Jordvern veg tyngre enn kortast mogleg veg

DEBATT: Jordvernforeningen i Rogaland har lenge vore sterkt uroa over den raseringa av dyrka og dyrkbar jord som nye, moderne vegar medfører.

Bygging av nye vegar skal byggjast så billeg som mogleg. Og billegast er rett fram over sletteland og i dalføra, som oftast på dyrka jord. Slik kan det ikkje halda fram.
  • Dag Raustein
    Dag Raustein
    Leiar, Jordvernforeningen i Rogaland
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I Stavanger Aftenblad seier stortingsrepresentant og tidlegare Landbruks- og matminister, Olaug Bollestad, at ho vonar at utsetjinga av fleire store vegprosjekt ikkje skuldast politikk, men at det verkeleg er pengemangel som ligg bak.

Me er ikkje einige med Bollestad. Me ser svært positivt på dei klare signala som nå kjem frå regjeringa om at pengebruken til nye vegar må ned, at mange prosjekt blir utsette, og ikkje minst at det skal ein kritisk gjennomgang til for ulike prosjekt. Me reknar med at dette mellom anna betyr mindre arealbruk, altså er det politikk.

E39 fører til stor jordøyding

Ein veg er noko ein må ha for å koma seg frå ein stad til ein annan. Tidlegare spela tida ikkje så stor rolle, med framkomstmiddel som hest og kjerre. Vegen skulle gjera minst mogleg skade, og blei lagd i eigedomsgrensene så langt det lét seg gjera. Hoppar ein heilt fram til nåtid, er det ei heilt anna verd. Bygging av nye vegar skal byggjast så billeg som mogleg. Og billegast er rett fram over sletteland og i dalføra, som oftast på dyrka jord. Det var vanskeleg å misforstå, bygging av vegar der ein skal kunna køyra i 110 km/t var overordna i all planlegging, uavhengig av kva verdiar ein raserte.

Me kan ta E39 i Rogaland som eit døme. Der det er bygd firefelts veg, frå Stavanger og til sør for Sandnes by, tek vegen med rabattar, sikringstiltak, påkøyringsrampar med meir, 40–50 meter breidde, det meste av dette dyrka jord. Mest like alvorleg er det at vegen deler mange landbrukseigedomar og gjer driftstilhøva for desse gardane svært mykje vanskelegare.

Frå Stavanger mot nord og inn i Randaberg, er det ein strekning på E39 som er kalla Smiene–Harestad, som det er arbeidd ut planar for. Firefelts veg, rundt fem kilometer som skal halda krava til 110 km/t, og siste kalkyle er på over fire milliardar kroner. Vegen vil ta dyrka jord tilsvarande ein stor gard og øydeleggja fleire gardar, om han blir bygd slik ein har planlagd.
E39 frå Sandnes til fylkesgrensa med Agder er bare detaljplanlagd på strekket Hove – Ålgård. Vidare sørover gjennom Gjesdal, Bjerkreim, Eigersund og Lund er det teikna ulike traséframlegg, men felles er at det etter vårt skjønn er gjort for lite for å skjerma dyrka jord. Pris og fart er førande. I høve til bruk av dyrka og dyrkbar jord og øydelegging av gardsbruk, er det særs alvorlege det me har sett på kart. Ja, i dag er det utenkeleg at dette kan byggast.

Nullvisjon både i trafikk og jordvern

Me har registrert ein politisk nullvisjon når det gjeld utviklinga i biltrafikken. Det ligg også ein nullvisjon for nedbygging av dyrka jord litt lengre fram. Så har me registrert at det er eit ønskje å kunna redusera reisetida på veg frå Bergen til Kristiansand med ein time, og det halve frå Stavanger til Kristiansand. Samstundes registrerer me at pengebingen til vegar ikkje er botnlaus, og at viljen til å betala bompengar er avgrensa. Når me legg saman alt dette, kjem me til at opprusting og sikring av eksisterande vegar står stadig sterkare. Ein vil spara store areal dyrka og dyrkbar jord, det vil vera langt mindre øydeleggjande for mange gardar og vil ikkje minst spara enorme pengebeløp.

Me håpar at den tenkepausen ein får gjennom utsetjing av mange prosjekt, blir brukt slik me nå oppfattar at han vil. Planar må omarbeidast og reduserast, både for E39 og mange andre prosjekt. Og dei må sjåast opp mot dette: Til nå har nye motorvegprosjekt tydeleg vore overordna all anna planlegging. I Hurdalsplattforma har regjeringa sagt at jordvern nå skal vera overordna omsyn i arealplanlegginga. Og ein kan ikkje ha meir enn eitt overordna omsyn om gongen. Så får det våga seg om me bruker ein halvtime lengre til Kristiansand.

Vegen vil ta dyrka jord tilsvarande ein stor gard og øydeleggja fleire gardar, om han blir bygd slik ein har planlagd.
Publisert: