Kva med å utdanna eigne lærarar for små skular?

SKULE: Skulenedlegging kan få store konsekvensar for eit bygdesamfunn. Mindre skular er betre enn ryktet sitt, difor bør ein bremsa skulesentraliseringa og få til ei eiga utdanning av lærarar som skal arbeide på små skular.

Det er sagt at store skular har eit betre fagleg og sosialt miljø enn mindre skular. Dette er eit argument med modifikasjonar.

Debattinnlegg

  • Sigmund Sunnanå
    Sigmund Sunnanå
    Tidlegare utdanningsdirektør i Rogaland
Publisert: Publisert:

I NRK og andre medium har det i det siste vore debatt om skulenedlegging i mindre bygdesamfunn. I dei siste ti åra er 500 skular lagde ned, dvs. i gjennomsnitt ein skule kvar veke.

NRK hadde 22. august ein reportasje frå Sveio. Der var det aktuelt å leggja ned to skular. Her blei det protestert mellom anna med brenning på vardar og bilkortesjar, og protestane førte fram. Få bygdesamfunn har slike ressursar å stilla opp. Trass i stort engasjement står dei fleste bygdesamfunn att med eit tomt skulehus når kommunestyra har gjort sine vedtak.

I TV-programma er både Ap og Høgre spurde om kva dei vil gjera med dette. Begge partia toar sine hender og svarar at skulestruktur er ei kommunal sak. Etter mi meining er dette ei altfor passiv haldning. Nedlegging av skular har også nasjonale konsekvensar. At ei bygd misser skulen sin, går ikkje berre på opplæringstilbod, men også på trivsel, identitet, busetjing og næringsutvikling.

Smått er ofte godt

For å ta heile landet i bruk må staten bidra med nødvendige lov- og forskriftsendringar, initiativ, tiltaksplanar og pengar. Det er sagt at store skular har eit betre fagleg og sosialt miljø enn mindre skular. Dette er eit argument med modifikasjonar. I Sogn og Fjordane, som har mange mindre skular, gjer elevane det nesten like godt på nasjonale prøver som i Oslo og Bærum. Mindre skular gir også oftast elevane eit tryggare og betre sosialt miljø.

I samband med debatten om skulesentralisering er også spørsmål om lærarutdanninga blitt aktualisert. I Nordland jobbar ei aksjonsgruppe for å få ei eiga lærarutdanning for mindre skular. Den nasjonale lærarutdanninga med vekt på få fag, passar dårleg for mindre skular. Her treng ein lærarar med utdanning i ein brei fagkrins. Lærarar med utdanning i berre få fag må på mange skular også undervisa i fag som dei ikkje har utdanning i. Dette er nødvendig for å gi elevane undervisning i alle faga i læreplanen og for at lærarane skal ha fulle stillingar.

Landet treng mange lærarar. I siste nummer av Krono er det eit oversyn som viser at to av tre lærarutdanningsinstitusjonar har ledige studieplassar. Lærarutdanninga i Bodø skulle til dømes hatt 40 studentar på 1 -7, men har berre 14. Stord skulle hatt 54 studentar, men har berre 14. Svak rekruttering til lærarutdanninga, spesielt for barnesteget, har vore ein klar tendens dei siste åra.

Ikkje firerkrav

For å få betre rekruttering kan eg tenkja meg følgjande: Kravet om karakteren 4 som opptaksgrunnlag, må bort. Opptaksgrunnlaget bør baserast på ein gjennomsnittskarakter av alle faga i vidaregåande opplæring. Kravet om obligatorisk mastergrad for alle studentar må gjerast om til eit frivillig tilbod for studentar og vidareutdanning for lærarar. I staden for den todelte utdanninga vi har i dag, bør vi få ei brei 4-årig samanhengande utdanning der studentane undervegs i studiet kan velja fag med ulikt omfang som kan vera innretta mot undervisning på barnesteget eller ungdomssteget.

For å gjera utdanninga spenstig og tillokkande bør det leggjast inn sosiale og kulturelle aktivitetar som del av studiet. Lærarane bør få betre lønns- og arbeidsvilkår og høgare status. Håpar at vi etter valet får ei regjering som er i stand til å ta tak i både skulesentraliseringa og lærarutdanninga.

Publisert:

Valg 2021 - skole

  1. – Leksebevisst skole, ja takk!

  2. – Lovfest miljøterapeuter i skolen

  3. Kva med å utdanna eigne lærarar for små skular?

  4. Eg vil ha fagleg betre nasjonale prøver. Det vil visa eit rausare syn på elevane

  5. Regjeringa har slått bensin på bålet i lærarkrisa

  6. Rogaland best i landet: Slik får de flest mulig til å fullføre videregående

  1. Valg 2021 - skole
  2. Skole og utdanning
  3. Utdanning
  4. Skolepolitikk
  5. Undervisning