Økologisk mat er ikkje lureri, det er løysinga for framtida!

DEBATT: Mathias Renberg meiner at ein let seg lura når ein kjøper og et økologisk mat. Vankunna om økologisk mat er stor. Programmet Folkeopplysningen på NRK i 2016 var ikkje med på å betre situasjonen.

Det er varsla mangel på fosfor som er eit viktig stoff i kunstgjødsel. Me må importera dette og det gjer oss sårbare. Økologisk småskalajordbruk klarer seg utan.

Debattinnlegg

  • Marit Hauge
    Sandnes
Publisert: Publisert:

Sjølv et eg helst økologisk mat og det har eg gjort i snart femti år. Det gjer eg for å spara jorda, naturen og dyrelivet for giftstoff. For å ta vare på livet rundt oss og for å ta vare på livet nede i jorda, mikrolivet der og humuslaget, slik at jorda blir verande brukbar i framtida. Me veit at det er giftstoff frå landbruket i grunnvatnet i Danmark og at bier og andre insekt forsvinn på grunn av sprøytemidla. Biverknadane ved å eta økologisk er at det både smakar betre og er meir næringsrikt.

Eg forstår at det er lite kunnskap både om dyrking generelt og særleg om økologisk dyrking. I NRK-programmet blei eit koparstoff som er godkjent i økodyrking trekt fram. Det er ikkje så bra i større mengder, men faktum er at det er svært lite brukt, visstnok på frukttre, det blir selt på hagesenter og vanlege folk kjøper det. Nokre få kilo per år. Alle tonna med diverse giftige sprøytemiddel som konvensjonelt landbruk brukar, blei ikkje nemnd.

Har de høyrt om cocktaileffekten? Alle sprøytemiddel har eit øvre nivå som ikkje må overskridast, men det er ikkje forska på kva alle desse giftstoffa gjer med oss og arvestoffa og alt liv når dei verkar samen.
Les også

I Danmark er dette stort. Norge ligg langt etter

Verda er ikkje perfekt

Økologiske bønder blir også kritiserte fordi det i økokornproduksjon er lov å bruka kuskit frå nabogardar som ikkje driv øko. Er ikkje dette inkonsekvent og kunne ein då kalla maten giftfri? Nei, det blir ikkje heilt fritt for gift då, men verda er ikkje perfekt. Det må likevel vera betre å bruka den skiten enn å køyra skit frå ein økogard langt vekke? NRK nemnde ikkje at tilsvarande nabogardar på Austlandet som driv konvensjonelt, brukar kloakkslam, blei heller ikkje nemnd. I slammet er det ikkje berre menneskeskit, det er mye graps som går i kloakken. NRK burde ha eit nytt program med like kritisk blikk på vanlege gardar.

Alt då programmet blei laga i 2016 var forsking som viste at økomat inneheld meir næringsstoff. Nyleg stadfesta ei større undersøking dette. Noko som er heilt logisk. Kunstgjødsel inneheld 4–6 grunnstoff, i mange høve er det då alt plantane får. Me menneske treng meir enn protein, karbohydrat og feitt. Me treng vitamin, mineral, sporstoff og antioksidantar.

Plantane som skal gje oss allslags sporstoff, kor skal dei få dei frå om dei bare sjølv får hovudstoffa? Om jorda i utgangspunktet er særs god og rik, vil det vera eit lagar som held ei stund, men det vil ta slutt. Om ein i tillegg sprøyter på gift, vil ein drepa mykje av det sinnrike mikrolivet i jorda, som hjelper på vekst og jordhelse, og dermed plantane. Plantane blir sjølvsagt meir motstandskraftige mot sjukdom om dei er i balanse og får alt dei treng. Nett som me.

Har de høyrt om cocktaileffekten? Alle sprøytemiddel har eit øvre nivå som ikkje må overskridast, men det er ikkje forska på kva alle desse giftstoffa gjer med oss og arvestoffa og alt liv når dei verkar samen. Er ikkje det skremmande? Er det ikkje då betre å vera føre var?

Aftenbladet hadde nyleg ein artikkel om tarmhelsa vår, livet der inni er blitt mykje dårlegare, det er færre gode bakteriar som jobbar for oss. Eit av råda var å eta økologisk mat. Eg meiner det bare er eit tidsspørsmål før dette er noko alle forstår.

Les også

Gunhild Melleby (46) følte seg ofte utmattet før kostendringene. Nå advarer ernæringsbiolog mot maten hun droppet

Rovdrift legg jorda aude

I USA er svære område lagt aude grunna rovdrift i 100 år. Det er område der all humus er vekke frå jordoverflata, slik at det er umogleg å dyrka noko. Dag Jørund Lønning skriv om dette i bøkene sine. Ikkje så ille hjå oss, for me har hatt mindre bruk, brukt meir dyreskit og aldri langt til ein gjeng med lauvtre som feller sine blad. Men humuslaget, det mørke fruktbare laget øvst som me dyrkar i, det har minka her også. Den trenden må me snu.

Det er varsla mangel på fosfor som er eit viktig stoff i kunstgjødsel. Me må importera dette og det gjer oss sårbare. Økologisk småskalajordbruk klarer seg utan. Det er også her me får dei største avlingane per kvadratmeter. Ja, for me brukar ikkje store vegar til traktorar, me nyttar samplanting av ymse slag, bygger gradvis tjukkare moldlag og kan derfor planta tettare. Det er arbeidsintensivt, men det er nok fleire som kan arbeida enn i dagens samfunn, og med spådde robotar inn både her og der, kan det vera godt å ha meiningsfullt arbeid å by til folk. Sjekk ut Singing frogs farm i USA, dei er visst den garden i verda som kan visa til mest grøde per kvadratmeter.

Men eg skal gi Mathias Renberg rett i at me bør klara oss med mykje mindre plast i alle samanhengar.

Eg som skriv dette er hobbybonde, gammal bestemor og i stor grad sjølvberga med grønsaker, frukt og bær. Eg har ikkje samla på artiklar eg kan visa til, men eg har vore interessert og samla meg kunnskap i ein kvinnealder.

Me veit at det er giftstoff frå landbruket i grunnvatnet i Danmark og at bier og andre insekt forsvinn på grunn av sprøytemidla. Biverknadane ved å eta økologisk er at det både smakar betre og er meir næringsrikt.

Les også

  1. Spiser du økologisk? Du blir lurt og betaler dyrt for føleri

Publisert:
  1. Debatt
  2. Økologisk mat
  3. NRK
  4. Økologisk
  5. Dag Jørund Lønning

Mest lest akkurat nå

  1. To 19-åringer omkom i MC-ulykke i Gjesdal

  2. Da han såg det gamle bildet, forstod Espen at ryktet om besteforeldra si hytte var sant

  3. Sjekk hvor du får den beste maten i Sirdal

  4. NM-gull til Stavanger-syklist

  5. Tre kansellerte flyvninger fra Sola

  6. Markering i Byparken i Stavanger klokken 18 søndag