Kraftselskapa har utbyttefest, kjem på rekninga til folk flest

DEBATT: Det vert sagt at me får dei politikarane me fortener, men har me verkeleg stelt oss så dårleg?

«Natur er rasert for å byggja vindkraftverk med utanlandske eigarar, og om vasskraftverka er på norske hender, så er målet nå å eksportera straumen», skriv Sven Åsland.

Debattinnlegg

  • Sven Åsland
    Pensjonist, siv.ing. elektro
Publisert: Publisert:

Me ser i media at Noreg til nå i år har eksportert 10 prosent av straumproduksjonen. Englandskabelen vart sett i drift i oktober og er endå i prøvedrift, berre halv kapasitet. Likevel har 30 prosent av eksporten gått dit desse månadane. Landet vårt er frå naturen si side rikt på ressursar. Det har vorte eksportert tømmer, me har fisk og hav, vasskraft, olje/gass og vind. Men me har stelt oss dårleg, me har ein u-landsøkonomi, me eksporterer råvarene naturen har gitt oss med lite foredling, det som skapar arbeidsplassar og økonomi.

Dei siste kablane som er komne til Tyskland og England er reine eksportkablar.

Arbeidsplassar og verdiskaping

Framsynte politikarar sikra i si tid at fossar og kraftverk er under norsk eigarskap. Det har gitt oss ein fordel når det gjeld rimeleg og sikker kraft til glede for folk flest og næringsliv. Me har mellom anna ein sterk smelteverksindustri som gir arbeidsplassar og verdiskaping. Likeins vart det sikra norsk kontroll over olje og gass, men alt då var det nokre politikarar som helst ville selt alt ut for ein rimeleg penge.

Det vart etablert eit skattesystem som sikra at verdiane vert i landet og vert stort sett forvalta fornuftig (om det etter mi meining vert brukt litt mykje). Etter dette går det galne vegen. Natur er rasert for å byggja vindkraftverk med utanlandske eigarar, og om vasskraftverka er på norske hender, så er målet nå å eksportera straumen. Prisen går opp til europeisk nivå til store problem for folk, industri og landbruk. Og om industrien må innstilla, vert det meir straum til eksport til glede for kraftnæringa.

Svart belte i skattevegring

Det som synest å ha framtidig verdi for politikarane er datasenter som brukar enormt med energi og gir få arbeidsplassar. Helst ønskjer dei store utanlandseigde selskap med svart belte i skattevegring. Me har i mange år hatt overføringar til Sverige og Danmark. Dei har hjelpt til med å stabilisera balansen i unormale år og kapasiteten har vore god nok. I snøsmeltinga om våren kan det henda at det er vatn som ikkje vert nytta, ganske enkelt av di kraftverka ikkje er dimensjonert for så store mengder.

Dei siste kablane som er komne til Tyskland og England er reine eksportkablar. Sterkt ønska av bransjen, og bransjen har nok villeia politikarane i denne saka. Dei har vore fullt klar over at prisane ville gå opp. Det er også politikarar som ønskjer høgare pris for å gjera andre kjelder for straum konkurransedyktige. Men nå rår kortsiktige profittomsyn mest, situasjonen for industri og innbyggjarar vert ikkje vektlagd. Det vert sagt at me får dei politikarane me fortener, men har me verkeleg stelt oss så dårleg?

Les også

  1. Dette går strømregningen din til

  2. Dyrare straum i Sør-Norge fredag

Publisert:
  1. Debatt
  2. Datasenter
  3. Eksport
  4. Strøm

Mest lest akkurat nå

  1. Fikk 10 millioner til å arrangere konserter, brukte 2 millioner på lønn

  2. Da familien skaffet seg hytte, fulgte en ny hobby med på kjøpet

  3. Byfest i Stavanger: - Gjenbruk i stedet for forbruk!

  4. Kvinne i 30-årene pågrepet etter alvorlig voldshendelse

  5. Omkamp om gratispasseringer på kveldstid

  6. Derfor melder jeg meg ut av MDG