Trygge barn lærer best – dei utrygge lærer noko heilt anna

KRONIKK: Skulen må halde fram trykket på å sikre elevane trygge og gode læringsmiljø når fagfornyinga skal implementerast. Dersom elevar er usikre på om dei blir ledde av eller blir «blikka» når dei kjem med sine meiningar, så vel dei fleste å vere stille.

Publisert: Publisert:

«Utrygge barn lærer også mykje – men ikkje det me ynskjer at dei skal lære», skriv Randi M. Sølvik ved Læringsmiljøsenteret ved UiS. Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

Randi M. Sølvik
Førsteamanuensis ved Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger

Måndag 18. mars 2019 la kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner fram forslag til nye læreplanar i skulen. Han avslutta pressekonferansen med å understreke: «[…] for vi vet at trygge barn lærer også best». Denne understrekninga er viktig. Den er viktig, fordi den framhevar eit sentralt grunnlag for læring. Fordi den peiker på samanhengen mellom opplæringslova, overordna del av læreplanverket og fagfornyinga. Fordi den tydeleggjer kor sentralt arbeidet med trygge læringsmiljø er for elevane si faglege og sosiale læring. Skulane sitt arbeid med å implementere kapittel 9A i er eit steg på vegen for å implementere fagfornyinga. Desse prosessane er ikkje frittståande – dei heng saman.

Relevant kompetanse i framtida

Fagfornyinga er tufta på endringar i samfunnet. Melding til Stortinget om fornying av Kunnskapsløftet framhevar skulen sin plass i eit samfunn og arbeidsliv i stor endring. Eit samfunn som krev fleksibilitet og endringskompetanse, som krev evna til å løyse utfordringar på kreative og nye måtar. Eit arbeidsliv med behov for menneske som kan samarbeide om å løyse problem. Overordna kan ein dele desse kompetansane inn i eit kognitivt område, eit sjølvregulerande område og eit mellommenneskeleg område. Dette er område som overlappar og er nært knytte saman, og som alle er avgjerande å utvikle i skulen.

I Kunnskapsdepartementet sitt arbeid med å utvikle framtidas skule er det etterlyst eit større fokus på djupare læring innanfor alle dei tre kompetanseområda. Det ligg til grunn ei målsetting om overføring av læring. Det elevane lærer skal kunne brukast for å løyse varierte utfordringar i nye situasjonar, både innanfor og utanfor skulen.

Mi pugging til naturfagsprøve tidleg på nittitalet er ikkje relevant lenger. Eg kunne dei største byane og dei lengste elvane i Asia på rams. I dag veks unge opp med tilgjengelege, digitale og mobile hjelpemiddel. Dei googlar hovudstaden i Peru eller bakgrunnen for #Blacklifesmatter. Dei har ein jungel av informasjon å navigere seg gjennom. Dei treng ikkje all den tilgjengelege informasjonen, men dei treng kompetanse til å navigere i den og handtere den. Dei må kunne skilje relevant informasjon frå mindre relevant informasjon. Dei må kunne vurdere om kjeldene deira er til å stole på. Dei treng å kunne argumentere for og grunngje sine meiningar og val. Dei treng å øve seg på dette innanfor trygge rammer.

Å legge til rette for læring

Somme lærarar etterspør refleksjon. Mange lærarar legg til rette for samarbeid i klasserommet. Nokre skular arbeider systematisk med tverrfaglege tema gjennom skuleåret. Dei arbeider allereie i tråd med prinsipp for læring som er framheva i «Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen». Dilemmaet er berre at elevane korkje får utbytte av gruppearbeid eller læraren sine opne spørsmål dersom læringsmiljøet er utrygt.

Robin Alexander, professor ved Cambridge University, er ein av mange som løftar fram samanhengen mellom læringsutbyttet, undervisning og læringsmiljøet. I boka «Towards dialogic teaching» viser han korleis undervisningsdialogen stimulerer refleksjon og djupare forståing når den er målretta, kollektiv, gjensidig, kumulativ og støttande. I denne samanheng er det verdt å dvele ved dialogen som kollektiv, gjensidig og støttande. Elevane sin kompetanse blir utfordra når lærarar og elevar løyser faglege dilemma saman, når dei lyttar til kvarandre og deler sine synspunkt frivillig og engasjert. Dersom elevane er usikre på om innspelet deira blir ledd av, eller om dei blir «blikka» dersom dei kjem med sine meiningar, så vel dei fleste å vere stille. Dei vel å ikkje delta i dialogen i klasserommet. Dei prøver å forsvinne i mengda.

Og her er det på sin plass å hevde at utsegna til Sanner er unøyaktig. Utrygge barn lærer også mykje – men ikkje det me ynskjer at dei skal lære. Dei lærer til dømes at det ikkje lønnar seg å heve røysta si. Dei lærer at det ikkje er lurt å svare på spørsmål dersom dei ikkje er hundre prosent sikre på at svaret er korrekt.

Trygge læringsmiljø gir grunnlag for djupare læring

Skal skulen ha større trykk på samarbeid, elevinvolvering, dialog og refleksjon, som igjen gir grunnlag for djupare læring – då må skulen i like stor grad halde fram trykket på å sikre elevane trygge og gode læringsmiljø. Kjenner elevane seg utrygge, påverkar det kva dei lærer. Manglande tryggleik tek opp kapasiteten til den enkelte elev og påverkar dynamikken mellom elevane i klasserommet. Nettopp difor heiar eg på at Sanner ikkje berre løfta fram kompetansemåla då han presenterte fagfornyinga måndag 18. mars. Han løfta samstundes fram borns behov for tryggleik i skulen.

Les også

Stavanger-rektorer mener skolene må få mer penger fremover, ikke bare i år

Les også

Sirdal kommune forbyr kristne skolelag å servere bakervarer på skolene

Les også

Aspervika vil bli Sandnes’ første dysleksivennlige skole

Les også

Rogaland Arbeiderparti vedtok å gå inn for gratis skolemat

Les også

17 skoler vil droppe ordenskarakterer

Les også

Sanner med klar mobbemelding til skoleledere: – Skjerp dere!

Les også

Kronikk: «Læreres mange roller i lek og undervisning»

Publisert: