Statsbudsjettet struper bevisst små kommunar i valåret

STATSBUDSJETTET: Som ordførar er eg ikkje overraska over at statsbudsjettet frå Høyre-regjeringa nok ein gong kuttar i overføringane til Sauda kommune.

I 2017 demonstrerte Ryfylke-ordførarar framfor Stortinget i samband med forslaget til statsbudsjett for 2018. Den gongen fjerna regjeringa eigedomsskatten på verk og bruk. Frå venstre: Kari Vaage Gjuvsland, Bjørn Laugaland, Asbjørn Birkeland og Gerd Helen Bø. Foto: Privat

Debattinnlegg

  • Asbjørn Birkeland
    Ordførar i Sauda (Sp)
Publisert: Publisert:

I årets statsbudsjett kjem følgande nyhende frå Høyre-regjeringa:
• Kutt i rammeoverføringar til Sauda.
• Feil framstilling av frie inntekter til Sauda kommune.
•Kutt i kompensasjonen for bortfall av eigedomsskatten på verk og bruk (smelteverket) – eit reint løftebrot.
• Dei lovar full dekning for økonomiske tap grunna koronautbrotet i media – men Sauda ser ingenting til dette i statsbudsjettet.
• Det er lovendring i statsbudsjettet om skatt på kraftverk – som det nok ein gong ikkje har vore lovarbeid bak, og kommunane kan risikera å tapa inntekter frå kraftverk. Endringar i lovar burde vore greia ut betre for kva konsekvensar det får for kommunane.
• Regjeringa beheld kuttet i hurtigbåt til Rogaland Fylkeskommune.

Rein taktikk

Husk at 2021 er eit stortingsvalår. Regjeringspartiet Høyre styrer nå svært få kommunar – spesielt mindre kommunar som Sauda – og har alt å vinna på at det blir kutt i tenestetilbodet og upopulære strukturendringar i kommunane inn mot stortingsvalet. Eg meiner dette statsbudsjettet er styrt politisk for å gjere oss som styrer i kommunane upopulære inn mot stortingsvalet.

Nå har eg opplevd seks statsbudsjett frå Høyre-regjeringa som ordførar – og det er det same omtrent kvar gong. Regjeringa gjer endringar som gjer det vanskelegare å driva kommunar som Sauda. I tidlegare statsbudsjett har det vore gjort følgande grep som har hatt negative konsekvensar for Sauda:
• Småkommunetilskotet er fjerna.
• Inntektssystemet er vridd slik at kommunar med vekst er vinnarar – og kommunar med lav eller negativ vekst, som Sauda, er taparar.
• Dei har auka grunnrenteskatten to gonger på kraftverk – dette gir lågare eigedomsskatt på kraftverk til Sauda kommune.

Løftebrot som svir

• Dei fjerna eigedomsskatten på «verk og bruk» som har fått det svært misvisande kallenamnet «maskinskatten». Det betyr at kommunar med smelteverk og store industrianlegg mista inntekter. Her lova dei «full kompensasjon» som skulle fasast inn over sju år. Kommunane meinte heile tida at pengane sett av til dette ikkje var nok. Nå, etter berre tre år kjem første kuttet i denne kompensasjonen på 200 millionar – eit klart løftebrot som går utover Sauda kommune.

• Regjeringa forstår heller ikkje distriktskommunar godt og berekninga av «frie inntekter» altså forventa skatteinngang har vore for låg for Sauda i alle seks åra. Regjeringa trur derfor det går betre i Sauda enn det faktisk gjer.
• Inntektene til Rogaland fylkeskommune har blitt redusert fleire gonger. Spesielt er regionale utviklingsmidlar kutta, faktisk halvert to gonger.

Og ein må hugse på at slike kutt kjem i alle statsbudsjett også i åra etter dei er gjort. Blir inntektssystemet endra eit år, blir det slik i alle etterfølgande år. Så skruen har altså vorte stramma meir og meir kvart år. Slik eg som ordførar ser det må saudabuen håpa på regjeringsskifte neste haust, slik at me får ei regjering med merksemd på distrikta og god kommuneøkonomi igjen.

Høyre har alt å vinna på at det blir kutt i tenestetilbodet og upopulære strukturendringar i kommunane inn mot stortingsvalet. Eg meiner dette statsbudsjettet er styrt politisk for å gjere oss som styrer i kommunane upopulære inn mot valet.
Publisert:
  1. Sauda kommune

Mest lest akkurat nå

  1. Vurderer etter­forsk­ning av Siv Jensen etter mulig lov­brudd

  2. Mann i 60-årene skjelte ut politiet og rekte tunge etter fartsbot – dermed ble det dyrere

  3. Uniformert politi og flere voksne skal hindre store ungdomsfester på Vaulen

  4. Nå vil Vigesdal selge Centrumsgaarden i Sandnes

  5. – Hold ut, det er bedring i sikte

  6. Brødre fikk skyhøy erstatning etter 31 år i fengsel