Det totalitære viruset

KRONIKK: Brutale regime legg ikkje bort undertrykking av religiøse minoritetar fordi ein pandemi herjar.

Publisert: Publisert:

Bilete av politiske fangar i Iran, presenterte i ei utstilling i Paris hausten 2019. Foto: Benoit Tessier, Reuters/NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Johannes Morken
    Redaktør i Stefanusalliansen

Autoritære og totalitære regime brukar kampen mot koronaviruset til å spreia eit anna farleg virus. Menneskerettar og grunnleggjande fridom blir innskrenka langt meir enn nødvendig i kampen mot smitte.

Vi har hatt heftige og opplyste offentlege debattar om smittevern, personvern, krisefullmakter og den avgjerande maktfordelinga i eit demokrati. I Ungarn kan maktfordelingsprinsippet derimot vera sett til sides for godt. Koronaviruset kan gjera sitt til at Victor Orbán blir EUs første diktator.

Tillit – eller ikkje

Mange nordmenn har så høg tiltru til styresmaktene at dei friviljug har lasta ned ein app for smittesporing. Menneske som høyrer til undergrunnskyrkjer i land der kristne blir forfølgde, har derimot ingen grunn til å ha den same tilliten til styresmaktene sine. At det er smått med rom for offentleg debatt, fekk den modige kinesiske legen som først varsla om koronaviruset, diverre oppleva. Sensuren er ikkje borte i Kina.

Kinas innsats for å stogga pandemien har vore stor – og tidvis brutalt autoritær – etter at dei etter farleg nøling erkjende trusselen. Men verken uigurane eller religiøse minoritetar har nokon grunn til å stola på at det berre er kampen mot pandemien Beijing-regimet er oppteke av.

Les også

Hilde Øvrebekk: «Økt nasjonalisme er ikke svaret»

Massiv overvaking

Kamp mot ekstremisme og terror har vore orsakinga i forfølginga av folkegruppa uigurane i den vestlege Xinjiang-provinsen. Det er der det massive overvakingsapparatet har vore sterkast bygd ut. No kan Kina bruka covid-19 til å gå enda lengre.

Ein stad mellom ein million og tre millionar uigurar – dei fleste er muslimar, men det finst også kristne – er sperra inne i det som Kina kallar «omskoleringsleiarar». Men det er rikeleg med bevis for at dette er reine fengsel for å knusa lokal kultur, språk og religion og få ei heil folkegruppe til lydig å følgja kommunistpartiet.

Medan vi har debattert korleis vi skal halda ut på heimekontoret, har innesperra uigurar all grunn til å frykta kva som skjer dersom epidemien slår ut. Dette er leirar med tronge celler, elendig hygiene og dårleg helsetilbod, som skapte for spreiing av smittsame sjukdomar. Uigurar i eksil har ropt varsku til Verdas helseorganisasjon og bede verda pressa på for at Kina skal setja fri dei internerte.

Det skjer ikkje.

Tvangsarbeid

Oppsiktsvekkjande historier har kome ut på amatørvideoar om at Kina under korona-pandemien har tvangssendt unge uigurar til fabrikkar i dei korona-stengde delane av Kina. Der han-kinesarar har vore haldne heime og under portforbod for å kvela pandemien, er uigurar med ansiktsmasker brukte for å halda liv i økonomien. Med stor smittefare. Pengar betyr meir enn liva til desse unge uigurane.

Medan Noreg brukar milliardar på dagpengar og kontantstøtte, kan det sjå ut til at Kina mellom anna brukar eit undertrykt minoritetsfolk for å halda hjul i gang.

Diktaturets andlet er til å kjenna att.

Diktator, men ingen Mao

Xi Jinping har sikra seg diktatorisk makt på livstid, – og igjen er han den handlekraftige redningsmannen, ifølgje propagandaen. Foto: Xie Huanchi, Xinhua/AP/NTB scanpix

Måten viruset blei takla på i starten og den økonomiske nedturen kan bli ein trussel for president Xi Jinping. Difor har regimet teke i bruk Mao-inspirert propaganda for å overtyda folket om at Xi er redningsmannen.

No er Xi Jinping ingen ny Mao. Xi lytta trass alt etter kvart til medisinske ekspertar. Tyrannen Mao ville ikkje ha lytta til andre enn seg sjølv – det kosta mange titals millionar kinesarar livet under bestialske eksperiment.

Men Xi er likevel ein diktator som i sju år brutalt har samla makt. Han brukar mange middel for å kua religiøse og etniske minoritetar og aktivistar for menneskerettar. Og no gjer han alt både for å sikra kontrollen i Kina og styrkja den internasjonale posisjonen: PR-framstøyt og hjelpesendingar skal kompensera for at viruset som herjar kloden, nettopp kom frå Kina.

Les også

UiS-forskere: «Myndighetenes app for å overvåke smittespredningen er et skritt på veien til et samfunn ingen ønsker»

Les også

Aftenbladet mener: «Vær på vakt mot overvåking»

I desember 2010 vart Yousef Nadarkhani dømd til døden i Iran. Årsak: Han hadde konvertert frå islam og var pastor i ei heimekyrkje med 400 medlemar. Dødsdomen vart omgjort og han vart sett fri, men er seinare blitt arrestert fleire gonger og sit no i fengsel att på andre året. Foto: Privat

Irans løgner

Men Kina er ikkje åleine om å strekkja kampen mot smitte til kampen mot religiøse og politiske stemmer dei kjenner seg truga av. Iran introduserte ein app som vart påstått å skulle måla teikn som kunne avsløra om du var smitta. Men det var løgn. Appen overvakar kvar folk oppheldt seg.

Fordi overfylte kinesiske fengsel i starten var stader for smittespreiing, slapp Iran fri nokre titusen fangar frå sine overfylte fengsel. Ei handfull var kristne som var dømde for arbeid i huskyrkjer. Men fangar med dommar over fem år, slapp ikkje ut. FNs spesialrapportør for menneskerettar i Iran kravde at landet også skulle setja fri samvitsfangar med lange dommar – som pastor Yousef Nadarkhani som sonar ti år for sitt arbeid folk som har gått frå islam til kristen tru.

Men det nektar Iran.

Iran som slo hardt ned på store demonstrasjonar før koronakrisa, kjempar for å overleva. Det er ingen grunn til å tru at eit totalitært prestestyre som kjenner eksistensen truga, ikkje vil bruka sterke middel for overvaking av smitte til å også å overvaka motstandarar. For dei er religiøse og politiske avvik for «virus» å rekna.

Sjukdomsviruset rammar hardast dei fattigaste og frå før mest utsette. Det totalitære viruset rammar sårbare minoritetar som autoritære regime vil ha full kontroll på. Vi har grunn til å frykta begge virusa.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ett nytt smittetilfelle i Stavanger

  2. Signalbygget på Forus skal rives. Her er de nye planene

  3. Regler for utbetalinger til politikere og partier er kjent ulovlig. Det kan få landsdekkende konsekvenser

  4. Rødt legger lokk på saken. Slik forklarer Stavanger-politikeren hvorfor hun bryter ut

  5. Fikk du med deg smellet i Gandsfjorden?

  6. Elbiler må betale mer

  1. Kina
  2. Iran
  3. Koronaviruset