Høibo hadde truleg mista jobben i Sverige
ROLLER: Det er eigentleg ikkje mykje å leggje til etter Hard Olav Bastiansens kommentar til fakultetsdirektør Karoline Holmboe Høibos kritikk av Hadia Tajiks bok i Stavanger Aftenblad. Han set ord på det kritikkverdige i å ytre slike haldningar i rolla som fakultetsdirektør,
I Sverige råder det absolutt nulltoleranse mot å kritisere kvinner for måten dei er kledd eller sminka på. Det er ein ny sosial kode som alle kjenner til, det er noko du berre ikkje gjer, uansett om du er mann eller kvinne
Debattinnlegg
- Charlotta SchaeferStavanger
Endå meir kritikkverdig er det at ho får støtte frå leiinga ved universitetet for dei ytringar ho formidlar.
Då eg las dette, var min første tanke. Kom aldri #metoo til Norge? Eg tør å vere så frimodig å seie at om Karoline Holmboe Høibo hadde budd i Sverige og publisert meininga si i ei svensk avis, hadde ho mest sannsynleg mista jobben.
Utsjånad og sminke er ikkje tema
Metoo -bølgja råka Sverige med full kraft hausten 2017. Fleire gamle, ugreie hendingar nådde medias søkelys og ende med både mediale og juridiske rettssaker der programleiarar, kultursjefar og framståande journalistar miste jobben for gamla synder. Alle prosessar var ikkje like gode i Sverige hausten 2017, men ein av konsekvensane av #metoo i Sverige er at det råder absolutt nulltoleranse mot å kritisere kvinner for måten dei er kledd eller sminka på.
Det er ein ny sosial kode som alle kjenner til, det er noko du berre ikkje gjer, uansett om du er mann eller kvinne. Den norske debatten som me no står oppi, viser at denne sosiale koden ikkje er til stades her til lands.
Det som er utruleg trist og urettferdig oppi heile diskusjonen, er at Hadia Tajik er ein erfaren politikar som har skrive ei samfunnsengasjert bok om politikk, samfunnsutvikling, utdanning og innvandring. Men kritikken av boka tek ikkje for seg innhald, og handlar åleine om biletet på framsida. Samstundes drøftar ein Thorbjørn Jagland si nye bok der framsida frir til det norske friluftshjartet.
Turmannen Jagland
Boka hans handlar derimot ikkje om kva fjelltoppar han likar, men om hans politiske liv og gamle intrigar. Her er journalistar og kulturmeldarar heilt med, dette er eit format dei skjønar og difor blir berre bokas innhald drøfta.
Me treng fleire perspektiv i debatten og me treng samfunnsengasjerte universitetstilsette. Men me treng absolutt ikkje fleire avsporingar som handlar om korleis ein kvinneleg politikar vel å kle seg. Det gjer ikkje debatten rikare, men viser kva paternalistisk samfunn me lever i. No har #metoo på alvor kome fram til Danmark. Neste gong håper eg det er til Norge.
Les også
Mest lest akkurat nå
Kapteinen døde - skip til kai i Randaberg med sju koronasmittede om bord
Økt smitte i regionen: - Begrens antall nærkontakter
20 år gamle overgrep kom til overflaten: – Krever 12 års fengsel
Det forlatte alpeparadiset Ischgl sliter med skammen og ryktet. Én turistgruppe vil de ikke ha tilbake
Thaifrykt for koronaskyld
Hytteordførere ønsker velkommen til fjells i vinterferien
Aftenbladet anbefaler
20 år gamle overgrep kom til overflaten: – Krever 12 års fengsel
Det forlatte alpeparadiset Ischgl sliter med skammen og ryktet. Én turistgruppe vil de ikke ha tilbake
Regnet tærer hardt på snøen: - Jeg er sjeleglad for at det ikke er denne uka det er vinterferie
Lettere psykisk utviklingshemmet mann risikerer ni års fengsel for nettvoldtekter