Etter vinter kjem….påske

DEBATT: Det er tid for nytt liv. Håp. Lyse kveldar. Men så dukkar det opp dette særnorske fenomenet: Påskeutferdstrongen.

2021 - Vinteren vi igjen kunne gå på ski i låglandet. Her frå Brusand. Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

  • Jarl Wåge
    Jarl Wåge
    Skribent
Publisert: Publisert:

Mange av oss trudde vel at det løpet var køyrt. Vi som bur langs kysten av Vestlandet hadde for lengst innfunne oss med at vintrar i vår del av verda skal vere grøne. Men sjå om ikkje Moder natur spelte oss eit puss og varta opp med snø-uskuldskvitt i vekesvis. Enkelte stader mykje snø. Og kulde, slik at snøen blei liggande i ro. Og klarvèr og nydeleg lys og fargar dag etter dag etter dag.

Plutseleg fløymde internettet over av ungar som baska og leika i snøen. Som prøvde ski for fyrste gong. Av snømenn. Av løypemaskinar. Av vaksne på toppturar til fots eller på ski. Av ungar og vaksne på skøyter på stader der snølaget var i tynnaste laget. Av vakre, julekortaktige vinterlandskap. Av strender med snølag. Av spektakulære solnedgangar. Rett og slett av ein god, gammaldags vinter.

Slik vi hugsar det

I alle fall slik vi hugsar at vintrane var i hine, harde dagar. Lange og kalde. Dei var sikkert ikkje det. I alle fall ikkje berre det. På same måte som våre barndoms somrar ikkje berre var soldagar og myggstikk.

Eg hugsar fleire lange snøperiodar med snøfenner vi gravde snøholer i, og høge brøytekantar. Ein slik periode hadde vi då eg var 11-12 år gammal og gjekk i storskulen. Det var snø som blei liggande. Ikkje så mykje, for det stakk grastustar gjennom. Men vi ungane gjekk på ski. Treski. Trakka opp langrennsløype som vi halsa oss gjennom kvar ein einaste dag.

Og vi bygde hopp. Med trekasser som fundament. Vi hoppa og flaksa med all verda slags Kongsberg-knekkar til imaginært Holmenkoll-brus. Heldt på til naglebet på fingrar og tær jaga oss inn til kakao og fyr i omnen.

Skuleskirennet

Så lenge låg snøen denne gongen at skulen bestemte at det skulle arrangerast skuleskirenn. O, lykke. Eg var i nærleiken av løyperekorden og fantaserte om heider og ære etter målgang.

Natta før sov eg dårleg og drøymde om dåtidas skiheltar som Hallgeir Brenden og Håkon Brusveen. Fuglane hadde ikkje stått opp (det var trass alt vinter og ganske så mørkt) då eg inntok frukosten. Sidan vi ikkje hadde smøreteam til disposisjon, gjekk eg i kjellaren og smøra skiene sjølv. Med stearinlys. Det var liksom det eg hadde av smøring, og stearinlys gav i alle fall god glid.

Då startskotet gjekk, sette eg av garde som ein rakett. Tykte eg sjølv. Men eg merka fort at skiene mine ikkje hadde feste. Løypa starta på onkelen min si mark. Så over vår teig, gjennom eit par grinder og gardstun, ned nokre bakkar og innover «myrane». Der gjorde ho ein sving før det bar tilbake same vegen.

Nedover bakkane gjekk det strykande. Innover myrane òg, for så vidt. Det var då eg skulle oppatt dei same bakkane at helvete braut laus. Glipphelvete. Vi såg at Pål Golberg hadde elendige ski under VM-stafetten i Oberstdorf. Det var ingen ting mot dette. Det var som om stearinlyset tok hemn for at det ikkje fekk stå og skine i staden for å bli smøra ut under eit par ski. Det var glipppåglipppåglipppåglipp. Eg gav alt. Til eg ikkje hadde luft att i lungene. Då kollapsa eg i snøen. Der låg eg og gispa og heiv etter pusten som ein astmatikar med kols og registrerte at den eine etter den andre passerte meg på veg opp bakkane og mot mål.

Eg trur eg var den siste som kryssa målstreken. Ein slagen, utsliten og djupt skuffa 12-åring etter sitt første og einaste barneskirenn.

Nytt liv

No er det vårsol som i bakkane blenkjer som gjeld. Vibå e komen. Plenar og bøar har fått eit skjær av grønt. Blomar har titta opp av jorda. Trea står drektige med bresteferdige knoppar. Det er tid for nytt liv. Håp. Lyse kveldar. Årstida mange av oss lengtar etter så intenst i mørketida. Spesielt dei av oss som tykte det blei overdose av vinter. For mykje snø. For mykje kulde dag etter dag. For mykje måking av snø og hakking av is. For mange lårhalsbrotspegelglatte vegar.

Men så dukkar det opp dette særnorske fenomenet. Påskeutferdstrongen. Den tida på året då mange nordmenn fyller opp bilane med vinterutstyr og drar til fjells. Drivne fram av suget etter endå meir vinter, meir snø, meir måking, meir hakking av is. Men også etter å gli innover kvite vidder, suse nedover velpreparerte alpinløyper, sitte i solveggen med Kvikk lunsj og appelsinar og vite at på andre sida av påska ligg lier som snart grønkast som hagar og netter lyse som dagar og ventar.

God påske!

Vi andre får halde fortet i låglandet og håpe på sol og varme. Rydde i hagen, pusse på båten, sitte på terrassen og gjere ingen ting eller gå langs vasskanten på dei fantastiske strendene Jæren har å by på.

Uansett kvar du er; om du susar ned løypene i Røldal, Sirdal eller Svandalen, om du grev i jorda og gjer hagen sommarklar, om du jobbar for å halde samfunnsmaskineriet i gong, om du søkjer ly for vinden i sanddynene på Boresanden, så står det berre att å seie: «Riktig god påske»!

Les også

  1. «Opp av sofaen! No!»

  2. «I stortingsvalet til hausten stemmer eg på eit parti som lover så lite at dei kan halde løfta»

Publisert:
  1. Snø
  2. Vinter
  3. Påsken

Mest lest akkurat nå

  1. Nord-Jæren innfører enda strengere tiltak fra fredag

  2. Regjeringen trosser FHI-anbefaling: Norge dropper ikke AstraZeneca-vaksinen nå

  3. To personer til sykehus etter ulykke

  4. – Matematikken er nådeløs. Vi risikerer å ha over 100 daglige tilfeller innen kort tid

  5. TORSDAG: Minst 76 smittede og over 1000 i karantene ved skoler og barnehager i Stavanger

  6. Dette ble planleggings­dagen brukt til: – Jeg jobbet fra klokken 8 til 18 i går