Siddis-ambassade hjelper lite, å slå saman kommunar hjelper meir

GJENNOMSLAG: Siddis-ambassade i Oslo er ikkje det som skal til for å få gjennomslag for viktige saker. Truleg sit me sjølv med nøkkelen.

Stavangers gjennomslagskraft avheng ikkje av nokon ambassade i Oslo. Grensejusteringar lokalt, derimot, vil ha effekt, skriv KrF-politikar Henrik Halleland.

Debattinnlegg

  • Henrik Halleland
    Gruppeleder, Stavanger KrF
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Gruppeleiarane i dei to største partia i Stavanger, Høyre og Arbeidarpartiet, meiner Stavanger-regionen ikkje når fram med bodskapen om dei viktigaste sakene for denne regionen. Det har dei nok rett i, men løysninga dei skisserer er ikkje framtidsretta.

Me må ordna opp sjølv

Det er alltid enkelt og skulda på andre når ein ikkje får det som ein vil.
Eg meiner det er mykje meir interessant å sjå på kva me kan ordna sjølv.
Korleis kan Stavanger-regionen få større gjennomslag? Svært mange som jobbar med dette veit at det trengst meir samarbeid, mindre grenseovervaking og meir regionstenking.

Først glapp kommunereforma mellom fingrane våre utan at me klarte å nytta høvet til å modernisera regionen. Innbyggjarane avgjorde, blei det sagt. Det er eg ikkje så sikker på. Slik eg ser det handlar mykje om korleis ein spør. Heldigvis er det ikkje for seint. Reformstøtta står framleis ved lag. Ein prosess mellom Stavanger og Randaberg vil utløyse 50 millionar kroner i reformstøtte.

Ei modernisering må til

Heller ikkje regionreforma førte til endringar. Her kan ikkje lokalpolitikarane springa frå ansvaret, dei kan heller ikkje peika på andre. Norge må moderniserast dei komande åra. Det betyr ingenting om det er Jonas eller Erna som styrer og regjerer. Svaret er det same.

Fem til ti år er ikkje eit langt perspektiv i den politiske verda. I denne perioden vil me kunne reise mellom både Bergen og Kristiansand på to timar, og Oslo på fem. Det er fleire store samfunnsnyttige prosjekt som står for denne utviklinga. Prosjekt som er heilt nødvendige for regionen si konkurranseevne.

Set vi saka om medisinstudie på UiS inn i dette perspektivet, får vi ein heilt annan debatt. I staden for å skyta på andre bør dei to største partia i regionen heller bruka tida på å snakka saman lokalt. Eg trur faktisk dei er heilt einige. Men tør dei?

Les også

  1. Trenger Stavanger en «ambassade» i Oslo?

Publisert:
  1. Kommunereform

Mest lest akkurat nå

  1. Flere pasienter utviklet spredning av kreft mens de deltok i norsk kreftstudie. – Vi er veldig lei oss

  2. Mange hoster. Slik finner du lettere ut hvilket luftveisvirus du er smittet av

  3. Her sto det en hytte. Så forsvant landskapet rundt, bit for bit. Nå får eieren ikke bygge den opp igjen

  4. Mikal Stømne (24) gikk ned 84 kilo på egen hånd. Fem grep ble avgjørende.

  5. Nå kutter flere skoler ned på leksene

  6. To tenåringer og den enes stefar tiltalt for grov kroppsskade