Ein ekstremisme for generasjon Z

GJESTEKOMMENTAR: Britiske Hope Not Hate har infiltrert ein nettbasert, høgreekstrem ungdomsorganisasjon. Resultatet fortel oss ein del om radikaliseringsprosessar i 2021.

Element frå spelkultur og humor (!) er vesentlege element i digital radikalisering og mobilisering. Foto: Junge, Mia Oshiro / NTB

Debattinnlegg

  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:

I midten av mars gav Politiets Sikkerhetsteneste ut rapporten «Hvordan påvirker ekstreme digitale nettverk terrortrusselen i Vesten og Norge?».

Rapporten startar med å seia at majoriteten at det PST kallar «potensielle trusselaktører» i Vesten i dag inngår i «digitale ekstremistiske nettverk som opererer helt eller delvis løsrevet fra tradisjonelle terrororganisasjoner». Vidare heiter det at nettverka er basert på deltaking i nettforum, spel, kanalar og chattar, samt på konsum, produksjon og spreiing av brukarproduserte bilete, videoar og tekstar på fleire ulike plattformer.

Tre vesentlege trekk

Før me går vidare: Det er her verdt å understreka viktigheita av å unngå ein moralsk panikk i møtet med nettbaserte medium og med ei digital verd der ungdomen – som innfødde – er meir komfortable enn mange i foreldre- og besteforeldregenerasjonen. Med det i mente: Rapporten peiker på tre vesentlege trekk. Dei er som følgjer:

  • Dei såkalla einsame ulvane spring ofte ut frå digitale nettverk, og radikalisering, ideologisk forankring og sosiale nettverk er basert på deltaking i desse. Difor er omgrepet «einsam ulv» også «som regel misvisende».
  • Element frå spelkultur og humor (!) er vesentlege element i digital radikalisering og mobilisering. PST-rapporten peiker til dømes på korleis memer har vorte ei sentral uttrykksform for «både høyreekstreme og ekstreme islamistiske digitale miljøer».
  • Organisatorisk tilhøyre betyr ofte mindre enn tidlegare.

Tenåringspartisanar

For å få ei betre forståing av kva PST snakkar om kan det vera verdt å kasta eit blikk på ein annan rapport. Kvart år gjev den britiske, antirasistiske organisasjonen Hope Not Hate (HnH) ut ein rapport kalla State of Hate. Der ser dei nærare på ulike miljø ytst på høgrekanten, både i Storbritannia og internasjonalt. Årets rapport er på 144 sider. Seks av dei handlar om ei gruppe som kallar seg National Partisan Movement.

På overflata kan det synast å vera ganske liten grunn til det. Denne rørsla er eit internettfenomen som berre dukka opp for nokre månader sidan, på biletdelingsplattforma Instagram og på meldingstenesta Telegram. Hope Not Hate har lukkast i å infiltrera gruppa, og fortel at ho har i overkant av 70 medlemer, fordelt på fleire land: flest i USA, rundt 15 i Sverige. Noreg er også nemnd, utan at det går fram noko meir.

Uansett er det snakk om eit ubetydeleg miljø.

Som døme er National Partisan Movement likevel interessant. Dette er ei nynazistisk gruppe som bruker Instagram til rekruttering og Telegram til intern kommunikasjon. Og det er ei gruppe som heilt spesifikt rettar seg mot generasjon Z, altså mot menneske fødd i 1995 eller seinare. Gruppa sin leiar viser seg å vera ein amerikansk 15-åring. To andre i leiargruppa er 17 år gamle Filip og 18 år gamle Thomas, begge frå Sverige, begge tidlegare aktive innanfor den nynazistiske Nordiska Motståndrörelsen. Yngstemann HnH avdekka var ein tolvåring. Eldstemann? Ein 28 år gammal amerikanar med ei årrekkje bak seg innan amerikansk høgreekstremisme, av ungdomane i National Partisan Movement sett på som ein «rådgjevar». Han rådde dei blant anna til å lesa Hitlers Mein Kampf.

Les også

Ekstremister rekrutterer barn gjennom populære spill

Hatet

HnH-rapporten fortel om idéane som florerer i denne nettbaserte tenåringsgjengen: antisemittisme, holocaustnekting og støtte til massemordarar.

4. mars i år skreiv til dømes eit medlem at det var naudsynt å utrydda alle ikkje-kvite, før han la til hyllester til både Adolf Hitler, Anders Behring Breivik og til Brenton Tarrant, gjerningsmannen bak antimuslimske terroråtak i Christchurch i mars 2019. Andre medlemer har delt klipp frå den forbodne britiske nynazistgruppa National Action og memer med massemordstematikk.

Aksjonsformene til National Partisan Movement har vore såkalla zoombombing (det vil seia å uinvitert koma inn i videokonferanserommet til til dømes ein skuleklasse, etter å ha fått kloa i innloggingsopplysingar), og opphenging av plakatar og klistremerke. Det kan synast relativt uskuldig. Mindre uskuldig? Eit medlem skal også ha skrytt over hærverk mot eit støttesenter for transpersonar. Og andre medlemer har konkret diskutert korleis dei skal få tak i våpen, eventuelt også ved å 3D-printa våpendelar.

Som State of Hate-rapporten understrekar kan det vera enkelt å avfeia desse ungdomane si lefling med høgreekstreme idéar som ein fase, og det kan vera fleire grunnar til at ungdom vert tiltrekte eit slikt miljø i utgangspunktet: det kan vera eit slags opprør, eller kanskje eit uttrykk for utanforskap eller framandgjering. Men lat det ikkje vera tvil: Desse ungdomane svermar for nynazistisk tankegods. Nazismen er per definisjon ein valdsideologi. Dermed er også grupper som dette eit trugsmål. Og National Partisan Movement kan tena som eit døme på eit større fenomen, og på korleis høgreekstrem nettradikalisering kan arta seg i 2021. Det er slik det PST snakkar om i sin rapport faktisk ser ut.

Publisert:
  1. Øyvind Strømmen
  2. Radikalisering
  3. PST
  4. Generasjon
  5. Nettverk

Mest lest akkurat nå

  1. Camilla Herrems verste opplevelse: – Jeg følte meg som en sviker

  2. Dette skjer i OL søndag

  3. Risikoen for å bli truffet av lynnedslag er liten. Likevel skjedde det med Vegar Engdal.

  4. Stavanger-kvinna er reisande lege i naud: – Eg ser på oppdraga mine utanlands som ein slags vaksinasjon mot det å ta vår velstand for gitt

  5. MC-fører kjørt til SUS etter ulykke i Sandnes

  6. Cupeventyret over etter hjemmesmell: – Vi hater å tape, det svir hver gang