet vi bli overført til Jørpeland frå neste skuleår.

Skulle få fullføre skuleløpet

Senterpartiet har stor forståing for reaksjonane frå våre nye Strandbuar busett i grensejusteringsområdet ut i frå deira forståing av kva som blei sagt og lova under det opne møtet på Lysefjordsenteret 19.02.2019 med politisk og administrativ leiing og dei politiske partia til stades: Skuleelevane i det grensejusterte området skulle få fullføre sitt skuleløp på Forsand sin 1-10 skule viss dei ønska det. Dette er også gjenteke i ulike fora etterpå. Det var også føresetnaden når me gjekk inn i budsjettarbeidet saman med opposisjonspartia.

Me må legga stridsøksa ned jo før jo heller, vere rause med kvarandre, og tenka meir langsiktig.

Senterpartiet meiner at måten dette har blitt handtert på av Strand ikkje er ein god velkomsthelsing til våre nye innbyggjarar når me veit kva som tydelig blei formidla i prosessen. Det er rett som ordføraren seier at me på tidspunktet for folkemøtet på Lysefjordsenteret ikkje visste nok om konsekvensane av grensejusteringa. Men, det er ikkje god nok grunn for å gå vekk frå det som er sagt.

Stram økonomi

Kommuneøkonomien er som ordføraren seier stram for tida. I budsjettet for 2020 var oppdraget vårt å kutta 32 millionar. Det smerter når me veit at me eigentleg ut frå behova heller skulle ha diskutert korleis me skulle prioritera å styrka budsjettet med 32 mill. Administrasjonen har nylig rekna seg fram til at me vil spara ein million i året på å flytta ungdomsskuleelevane til Jørpeland. Men spørsmålet er om det er klokt å setta inn sparekniven her. Me trur ikkje det.

Dei nye innbyggjarane gjer oss både auka rammetilskot, auka skatteinntekter og bidreg gjennom eigedomsskatt. Me må derfor sjå dette i ein større samanheng og eit lengre perspektiv enn å koka dette ned til ein ekstrakostnad pr. elev pr. år i ein overgangsperiode. Ein gong i framtida ser me ikkje vekk frå at det kan komma spørsmål om grensejustering der Forsand sine innbyggarar som gjekk til nye Sandnes ønskjer seg til Strand. Då må me legga stridsøksa ned jo før jo heller, vere rause med kvarandre, og tenka meir langsiktig. Dette handlar om bygging av gjensidig tillit og truverd til kvarandre. Tillit blir som kjent bygt i millimeter og rive i kilometer.

Treng å snakka med kvarandre

Ordføraren har invitert til å møte dei politiske partia i Strand i samband med gruppemøta i forkant av møtet i kommunestyret 19.02. Det er prisverdig. Me treng å snakka med kvarandre, og ikkje om kvarandre, lytta til kvarandre og sjå kva som kan gjerast. Det er ikkje for seint. Det handlar om politisk vilje.

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Privatetterforsker Roald Bernt­sens hef­tige liv: – Gullet var fjernet fra kremerte

  2. Skamslått Borgli vil gå nye runder om huset i Oalsgata

  3. Disse seks er skremte og sjokkerte. Nå ber de politikerne skifte kurs

  4. – Trist for supporterne

  5. Testet positivt? Dette gjør du

  6. Her er historien bak «Rogalands eldste turnering»