Skilnaden på eit barn og ein bolle

VALG 2019: Butikk leverer varer, det gjer ikkje barnehagar. Butikkeigarar kan godt bli styrtrike på verksemda si, det skal ikke barnehage-eigarar bli.

Publisert: Publisert:

Ingen skal tene seg rike på spleiselaget av foreldre og det offentlege som betalar for veldferdstenestene vår, skriv Stavanger-politikarane Dag Mossige (Ap), Ingrid Kristine Aspli (SV) og Sara Nustad Mauland (Rødt). Foto: NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Dag Mossige
    Stavanger Arbeiderparti
  • Ingrid Kristine Aspli
    Bystyrerepresentant, Stavanger SV
  • Sara Nustad Mauland
    Gruppeleder Rødt
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Det må vere greitt å ta ut forteneste på barnehagedrift, når andre leverandørar til kommunen gjer det, som ein som bakar bollar eller ein nettbrett-leverandør, skriv Ingebjørg S. Folgerø i Aftenbladet 15.8.19.

På vegner av barna i Stavanger må vi svare: Nei, det må det faktisk slett ikkje.

Eit spleiselaget skal ikkje tappast

For kva er skilnaden på ein barnehage og ein leverandør av nettbrett? Er det intuitivt nokon skilnad der? Eller er ein barnehage akkurat som Rema 1000? Er Våland skole akkurat det same som Vaaland Dampbakeri?

Omsorg for barn er ikkje det same som å bake ein bolle eller å levere eit nettbrett. Omsorg for barn er ikkje produksjon. Det er velferd. Vi vil ha ein by med velferdstenester kor fokus er utelukkande på kvalitet, ikkje på overskott.

Barnehagane våre er finansierte av foreldrebetaling og offentleg støtte. Desse pengane er spleiselaget vårt, som skal gå til å gi barna våre god utvikling. Det er ikkje ein nettbrett-leverandør. Difor må det vere greitt å bli styrtrik på nettbrett, men ikkje greitt å bli styrtrik på barnehagedrift. Fordi ein då tener seg rik på spleiselaget vårt, på pengar som skulle ha gått til barna våre. Når vi då får presentert tal som viser enorm profitt i store, kommersielle barnehagekonsern, er det grunn til å slå alarm.

Vidare set Folgerø i sitt innlegg kommersielle og private, ideelle aktørar i same bås. Her er det behov for å nyansere. Det er kommersielle aktørar vi er kritiske til. Private, ideelle aktørar på barnehageområdet er ein annan kategori, som nettopp bidreg til mangfald og valfridom. Det er nok alle samde om.

Våland eit politisk ansvar

Ingebjørg Folgerø er dessutan oppteken av å understreke at kommunale barnehagar også gjer feil, med tilvising til den nylege saka om brot på arealnorma i Våland barnehage.

Les også

Foreldrene vant: Målte for høyt areal i Våland barnehage. Tre barn får ny barnehage

Og korfor blei det for mange barn i Våland barnehage? Fordi kommunale barnehagar er så dårlege? På vegner av barna i Våland bydel må vi svare: Nei, på ingen måte. Forklaringa er at kapasiteten i bydelen er sprengd, det manglar barnehageplassar på Våland.

Og kven sitt ansvar er det? Det er dei som styrer byen sitt ansvar, det er eit politisk ansvar.

I vårt alternative kommunebudsjett for 2019 la AP, SV, MDG og Rødt inn pengar til å finne ny tomt til sentrumsnær barnehage. Dette vart nedstemt av nettopp Folgerø sitt parti, Høgre. Då blir det ufint å late som at Våland-situasjonen hadde vore annleis om drifta var kommersiell.

Det politiske synet på barnehagedrift er avgjerande for barna våre. La oss sikre oss eit politisk styre som ikkje samanliknar barn med eit nettbrett.

Publisert:

Les også

  1. – Kommunalt eierskap er ingen garanti for at reglene følges

  2. – Barnehage skal ikke være butikk

  3. – Hvorfor bryr ikke SV seg om fornøyde barnehageforeldre?

Mest lest akkurat nå

  1. Over disse skiene skjulte han vodkaflaskene. Nå kjenner treneren seg igjen i Northugs problemer.

  2. To nye smittetilfeller i Sola

  3. – Det var verre før, da flere gikk på heroin. Folk ble så jævlig råtne. Stjal fra foreldre og venner. Alt var lov.

  4. Simon ble oppringt på jobb: - Du har en død elg i hagen

  5. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  6. - Det må være rom for å diskutere. Med innestemme. Uten å bli satt i bås.

  1. Kommunevalg 2019
  2. Stavanger kommune
  3. Barnehage
  4. Privatisering
  5. Ingebjørg S. Folgerø