Spelereglane blir endra, men naturinngrepa blir det ikkje

DEBATT: Nasjonale folkevalde fortel oss at det skal liggja meir att til lokalsamfunna som gir av naturressursane sine til realisering av rein energi. Kan me stole på at dei og held fast på at slik skal det vera til all tid?

Spelereglane blir endra, naturinngrepa blir det ikkje. Med andre ord vektskåla blitt lettare, mens børa av vedtaka blir tyngre å bera for kommunen.
  • Asbjørn Birkeland
    Leiar i Ryfylkerådet og ordførar i Sauda kommune (Sp)
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Norge og verda treng meir fornybar energi. Vasskrafta er unik i så måte. Men naturinngrepa har og sin pris. Eller har den det?

For ei del år sidan kom ei kraftutbyggjar inn på ordføraren sitt kontor. Med koffert. Han fortalde at han hadde sett at det låg lagleg til for ei kraftutbygging i kommunen. Var kommune med, og han fekk konsesjon frå sentrale styresmakter, ville han leggja milliardar på bordet for ei slik utbygging.

Han hadde rekna på det og funne ut at ei slik investering ville gi ei fin avkasting på den investerte kapitalen som framleis låg trygt i kofferten hans.
«Kva får eg igjen for det?» spurte ordføraren retorisk.
«Jo, nå skal du høyre», svarte investoren. «Utbygginga vil gi arbeidsplassar i anleggsperioden, og er de dyktige vil det og gi stor og varige verdiar for kommunen.»

Men han la ikkje skjul på at når anleggsfasen var over, ville sjølve kraftanlegget ikkje bidra til fleire arbeidsplassar. Men kommunen vil få om lag 5 prosent av dei produserte kilowattimane i form av konsesjonskraft til prisen det kostar å lage kilowattimane. Konsesjonskrafta kan kraftkommunen selja eller bruke sjølv til beste for innbyggjar og arbeidsliv. Det bestemmer kommunen sjølv.

Kommunen får og naturressursskatt, men den må delast med alle andre kommunar i landet. Men det drypp nok og på kommunen. Så vil sjølvsagt og eigedomsskatt frå kraftverket koma til. I sum blir dette ei fin slump pengar i kommunekassen.

Kompensasjon til evig tid

«Nå, kva tenkjer du? Skal me gå for det?»
Ordføraren svarer: «Interessant, men la meg sjekke opplysningane du gir, så skal eg kome tilbake til deg.» Som sagt så gjort, opplysingane blir sjekka og ein finn ut at jo, dette er lovbestemt. Alt samen. Det er ikkje berre lovfesta, men og presisert frå alle politiske parti på Stortinget. Stiller kommunen delar av naturen sin til disposisjon for vasskraftutbygging, skal det godtgjerast i kommunekassen til evig tid. Regjeringserklæringar, Høgsterettsdommar og NOU’-ar stadfester og dette.

Når utbyggingssaka er så stor og omfattande veit ordføraren at saka må til Stortinget for å bli vedtatt. Men, han veit og at seier kommunen nei til utbyggingsplanane, blir det ingen kraftverk i kommunen hans. «Såpass råderett over eigen natur bør det og vera for kommunen», seier ordføraren tilfreds til seg sjølv.

Etter mange rundar i kommunestyret, og andre råd og utval lokalt og sentralt, skal kommunestyret seia sin dom. Ulempene er lette å forstå. Store naturinngrep til evig tid. Ein natur som stadig får høgare og høgare verdi der terskelen for å tukla med han er svært høg. Fordelane er at vasskrafta er klimavenleg og gir kommunen forureiningsfrie evigvarande inntekter. Inntekter som skal kompensera for naturtapet og gjera kommunen betre i stand til å sikre utviklinga i regionen sin. Kommunestyret endar opp med at fordelane ved ei utbygging veg tyngst.

Alt må ha ein pris

Stortinget gir til slutt konsesjon til utbygginga. I saka står det at landet treng meir kraft og at vasskrafta er unik i eit klimaperspektiv. Det står vidare at kommunen vil få sine rettmessige inntekter frå konsesjonsavgift, konsesjonskraft, naturressursskatt og auka eigedomsskatt. Kommunen vil altså få avkasting på sin investerte naturkapital til evig tid. Naturinngrepa er permanente. Når vatn og elvar er regulert, kjem store areal under vatn, vassvegar går nye vegar, tunnelar er sprengde ut i fjell og fisken har fått ein ny timetabell når den skal vandre. Ja, då forstår alle at dette må ha ein pris.

Men nå meiner altså Inntektssystemutvalet at vektskåla til kommunen for å gå med på utbygging skal gjerast lettare og tidsuavhengig. Nemleg den fundamentale føresetnaden som dei folkevalde i kommunestyret la til grunn for sitt vedtak. Den økonomiske kompensasjonen for sine verdifulle naturressursar skal ikkje vare like lenge som naturinngrepa er der.

Kommunen skal ikkje lenger få det som var avtalt. Spelereglane blir endra, men naturinngrepa kan ikkje endrast. Med andre ord vektskåla blitt lettare, mens børa av vedtaka blir tyngre å bera for kommunen. Hadde ordføraren visst dette, ville han sendt investoren med kofferten heim med uforretta sak. «Her blir det ikkje nye kilowattimar å hente frå naturen vår.»

Publisert: