Konfirmasjonen er langt meir enn eit pengeoverføringsrituale
DEBATT: Svein Erik Tuastad sin kritikk mot den kyrkjelege konfirmasjonen er etter mitt syn vel tendensiøs. Han set det heile vel mykje på spissen når han skriv at konfirmasjonen er blitt eit pengeoverføringsrituale.
Debattinnlegg
- Ola HelgelandHafrsfjord
Eg les artiklane til Svein Erik Tuastad som står i Aftenbladet med interesse. At Tuastad tek til orde for at ein bør diskutera ritual som konfirmasjon og russefeiring for å få eit forbetring, kan eg likevel vera einig i.
Eg har i seinare år vore på eitt par konfirmasjonar for eigne barnebarn, og der har ikkje «pengeoverføringsritualet» stått sentralt. Gudstenesta var høgtideleg, og festen etter var det same. I kyrkjelyden der eg går, har eg vore kyrkjevert på konfirmasjon i fleire år. Dei gudstenestene er også høgtidelege. Enkelte konfirmantar deltar som medliturgar. Etter salmesong og bøn for den enkelte konfirmant, får dei kvar si rose som ligg i døypefonten. Det skal understreka samanhengen til dåpen.
Danning og utdanning
Konfirmantførebuinga er eg ikkje ein del av, men den skal, så vidt eg veit, mellom anna understreka fellesskapet og verdien av kvar enkelt av konfirmantane. Det er også ein viktig del av kyrkja sin bodskap.
Fellesskap og verdi er også ein viktig del av danninga. I danninga lærer ein empati. Det er danning og utdanning som gir kunnskap. Moteordet i vår tid er vel at ein må «realisera seg sjølv». Dersom utdanninga skal pregast av det, kan det føra til rein egoisme. Derfor er danninga viktig, for den legg vekt på samspel i eitt fellesskap mellom individ.
Tuastad skriv at Solveig G. Sandelson treffande har skildra og kommentert dei brutale sidene ved russefeiringa. Det er lett å vera samd i at desse rituala øydelegg god danning. I same avis står det at tre elevar på vidaregåande har tankar om å endra russepresset. Det lovar godt at elevar vil markera at ingen må føla seg utanfor. Dei ønskjer også at dei kommersielle aktørane ikkje skal styra for mykje av innhald og kostnad.
Konfirmasjonar og ei gravferd
Innsamling til seg sjølv
Men slik eg tolkar teksten skal utanforskapen og presset fjernast ved at elevane samlar inn pengar til seg sjølv. Frå mi tenåringstid hugsar eg at russ samla inn pengar. Dei samla inn pengar for å støtta prosjekt i utviklingsland. Det var ikkje til sjølvrealisering. For meg ser det ut til at storparten av russen lar seg styra av profitørar. Men når våre fremste folkevalde bryt lova til eiga vinning, kan me vel ikkje venta betre av russen.
Er det me som foreldre og besteforeldre vaksne som er dårlege førebilete for neste generasjon, og kostar all motstand bort, slik at me endar opp med kørlingelevar?
Eg har i seinare år vore på eitt par konfirmasjonar for eigne barnebarn, og der har ikkje «pengeoverføringsritualet» stått sentralt. Gudstenesta var høgtideleg, og festen etter var det same.
Les også
Mest lest akkurat nå
Hommersåk samles i sorg – igjen
Marte (19) og Tor Martin (19) omkom i MC-ulykken i Gjesdal: – Dette er ufattelig og grusomt
Det trengs et forbud mot bruk av robotklippere om natten og strenge reguleringer for bruk om dagen
Før visste bare lokalkjente om stølen. Så kom en «turfluenser»
Tea Egenæs elsker 60-tallshuset i Stavanger: – Alt treverket gir den gode atmosfæren og særpreget
31 trafikkdrepte på samme tid i fjor – 60 nå: Kaller inn til krisemøte
Aftenbladet anbefaler
Mest debattert
Etter Forsand-vedtaket står regjeringa fullstendig utan integritet og truverd
Dommerkontroverser, målfest og ellevilt drama: Viking gikk på surt tap i Haugesund
Foreløpig vet vi ikke hvorfor den siktede begynte å skyte mot folk i Oslo. Den uvissheten er nesten ikke til å holde ut
– Akkurat nå går alle tankar til alle dei som kjenner i heile seg at det kunne ha vore dei