Kunnskap skal styra rike og land, inkludert i distrikta

KRONIKK: Arbeidslivet i distrikta ropar etter folk med høgare utdanning. Derfor gler det oss å lesa at UiS-rektor Klaus Mohn meiner at høgare utdanning ikkje lenger er for dei få.

Katharina Hurme startar til hausten på UiS’ si desentraliserte sjukepleiarutdanning i Ryfylke. Regionen, og andre regionar som manglar viktig kompetanse, treng meir av slikt.

Debattinnlegg

  • Einar Schibevaag
    Einar Schibevaag
    Rådgjevar, Ryfylke IKS
Publisert: Publisert:

Ryfylke er ein stor og fragmentert region (nær 50 prosent av Rogaland fylke sitt areal) med eit stabilt folketal på rundt 25.000 innbyggjarar. Verdiskapinga i Ryfylke er stor, basert på rike naturressursar og varige konkurransefortrinn, men regionen greier i for liten grad å foredla (verdikapra) desse ressursane lokalt. 12 prosent av all vasskraft i Noreg blir produsert her, ressursen sentrale strok i all hovudsak nyttar til verdiskaping.

Havbruk er ein av annan stor næringane i regionen. Berre vel seks prosent av dei som arbeider her, har høgare utdanning Det fortel oss at formalisering av kompetanse har hatt for lite fokus i Ryfylke. Folk har høg grad av uformell kompetanse, men den formelle kompetansen er låg. (Telemarksforsking 2021/moriryfylke.no).

Stort kompetansebehov

Derfor har Ryfylke-kommunane teke grep, og me ser at det er stor interesse for etter- og vidareutdanning. Gjennom kartleggingsarbeid ser me at dei som bur her, har stor vilje til å formalisera eigen kompetanse eller å søkje nye karrierevegar. Men dei set som føresetnad at det må skje lokalt. Kartlegginga viser nemleg at meir enn 60 prosent av dei som vil ha kunnskapspåfyll, krev at tilbodet skjer lokalt (moriryfylke.no).

Derfor er det fint at UiS-rektoren går føre og visar veg når han skriv:

«Utdanningar som tidlegare var tilpassa eit lite utval av folkesetnaden, passar ikkje utan vidare for større masser. Det er grenser for kor mange sprenglærde intellektuelle og teoretikarar arbeidslivet er i stand til å svelge unna. Spesielt gjeld dette i ei tid der endringar skjer raskt og krava er høge – til relevans, nytte, verdiskaping og omstilling.»

For tre av fire vaksne i Ryfylke som vil vidare­utdanne seg, er det uaktuelt å gjere det i Stavanger.

Desentralisert utdanning

Nye tider krev nye løysingar, og for eit universitet som skal vera ein akademisk arena, må søkelyset òg i større grad retta seg mot dei som er i arbeidslivet – anten dei bur i Stavanger eller utanfor byen sine grenser.

Når UiS nå legg ei sjukepleiarutdanning utanfor campus på Ullandhaug og til Ryfylke hausten 2022, er det eit viktig skritt på denne vegen. Katharina Hurme frå Suldal ønskjer å starte på dette studiet, og ho fortel til Aftenbladet (16.03.) at å pendla til Stavanger for å ta utdanninga, ikkje hadde gått. Med arbeid og familieliv er det for krevjande å bruka mange år på ein campus langt heimanfrå.

Kompetanse er vanskeleg å trekke til seg utanfrå, slo Victor Norman fast gjennom rapporten «Det handler om Norge – bærekraft i hele landet» (NOU 2020: 15 2020). I ei kartlegging sa 75 prosent av dei vaksne som ville vidareutdanne seg, at det var uaktuelt å reise til Stavanger for å ta denne utdanninga (moriryfylke.no).

Hurdalsplattforma

Ryfylke har per i dag langt over 100 stillingar som er lyste ledige, og som krev ulik kompetanse (arbeidsplassen.no). Talet er nok langt høgare, då arbeidslivet leiger inn arbeidskraft der kompetansen er uråd å få tak på vanleg måte.

Det er derfor bra at Støre-regjeringa følgjer opp den førre regjeringa på fleire område i kompetansepolitikken. I Hurdalsplattforma står livslang læring og distrikta sentralt. Regjeringa set tydelege nasjonale krav til universitet og høgskular om regionalt nærvær for å styrkje det desentraliserte tilbodet og møte regionalt kompetansebehov.

Universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren) sine tilbod på campus er for langt unna, både fysisk og «psykisk», for mange. Fokuset vårt er at alle skal ha rett til utdanning, uavhengig av adresse. Derfor tar regionrådet på seg å vere det koordinerande leddet som skal kopla saman tilbydarar, behov og etterspørsel. Slike kollektive, regionale løysingar mellom arbeidsliv, UH-sektoren/forskingsmiljø og brukarar er nå avgjerande viktig.

Høgskulen på Vestlandet har gjennomført samskapte og desentraliserte utdanningar. der alle studiesamlingane er lagt til Ryfylke. Erfaringar har ført til at Høgskulen har inngått ein avtale med regionrådet om skreddarsaum av utdanningar tilpassa arbeidsliv og folk i regionen.

Likeverdig samarbeid

Samskaping har her vore eit viktig bidrag for å forme utdanningsløp som er tilpassa behova som er i Ryfylke. Men samskaping er noko meir enn å medverka, det fordrar eit likeverdig samarbeid der ulike partar i offentleg og privat sektor.

Me ser at UH-sektoren har starta på jobben, men samhandlinga må vidare enn det Klaus Mohn skriv i artikkelen sin, «gjennom utforsking og etablering av nye måtar å samhandle på, nasjonalt og internasjonalt». Det regionale nærværet for å styrkje det desentraliserte tilbodet i møte det regionale kompetansebehovet i regionar som Ryfylke, er dessverre vanskeleg å sjå.

Dei klare politiske føringane regjeringa gir på UH-området er viktige for å stø opp om behovet for eit kompetanseløft i Distrikts-Noreg. Ryfylke og Dalane, ved Dalane utdanningssenter, er i gang med kartlegginga av behov. Eit kompetanseløft for regionane står høgt på agendaen vår, og me vonar alle føler eit ansvar for å følgje opp politiske føringar som eit samstemt politisk miljø har lagt for livslang læring.

Publisert:
  1. Ryfylke
  2. Utdanning
  3. Distriktspolitikk
  4. Klaus Mohn

Mest lest akkurat nå

  1. Trafikkuhell ved Kvadrat

  2. Mistet førerkortet etter farlig forbikjøring

  3. Ertvaag-familien dro inn 84 millioner - tar 23,5 millioner i utbytte

  4. Ingve Bøe slakter tv-ekspert etter Tripic-episoden

  5. Enighet mellom byggherre og utbygger om Sola Arena - Folkehallene punger ut med 49 millioner kroner

  6. Skulle føre til bedre matlyst: - Å bare stole på tallerkenen med rød og gul farge er ikke nok