Hu Jenny og utdaterte kvinnesyn
KVINNER PÅ SOKKEL: I Aftenbladet 7.august går Natasja Askelund til et kraftig angrep på forslaget om ein skulptur av ei arbeiderkvinne i varehandelen på Nytorget. Me som står bak forslaget har visst både eit utdatert kvinnesyn og eit forenkla syn på kunst i det offentlege rom.
- Jo JensegLeder, LO i Stavanger og omegn


Først vil eg seie at det er bra med diskusjon generelt om både utforming av byen vår, og ikkje minst kunsten sin plass i det offentlege rom. Det har altfor lenge vore sterke næringsinteresser som har fått bestemme. Men forslaget om statue på Nytorget handlar ikkje om at me meiner kunst i det offentlege rom skal handle om å sette folk på soklar.
Skivebom i kritikken
Ikkje nok med at Askelund tilskriv oss eit slikt synspunkt, ho ser og ut til å meine at me heller vil klappe for helsearbeidarane enn å gi dei skikkelege arbeidsvilkår. Ein slik kritikk kan vel neppe vere meir malplassert. Om det er nokon som har stått i front for skikkelege arbeidsvilkår både for helsearbeidarar og butikkansatte , må det vel vere LO.
«Klarere kan det ikke sies at regjeringa vil at koronakrisens helter innen helse, omsorg og renhold skal betale en betydelig del av kommunenes økte utgifter som følge av koronakrisen. Det kan synes som at regjeringen mener at disse yrkesgruppene bør ta til takke med æren og berømmelsen de nå har blitt til del. Vi oppfatter Astrups uttalelser som en hån mot kommunalt ansatte, vi er av den oppfatning at koronakrisen har vist at disse gruppene fortjener et lønnsløft og ikke det motsatte.»
Eit gammaldags historiesyn
Askelund ser jo ikkje ut til å vere mot skulpturar generelt, men ein må berre ha «utretta noko» for å få æra av å få ein skulptur. Ho nemner fleire kvinner som kunne ha fortent ein skulptur, noko eg ikkje har problem med å støtte. Men når Askelund brukar omgrepet «menn som har utrettet noe utenom det vanlige» for å rettferdiggjere at desse fortener sin plass, mens hermetikkarbeidaren og den butikktilsette ikkje fortener, så kan me ane eit nokså gammaldags historiesyn.
I moderne historie har nok både politiske og sosiale rørsler langt større plass i det som har blitt «utretta». Det meste av dagens samfunn er skapt av rørsler som har sprunge ut frå arbeidarklassen – og frå ulike kvinnerørsler gjennom tidende. I stor grad er det desse sosiale rørslene som har gjort det mogleg med kunst i det offentlege rom som ikkje bare er av store menn på soklar.
Forbrukersamvirket var ei av desse rørslene som har hatt mykje å bety for det samfunnet me har i dag. Ein av desse forbruksforeiningane, Bikuben, heldt til på Nytorget i det som i dag huser Rogaland Art Center. Så ein eventuell Jenny på Nytorget vil vere ein hyllest både til denne rørsla og dei som i dag jobbar varehandelen, anten dei jobbar fulltid eller er deltidstilsette som må svare på telefonen til ei kvar tid for «å shoppe vakter», slik situasjonen er for mange i varehandelen i dag.
Nedlatande formulert
Eg har vanskar med å sjå det utdaterte kvinnesynet i denne samanhengen. Men når Askelund skriv at «Det fortjener verken spesiell heder eller særlig beundring. Det er ikke mer enn forventet, egentlig» så syns eg det er eit ganske nedlatande syn på kvardagsheltane i koronatida.
Eg er derimot heilt samd i at dei fortener meir enn ein skulptur av ei dame på Nytorget. Det trur eg og at kunstnarar som Nils Aas som laga «Arbeiderkvinnen», Svein Håvarstein som laga «Gatefeieren», Hugo Frank Wathne som laga «10 øre timen» og Ásmundur Sveinsson som laga «Vatnsberinn», ville ha slutta seg til.