Ryfast og waldorfsalat

DEBATT: Me ryfylkingar har det som sørlendingane. Når me verkeleg blir arge, har det hendt at me faktisk vurderer å seia frå.

Dei to tunnelopningane på ryfylkesida, på Solbakk i Strand kommune.
  • Trond Hjorteland
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Ferde sitt forslag om heving av bompengetakstar er ikkje verdas undergang, sjølv om Ryfast er nettopp det, – verdas lengste, undersjøiske undergang for bilar.

Nå har me i vel tre år nytt godt av å køyra frå Strandalandet akkurat når me vil og parkera sentralt i Stavanger 25 minutt seinare. Det er makelaust fint! Og eg trur dei fleste bilistar synest det er heilt ok å bidra på det spleiselaget som Ryfast skulle vera.

Men akkurat som i Tønes sin song «Spleiselag/waldorfsalat», dukkar det nå opp tørre valnøtter og stangselleri slik at du blir sitjande å knorpaknorpaTyggja hard mat så det høyrest.. «Det kjem ikkje på tale!» syng Tønes. Det same seier me i Strand.

Spleiselaget Ryfast står i fare for å tørka ut. Majonesen og kremen som staten burde ha smurt «waldorf-salaten» med, er så skrinn at me blir sitjande å … knorpa.

Berre ein assistent

Ferde spør oss i Strand: Vil de ha meir valnøtter eller meir stangselleri (les: dyrare for elbilar eller dyrare for fossil-bilar)? Problemet er at det ikkje er Ferde som er kokken – Ferde er bare ein kjøkkenassistent som skal gjera det som kjøkkensjefen seier. Og kjøkkensjefen er oss. Oss folket. Oss politikarar i Strand, i Stavanger, i Rogaland fylkeskommune, i Samferdsledepartementet og på Stortinget.

Ja, me er ein samansett kjøkkensjef med mange hattar og ulike ingrediensar som skal passa oppi salaten. Men me har eitt felles oppdrag som me saman har forplikta oss på: Å gjera Ryfast til ei pulserande ferdselsåre som stimulerer bulyst og næringsliv i Ryfylke og på Nord-Jæren.

Tid for å samla kreftene

Vil ei takstheving på 10 eller 15 prosent gjera at fleire køyrer i Ryfast? Eller vil trafikken då tørka inn som ein ubalansert waldorfsalat? Eg trur at Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune kan gå på ein saftig karamell som garantistar dersom dei kjøper «kjøkkenassistenten» sitt forslag om takstauke.

Tida er inne for å samla kreftene i Rogaland for å få staten til å bidra meir. At det blir eit spleiselag som alle kan bidra til. For me ser kva som er på Ferde nå, eit tunnelsyn der auka bompengar er den einaste løysinga.

Me seier som Tønes: Det kjem ikkje på tale! Det er ikkje det spleiselaget me i Ryfylke blei inviterte med på.

Publisert: