Gigantisk heltebilete eller pause, avkopling frå profflivet?

DEBATT: «Bryne vil heidre byens store son Erling Braut Haaland med et gigantisk veggmåleri» er framsideoppslag 8. januar i Aftenbladet.

«Spørsmålet er om avstanden mellom oss og han vil auka eller minka med eit gigantmåleri i sentrum», skriv Jens Erland. Veggen er det tidlegare meieriet i Jernbanegata på Bryne.

Debattinnlegg

  • Jens Erland
    Jens Erland
    Bryne
Publisert: Publisert:

Forslaget frå senterleiaren(?) er godt meint. Ein vil bøta på at ingenting viser at Bryne er byen Erling vaks opp i, med tanke på journalistar og andre interesserte. Men kva slags verdisyn ligg bak eit slikt forslag?

Med ønskje om ei meir jordnær hylling av Erling Braut Haaland.

Skuffa og frustrert

Artiklar om Erling Braut Haaland har fyrsteprioritet for meg som for mange andre, men denne gongen vart eg skuffa og ikkje så lite frustrert. Skuffa fordi saka verka så lite gjennomtenkt. Frustrasjonen går på den totale mangelen på verdidebatt knyta til prosjekt ein vil ha gjennomført i denne kommunen.

Sjølv heiar eg både på Erling og Pøbel, på deira naturlege arenaer.

I går snakka eg med ei oppegåande dame i Hordaland, ho følgde nøye med Erling, sportsinteressert som ho er. Men det ho var mest oppteken av, var at han var ein likandes kar, ho trudde ikkje han ville la det gå til hovudet på seg. At han vil fortsetja å vera «ein av oss».

Spørsmålet er om avstanden mellom oss og han vil auka eller minka med eit gigantmåleri i sentrum. Ute i verda har eg sett slike kjempestore heltebilete ein stad, i Kina, av Mao. Mange vil seia at dette er noko heilt anna, og det er det. Men likevel ligg det noko her som godt kan diskuterast.

I artikkelen seier senterleiaren om husværet som nå vert oppgradert at «han får en god base … for en pause fra profflivet». Pause betyr avkopling, ein svært viktig verdi for å samla krefter til ein så krevjande jobb.

Ovanfor, i same avsnittet, seier senterleiaren: «Selv vil Erling B. H. nesten kunne se seg selv fra toppleiligheten». Blir dette avkopling?

Sementplater med asbest

Ein reint praktisk ting er sjølve veggen som er foreslått. Det er ein murvegg som er forblenda med sementplater med asbest i. Eg tvilar sterkt på at ein så erfaren kunstnar som Pøbel vil finna denne veggen brukbar. Platene er knuselege, om ei asbestplate vert øydelagt, kan det verta pålegg om å skifta heile veggen, med dei konsekvensar det vil ha. Dessutan er det tre høge vindauge i ein bygning omtala som bevaringsverdig i sentrumsplanen, dette vil heller ikkje gå i hop med eit «gigantmåleri». Og om ein vil satsa på ein ekstra vegg på taket, som antyda, vil dette vera enda meir kontroversielt.

Med ønskje om ei meir jordnær hylling av Erling, som me alle kan samlast om.

Les også

  1. Bryne vil ha gigantisk Pøbel-maleri av Erling Braut Haaland i sentrum

Publisert:
  1. Debatt
  2. Erling Braut Haaland

Mest lest akkurat nå

  1. Glatte veier: Brøyter og strør på spreng

  2. Ski­senteret har brukt 356.000 kroner på å produ­sere kunst­snø. Sånn ser det ut nå

  3. 781 nye korona­smittede på Nord-Jæren

  4. Kun to elever igjen i klasserommet - resten er hjemme med korona

  5. Fascinerande doku­mentar om verdas vakra­ste gut

  6. Breiviks tidligere advokat advarer mot sensurering