La Siriskjær få ein park utan blokker

BYUTVIKLING: Stavanger Øst skal få ny park på Siriskjær. Det ser lovande ut, men samstundes er det noko som skurrar. Inderleg og intenst.

Innsendaren blir trist av tanken på at den nye parken på Siriskjær skal få blokker tett på. Han ber om at planane blir endra. Også Erlend Jordal (bildet) i Stavanger Høgre ønsker blokkene bort, slik at parken kan gå heilt ut til fjorden. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

  • Jarl Wåge
    Jarl Wåge
    Skribent
Publisert: Publisert:

Denne parken har vore planlagt lenge og er delvis ferdigstilt. Men blir ikkje fullført før om eit par år. Dette er i utgangspunktet strålande. Ein park er ei gåve til alle innbyggjarane i Stavanger. Og til folk som kjem på besøk. På plakatar der det er lagt inn kreative og frodige forslag frå planleggjarar og publikum, ser vi korleis parken kan bli. Det ser lovande ut.
Men kvar gong eg ser desse planteikningane, er det noko som ikkje stemmer. Det er noko nesten uærleg med dei.

Ytste delen av Siriskjær, den som vender ut mot fjorden og blånande fjell på andre sida, er nemleg som oftast ikkje med på teikningane. Om han er med, er han kvit. Du veit; som ein slik kvit flekk ein kunne finne mange av på gamle kart. Flekkar som fortalde at det var ukjende, uutforska område.

Det er sjølvsagt ein grunn til dette, og grunnen er ikkje at området er uutforska. Den enklaste forklaringa er at det ikkje er ein del av parken. Andre planteikningar av Siriskjær viser nemleg at det er planlagt blokker der.

Utsikt til blokkvegger

Kvar einaste gong eg tenkjer på dette, melder følgjande spørsmål seg: Korleis er det mogleg at politikarar, planleggjarar og utbyggjarar i det heile tatt har tenkt tanken om at blokker er det denne tomta treng? Det at det truleg blir noko av desse planane, gjer meg opprørt og nedstemt, og eg nektar nesten å tru at våre folkevalde kan godta dette. At dei ikkje er meir vidsynte. Har dei verkeleg tenkt å servere sjølvaste indrefileten i Stavanger Øst til pengesterke utbyggjarar i staden for til byens innbyggjarar?

Er det så farleg då, spør du kanskje. Eg meiner det er det. Siriskjær-parken kjem til å bli flott, kul, morosam, fantasifull. Ein oase der tusenvis av siddisar i generasjonar framover kan boltre seg, slappe av, nyte. Men greia er at parken kan bli Norges flottaste, kulaste, mest morosame, mest fantasifulle oase. Om politikarane våre klarer å tenkje litt større. Så stort at dei inkluderer resten av området i parken.

Tillèt dei bygging av blokker der, vil altså parken ha utsikt rett inn i høge mursteinsveggar, i staden for å vende ansiktet mot fjorden, båtlivet, spektakulære soloppgangar, rosalilla kveldar, øyer og flotte fjellformasjonar. Blokkene vil innebere enda eit stengsel mellom menneske og fjord. Stengsel det allereie er så altfor mange av i Stavanger. Blant anna vil dei ta bort ei truleg aldeles praktfull utsikt frå Lervig Sykehjem.

Tenk større!

Det gjer meg opprørt og nedstemt når eg tenkjer på kva parken kunne ha fått i staden for upersonlege blokker som nærmaste nabo. Stavanger manglar eit sjøbad. Her ligg det absolutt til rette for å lage ein badeplass etter modell av Sørenga i Oslo der det myldrar av folk. Eit Sørenga i miniatyr der ungdom kan henge på varme dagar; flørte, svømme i fjorden, stupe, sole seg. Eg ser for meg ei diger trebrygge med stupebrett og trinn ned i vatnet. Innanfor vil det vere plass til enda fleire tilbod. Eit gigantisk klatreapparat, ein ettetasjes serveringsplass med svære vindauge ut mot fjorden, ein paviljong, ein frukthage. Berre fantasien set grenser.

Eg kjenner ikkje godt til kommunale prosedyrar. Kanskje er det for seint å gjere noko med det? Kanskje er det inngått bindande avtalar? Det håper eg inderleg ikkje. Det er aldri for seint å snu, heiter det. Her treng vi politikarar som tør å sette ned foten. Kanskje finst det ei anna attraktiv tomt utbyggjarane kan få overta i staden?

Det er intens byggjeverksemd i Lervig-området, og stadig fleire menneske flyttar til det eg meiner er i ferd med å bli Stavanger sin aller beste bydel. Ein by i vekst treng boltreplassar. Siriskjær-parken er ein slik boltreplass. Visjonære politikarar kan oppgradere parken frå flott til spektakulært nivå. Om dei tør og vil.

Korleis er det mogleg at politikarar, planleggjarar og utbyggjarar i det heile tatt har tenkt tanken om at blokker er det denne tomta treng? Det at det truleg blir noko av desse planane, gjer meg opprørt og nedstemt.
Publisert:
  1. Siriskjær
  2. Stavanger
  3. Byutvikling

Mest lest akkurat nå

  1. Sju nye smittetilfeller på Nord-Jæren

  2. Dødsulykkene i Norge har skjedd på private elsparkesykler. Det bekymrer politiet

  3. Båt på land ved Sør-Hidle i natt

  4. Norge videre til kvartfinalen: – Det er deilig

  5. – Gøy at kjendiser bruker våre turistikoner på den måten

  6. Populær is skaper ny kald krig i Israel