Viktig å ha motiverte sjukepleiarar og lærarar

Sigmund Sunnanå.

Debattinnlegg

  • Sigmund Sunnanå
    Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

DEBATT: Under pandemien har sjukepleiarar og lærarar måtta stå i fremste linje. Når mange andre har kunne sete trygge på sine heimekontor, har sjukepleiarane måtta ta seg av pasientar, også med covid-19.

Lærarane har møtt store utfordringar i arbeidssituasjonen sin, og dei har vore særleg utsette for smitte i nærkontakt med barn, unge og vaksne. Sjukepleiarane og lærarane har fått mykje ros for innsatsen sin både av regjeringa og av «folk flest», men når det er spørsmål om lønn, har styresmaktene så lite å gi at det blir streik.

Eg synest dette er dårleg personalpolitikk. Både sjukepleiarar og lærarar jobbar med menneske. I desse yrka er det viktig å ha motiverte medarbeidarar med godt humør, innsatsvilje og som trivst i yrket sitt. Endå om Unio og KS ikkje blir einige i forhandlingar, synest eg at i denne ekstraordinære situasjonen kunne regjeringa gitt ein økonomisk kompensasjon til desse yrkesgruppene. Under pandemien har regjeringa gitt mange økonomiske stimuleringspakkar til så mange at ho godt kunne spandert ein «pakke» på sjukepleiarane og lærarane også. Samfunnet vårt er ikkje tent med å ha demotiverte og misnøgde sjukepleiarar og lærarar.

Publisert: