Fleire bør lytte til UiS-rektor Klaus Mohn og akademia!

DEBATT: John Peter Hernes i Høgre forsvarar UiS-rektoren mot oppkonstruerte angrep, men gjer elles den feilen mange politikarar gjer: Dei lyttar ikkje nok til Klaus Mohn og akademia.

Publisert: Publisert:

«Kvar førelesing presenterte Mohn dagsaktuelle tema frå internasjonal og norsk presse med referanse til temaet for førelesinga. Han fekk med overbevisande tyngde fram kor relevant den akademiske kunnskapen er», skriv MDG-politiker Alexander-Rügert Raustein om si eiga studenterfaring med Klaus Mohn. Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

  • Alexander Rügert-Raustein
    Gruppeleiar i fylkestingsgruppa, MDG Rogaland

I debattinnlegget sitt 13. mai forsvarer John Petter Hernes UiS-rektor Klaus Mohn mot det som kan seiast å vere heller usaklege angrep på hans akademiske integritet basert på hans aktivitet som styremedlem i nokre selskap.

Hernes påpeikar at hemmeleghald av desse verva er oppkonstruerte, og at slik uthenging kan føre til at folk i akademia ikkje vil bidra i samfunnsdebatten.

Tydelege stemmer må til

Eg kunne ikkje vere meir einig i både vurderinga og bekymringa. Eg er likevel glad for, og sikker på, at Mohn ikkje kjem til å teie stille av den grunn.

Hernes meiner dessutan at Mohns meiningar ikkje blir gitt avgjerande vekt. Når det gjeld regjeringa og vidare i Stortinget, har han nok dessverre rett.

Men oppstyret kring Mohns styreverv viser jo at Mohn pirkar borti eit sår. Og det er bra.

Noreg manglar politisk mot til å få velferdsstaten til å stå på andre bein enn oljenæringa. Tydelege politiske stemmer for å få fart på omstilling som underteiknande er ein del av, får framleis så hatten passar.

Aktivt med i utviklinga

Hernes viser mellom linjene ei heller trist halding til akademia når han omtaler det som positiv at Mohn kjem ut av det «akademiske elfenbentårnet».

Underteiknande har har den store gleda å vere student på masternivå i Economics of Energy Markets hjå Mohn i to semester. Kvar førelesing presenterte Mohn dagsaktuelle tema frå internasjonal og norsk presse med referanse til temaet for førelesinga. Han fekk med overbevisande tyngde fram kor relevant den akademiske kunnskapen er.

Mohn lever ikkje i eit akademisk elfenbeinstårn. Tvert imot lever han i realiteten, styreverv eller ei, og han leverer sylskarpe analysar baserte på akademisk kunnskap samfunnet ville ha godt av å lytte til i mykje større grad.

Les også

UiS-styremedlemmer: – Rektor Mohn driv ikkje solospel

Omstillinga

Det gjeld ikkje minst Hernes og alle dei som er politiske bremseklossane for rask nok omstillinga bort ifrå oljeavhengigheit. Ja, me er i gang med ei omstilling. Men dei økonomiske utfordringane i kjølvatnet av koronakrisa viser at omstillingstakten etter 2008 og igjen etter 2014 langt frå var stor nok. Og igjen skal det syast puter under armene til den oljenæringa verda har bestemt seg for at me skal bli uavhengig av.

Så lite som 5 prosent av olja brukast som produksjonsråstoff. «Resten» misbrukast i dag som drivstoff gjennom forbrenning med tilsvarande utslepp.

Det betyr at det karbonnøytrale samfunnet verda styrer mot, innan 20 år vil ha eit mindre behov for meir enn 90 prosent av dagens oljeproduksjon. Denne planlagde nedtrappinga, med den nedturen dette uunngåeleg vil betyr for oljeproduksjonen, bør Noreg ta omsyn til.

Korleis dette best kan gjerast, kva grep ein bør ta og kva ein bør la vere, vil det vise seg å vere lurt å lytte til Mohn om.

Publisert:

Les også

  1. UiS-rektors oljeadvarsel vekker oppsikt

  2. UiS-rektor får kjeft for å ikke opplyse om sine betalte «grønne» styreverv

  3. UiS-rektor Klaus Mohn foreslo ny tiårsstrategi uten energi som egen satsing

  4. Derfor treng vi Mohn si viktige røyst

  5. – Oppkonstruert kronikk og uheldig mistenkeliggjøring av UiS-rektor Klaus Mohn

Mest lest akkurat nå

  1. To nye smittetilfeller i Stavanger

  2. – Bjerkreim burde sendt nabovarsel

  3. De tar mot til seg og ber om hjelp mot familievold. Så får de nei eller må vente i månedsvis

  4. Fami­lien pusset opp hele huset for 100.000 kroner. Endringen er total

  5. Om knappe to uker blir bussturen billigere for flere – og flere kan reise på samme billett

  6. SUS prøver å finne ut hvorfor så mange blir innlagt på ny

  1. Klaus Mohn
  2. Omstilling
  3. Olje og gass
  4. John Peter Hernes
  5. Klima