Lengst veg og øydelagt bygd?

SAMFERDSEL: Storsamfunnet treng ny E39. Bestillinga var kortast mogleg veg mellom Stavanger og Kristiansand.

Innsendaren er uroa over Vegvesenet sitt val av trasé for nye E39 gjennom Helleland. Foto: Arnt Olav Klippenberg

Debattinnlegg

  • Oddny Sandstøl Frisk
    Helleland
Publisert: Publisert:


Nå har Statens Vegvesen vald det lengste av dei to alternativa R1 og R2. R2 er ikkje den kortaste vegen. Kva i all verda skjedde?

I alle desse åra har me på Helleland høyrt at R1 er den som best svarer til bestillinga; kortast veg. Nye Veier har sagt at det er kun R1 dei ynskjer å bygga.

Fart og forurening

Me på Helleland har pusta ut, for ny E39 i trasé R1 ville passera oss i tunnel. R1 vil vera eit høve for vekst her i bygda vår. Bøndene vil behalda mykje av ressursgrunnlaget sitt, drikkevatnet vil vera trygt, det vil vera mogleg å bygga fleire hus, og barna vil få ein trygg skuleveg og trygt skuleområde.

Nå skal Kommunaldepartementet avgjera kor ny E39 skal gå. Statens Vegvesen endra i tolvte time tilrådinga si frå den kortaste R1 til den lengste R2. R2 vil dela Helleland. Me vil få 4-felts motorveg gjennom gardane våre, jorda vil bli lagt under asfalt, bebyggelsen vår vil få støy frå trafikk som skal gå i 110 kilometer i timen, i staden for dagens 60 kilometer i timen. Drikkevatnet vårt skal passerast med fylling eller bru - med den forureiningsfaren det vil føra med seg, og barna våre vil få motorvegen tett på skulebygget og idrettsanlegget sitt. I tillegg vil rommet for å utvikla Helleland og bygga fleire hus vera vekke.

Men kva var det som skjedde?

Me håpar at Kommunaldepartementet velger R1 sjølv om Statens Vegvesen ser ut til å ha uvita i siste innspurt. Dette er rein matematikk: R1 er kortast. Og for kvar bil som må køyra 3-4 km lenger, vil det vera 3-4 km meir med utslipp. Det trur ikkje me innbyggarane og regjering ønsker. Kortast veg vil vera bra for dei som skal på jobb eller på hytta, og for dei som skal frakta varer. Det er også best for miljøet og for trafikktryggleiken.

Og i tillegg vil den kortaste vegen vera best for bygda Helleland.

Publisert:
  1. E39
  2. Trafikk
  3. Kristiansand
  4. Stavanger

Mest lest akkurat nå

  1. 32 nye personer smittet på Nord-Jæren

  2. Berit Elise Pedersen var på ferie i Italia og lurte på hva hun skulle bruke livet til. Så reiste hun hjem, sa opp jobben og startet egen bedrift

  3. – Det er godt å vite at klubben er i trygge hender

  4. Stor oversikt: Her ble folk i Stavanger og Sandnes korona­smittet i april

  5. 101 smittetilfeller knyttes til russefeiringen

  6. Boblende start på ute­livet: – Helt fan­tastisk!