Kor i skodda vart yrkesetikken av på vegen?

DEBATT: Trudde hovudpoenget med å vera lege var å gjera sjuke folk friske. Men «buisness is pleasure», tydelegvis.

«Det er på tide at kvinnekroppen får fred nå», skriv Vibeke Løland.

Debattinnlegg

  • Vibeke Løland
    Vibeke Løland
    Feminist og mor
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Eg las reportasjen i Aftenbladet 6. april om kosmetisk kirurgi (Trendbilaget). Ei meiningslaus utvikling, eg vert så provosert! Ein ting er alt presset på unge jenter/kvinner om å måtte ha ein «perfekt» kropp, kven nå det er som definerer det, pornobransjen, media, kjendisar, bloggarar, Paradise Hotel og andre tv-program, motebransjen etc.

Jenter skammar seg over eigen kropp, tørr ikkje dusja saman med andre jenter.

Uhøyrte utsegn

Men dette topper jo det meste – for nokre uhøyrte utsegn frå ein velutdanna kirurg, vil eg tru, Christian Tiller. Kor i skodda vart yrkesetikken av på vegen? Trudde hovudpoenget med å vera lege var å gjera sjuke folk friske. Men «buisness is pleasure», tydelegvis.

Eg er jaggu glad eg har søner, at eg ikkje har døtrer som må leva under dette ekstreme kroppspresset, om å higa etter å ha den "perfekte" kropp. Det startar med barberingshysteri når jentene kjem i puberteten. Jenter føler dei må barbera av seg alt kroppshår. Jenter skammar seg over eigen kropp, tørr ikkje dusja saman med andre jenter.

Tragisk

Unge, friske jenter og modne kvinner, det opereras inn på silikonbryst, det sprøytes inn botox både her og der for å glatta ut antydning til rynker, lepper forstørres, fettsuging, vaginakirurgi++. Og nå rumpeforstørring – det er heilt tragisk at jenter/kvinne skal måtte halda på med alle desse kostbare kirurgiske inngrepa for å kunne ha sjølvkjensla i orden!

Kva har bruk og kast, miljø/ressursvennlegheit med plastisk kirurgi å gjera?

Nokre sitat frå kirurgen Christian Tiller på Madlaklinikken: «Jeg synes det er en sunn utvikling at flere tenker på gjenvinning av eget fett», sier plastikkirurg. «Fettsuging har vært populært i alle år, og nå tror jeg mange er mer bevisst på å bruke fettet til noe mer fornuftig – i stedet for bare å kaste det. Da er jo rumpa et av de mest aktuelle områdene å fylle.» Min merknad: Ja, nå kjem gjenvinning/resirkuleringstanken på plass i plastikkirurgien også.

Les også

- Botox er den nye hudpleien

Les også

22 år gammel tar Jeanette sin første Botox-behandling. For å bli kvitt «sinnarynker»

Uforståeleg argumentasjon

Først fettsuging på deler av kroppen, så nytt inngrep som kostar meir pengar, sprøyta feittet inn i baken for å få sprettrumpe. Totalpris 52.000 kr. Så miljø-/ressursvennleg – ja, det er jo så inn i tida at ingenting skal kastas. Kva har bruk og kast, miljø/ressursvennlegheit med plastisk kirurgi å gjera? Er det eit forsøk på å gjera det liksom meir etisk korrekt at kvinner ikkje kastar det overflødige kroppsfeittet liksom? Uforståeleg argumentasjon. Har ein fettsugd seg så er det ingen i miljøbevegelsen som kjempar for at kroppsfeittet «gjenvinnas».

"Trenden hos oss er er klar – rumpeforstørrelse er det store hotte akkurat nå." Min merknad: Reklame for klinikken.

"Vi ser en eksplosjon i interesse for rumpeforstørring, spesielt de siste 15 månedene. Det kommer folk fra hele Norge for å operere seg." Min merknad: meir reklame for Madlaklinikken, få fleire jenter til å ta dei unødvendige rumpeløfta.

"Det er mulig dette er en forbigående motesak, men jeg tror rumpeforstørring har kommet for å bli", sier Tiller. Min merknad: Som punktet ovafor.
Kirurg Christian Tiller får fylgjande spørsmål: «Synes du det er problematisk på noen måte at stadig flere legger seg under kniven for å endre på utseendet?» Hans svar: «Nei, jeg gjør ikke det. Stort sett er det trygge behandlinger med lite problemer etterpå. Tatoverer du deg, er det der for godt, men en operasjon kan ofte reverseres.» Min merknad: Svært bekymringsverdig at ein kirurg ikkje er nevneverdig opptatt av at stadig fleire friske folk, ikkje minst unge, jenter legg seg under kniven for kosmetiske inngrep!

Sterke krefter

Eg konkluderer med at feminisme og kvinnesakskamp er høgst trengjande i åra framover pga. denne saka og sjølvsagt fleire andre saker. Alle me vaksne må gjera det me kan for å få stoppa denne utviklinga. Det er på tide at kvinnekroppen får fred nå! Me må støtta ungane våre, gje dei oppleving av sjølvverd og sjølvtillit med den kroppen dei har.
Det er ikkje kroppen som avgjer kva godt, dugande menneskje du er, kor lukkeleg du vert. Men me kjemper mot sterke krefter her, desto viktigare å ta eit felles løft på ulike arenaer, få slutt på dette kvinnefiendtlege kroppshysteriet.

Les også

  1. Om rumper og leger: Vi skal selvsagt ikke forby forfengelighet, men minner om at moter kommer og går

  2. Planla huset til minste detalj

Publisert:
  1. Debatt
  2. Botox
  3. Kropp

Mest lest akkurat nå

  1. Treneren etter Vikings første seriemedaljer på 14 år: - Vi hadde noe å bevise

  2. Viking-børsen: «Helt avgjørende for at medaljen er sikret»

  3. – Viktig for byen og identiteten vår. Fortjent!

  4. – Vi sitter her og fryser. Politikerne har ikke bakkekontakt

  5. Fauci om omikronvarianten: Oppmuntrende funn om alvorlighetsgraden

  6. Knut Arild Hareide flytter til Rogaland