Norsk landbruk har viktige samfunnsoppgåver

DEBATT: Norge har nå bare ca. 38.000 gardsbruk. I 1949 var talet ca. 200.000 gardsbruk over 5 dekar. Dette er ein dramatisk reduksjon.

«Færre gardsbruk i distrikta gir redusert folketal, reduserte skuletilbod og andre servicenæringar. Resultatet er fråflytting», skriv Eirik J. Varhaug.

Debattinnlegg

  • Eirik J. Varhaug, Varhaug
    Pensjonert bonde og landbrukslærar
Publisert: Publisert:

Utviklinga har bakgrunn i ønskje om større og meir lønsame gardsbruk som kan produsere både billige og gode matvarer. Etter krigen trongst det dessutan meir folk i industri og andre meir lønsame næringar.

Etter mi meining har nå denne utviklinga gått for langt. Framleis er viktige samfunnsoppgåver knytta til norsk landbruk.

Eg nemner:

  1. Matproduksjon, kvalitetssikra ved HMS-reglar og streng kontroll.
  2. Matvareberedskap, supplert ved nasjonale beredskapslager.
  3. Forvaltning av kulturlandskap og delvis av naturlandskap, inkludert generell landskapspleie.
  4. Produksjon av trevirke og forvaltning av skogsareal.
  5. Busetting i Distrikts-Noreg.
  6. Gi rom for busetting tilknytta andre yrke. (Aktuelt i vår «digitale tidsalder».)

Matproduksjon

Norge er eit høgkostland. Norsk klima og topografi aukar kostnadane. «Stordriftenes fordeler» er ofte tvilsomme i norsk landbruk. Kostbare investeringar i bygningar, maskinar og utstyr er ofte ikkje lønsame. I regnfulle år øydelegg tunge maskinar og traktorar jordstrukturen. Resultatet er dårlegare avlingar og redusert lønsemd.

I dag har mange større gardsbruk og samdrifter så spreidde jordstykke at traktortransport på offentleg vegnett er til ulempe både for bønder og for annan trafikk. Transporten kostar dessutan både tid og pengar.
Spesialisert landbruk er sårbart. Utan nok tilgang på fossilt brensel og elektrisk straum, stoppar det meste. Komplisert teknisk utstyr gjer nå gardsdrift meir krevjande enn tidlegare. Allsidig gardsdrift (fleire husdyrslag og planteslag på garden) gir best beredskap.

Klimaendringar og aukande globalt folketal aukar risiko for global matmangel. Kjøkkenhagar, kolonihagar og liknande kan fort verta viktigare enn i dag. Men folk treng kunnskap om til dømes grønsak- og potetdyrking. Fysisk arbeid gir dessutan helsegevinst.

Busetting

Landbruk er oftast grunnpilaren for busetting i Distrikts-Noreg. Færre gardsbruk i distrikta gir redusert folketal, reduserte skuletilbod og andre servicenæringar. Resultatet er fråflytting. Den «digitale tidsalder» kan truleg motverke fråflyttinga. Stikkord: Heimekontor. Kombinasjon av jobb og familieliv i fin natur vil nå vera mogleg. Kjøp av småbruk der også landskapspleie er ein naturleg del av bumiljøet, vil kunne vere ei vinn-vinn-sak. Dei fleste av oss ønskjer ikkje at landet vårt skal gro til av kratt, ugras og falleferdige bygningar. Styresmaktene har her ein jobb å gjera.

Etter mi meining bør det nå vurderast:

  1. Forbod mot «slakting» av gardsbruk. (Jorda seld til tilleggsjord og bustadhuset fråskild).
  2. Krav om lausdrift bør bare gjelde for buskapar over til dømes 30 mjølkekyr. (Kostbar omstilling i små buskapar er ikkje lønsamt. Nedlegging av mjølkeproduksjonen kan då vere dramatisk for bondefamilien og kan medføre fråflytting.)
  3. Andre tiltak i samband med samfunnsoppgåvene 1–6. For å løysa alle desse oppgåvene trengst det nå både store gardsbruk/samdrifter og småbruk, og god nok økonomi i yrket.
Landbruk er oftast grunnpilaren for busetting i Distrikts-Noreg.

Les også

  1. Pøbel slo til igjen, denne gangen for den norske bonden

  2. Årets dyreste strøm mandag: – Det er rekord­nivåer for års­tiden

Publisert:
  1. Debatt
  2. Landbruk
  3. Jordbruksoppgjøret
  4. Jordbruk
  5. Varhaug

Mest lest akkurat nå

  1. Den mest kunnskapsrike vi kjente

  2. Elsparke­syklist døde etter ulykke – navnet er frigitt

  3. TV 2: Planlegger for lettelser: – Kan bli slutten på karantene

  4. Energisjokket: 7–8 tomatbønder gir opp – andre bytter til fyring med propan

  5. Elden har også vært på siktedes side i Birgitte-saken

  6. Lillebror er sjefen over storebror: – Jeg får skylden om ting går til helsike