Klaus Mohn: Den frie forskinga er på vikande front i samfunnsdebatt og politikk

GJESTEKOMMENTAR: Demokratiet avheng kritisk av at media kikkar makta i korta.

Publisert: Publisert:

"Jens Stoltenberg er blant dei som let seg frustrere over utviklinga. I den nye boka si argumenterer han for at ein allianse mellom LO, NHO og miljørørsla har fått gjennomslag for tiltak i miljø- og klimapolitikken som favoriserer deira eigne interesser", skriv Klaus Mohn. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

  • Klaus Mohn
    Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Mange har fått med seg at mediebiletet endrar seg raskt for tida. Men fortsatt er det for få som interesserer seg for kva desse endringane inneber for debattkultur, politikk og demokratiutvikling. Med fortsatt utarming av nyheitsjournalistikken er det lett å sjå for seg ei utvikling der media blir reduserte til viljesvake mikrofonstativ. Dermed blir nyheitsarenaen ei slagmark for ressurssterke særinteresser, der perspektiv, vinkling og innretting ikkje lenger er eit val frå uavhengige redaksjonar, men eit direkte resultat av partane sin kamp om merksemd.

I realiteten er det ofte slik at jo meir kunnskap ein opparbeider seg om eit felt, desto mindre sikker blir ein i konklusjonane.

Høge stemmar

På den moderne mediearenaen er det den sterkaste sin rett som gjeld. Fakta og sanning blir bøygd og tøygd for å tene viljestyrte mål for skråsikre interessegrupper. Men i realiteten er det ofte slik at jo meir kunnskap ein opparbeider seg om eit felt, desto mindre sikker blir ein i konklusjonane. Få har vel oppsummert dette betre enn den britiske filosofen og forskaren Bertrand Russell: «The whole problem with the world is that fools and fanatics are always so certain of themselves, and wise people so full of doubts.”

Les også

Vil "redde" mediene og kulturlivet med forskning

Desto meir urovekkande er det at kunnskap basert på fakta og forsking stadig oftare må vike for høge stemmer, sterke kjensler og flyktige stemningar. Folkerøystinga om Storbritannia sitt medlemskap i EU illustrerte at slike faktorar har gjort politiske prosessar mindre føreseielege enn før. Av same grunn er det no få som kjenner seg trygge på at Donald Trump ikkje vil vinne president-valet i USA.

Stundom kan det og sjå ut som om ekstreme synspunkt gjerne får meir spalteplass og merksemd enn dei strengt tatt fortener.

Forsking på vikande front

Til og med i Noreg ser ein at den frie forskinga er på vikande front i samfunnsdebatt og politikk. Stadig fleire akademiske aktivitetar er underlagt næringslivssamarbeid, brukarstyring og agenda-basert finansiering. Sentrale politikarar har heller ikkje gått av vegen for å rette spit og spark mot forskingsmiljø som stiller seg i vegen for politiske ambisjonar og planar, til dømes for havbruk, energi- og klimapolitikk.

Stundom kan det og sjå ut som om ekstreme synspunkt gjerne får meir spalteplass og merksemd enn dei strengt tatt fortener, ikkje berre som ei resultat av jaget på sensasjonar, men og fordi journalistar har ei innebygd vegring mot ubalanse i nyheitsdekninga. Eit ferskt forskingsarbeid frå den amerikanske økonomen Jesse Shapiro argumenterer for at denne aversjonen mot alle former for slagside kan gi opphav til urimeleg stort gjennomslag for marginale interesser i mediebiletet, med potensial for vidare innverknad på politikk-utforminga.

Påverknad og politikk

Med den seinaste utviklinga i nyheitsjournalistikk og debattkultur kan ein ikkje lenger være trygg på at pressedekninga reflekterer breie og balanserte samfunnsinteresser. I dag kan ein ane konturane av eit mediebilete der det betyr stadig mindre å ha rett. Det som gjeld i dag er å få rett. Debatten rundt prioriteringane i Statsbudsjettet 2017 gir gode eksempel. Media er full av pressgrupper som kappast om å utvikle og formidle historiar til støtte for eit bestemt bilete av verda, eit spesifikt syn på røynda og ei tenleg haldning til saker i eige interessefelt.

Om slike strategiar vinn fram i nyheitsdekning og offentleg debatt, så ligg vegen open for påverknad av politikarane. Her finn me ei viktig forklaring på korfor så store ressursar blir lagt ned i utforming og plassering av bodskap. Dei som er i tvil om verdipotensialet i «story-telling», kan ta ein kikk på framveksten av kommunikasjonsbransjen dei siste 10-15 åra.

Sterke pressgrupper

Jens Stoltenberg er blant dei som let seg frustrere over denne utviklinga. I den nye boka si argumenterer han for at ein allianse mellom LO, NHO og miljørørsla har fått gjennomslag for tiltak i miljø- og klimapolitikken som favoriserer deira eigne interesser. Problemet med ein slik prosess for politikk-utforming er ikkje berre at politikken blir lite treffsikker, men at gevinstane altfor ofte blir hausta av dei få med høge stemmar og store ressursar, medan kostnadar og ulemper gjerne blir skyvd over på fellesskapen.

Jens Stoltenbergs biografi: Høyst lesverdig

Desto viktigare blir det at me kan halde oss med ei presse som kan bruke tid og krefter på djupdykk og faktasjekk, spesielt når mykje står på spel. Døme frå dei siste vekene er Aftenposten si undersøkjing rundt påstandar frå Regjeringa og oljebransjen om at norsk gass er ein del av løysinga på klima-krisa, samt NRK si utgreiing rundt CO2-utslepp frå olje- og gassverksemda i Noreg og andre stader i verda.

Tilsvarande ressursar burde vore brukt for å undersøkje påstandar og argumentasjon frå miljøorganisasjonane, som til dømes når sterke interesser for utvikling, miljø og klima samlar seg bak tilrådingar om at Oljefondet bør investere i fornybar infrastruktur i utviklingsland.

Demokratiet veks på debatt

Samfunnet er tent med at makta blir kikka i korta, spesielt når ressurssterke særinteresser ruller ut dei store kanonane. Alle burde difor slutte opp om ein debattkultur som dyrkar kritiske spørsmål til faktabruk og retorikk frå dei mest ressurssterke gruppene i samfunnet. Ei balansert og godt opplyst meiningsbryting er nemleg avgjerande for tilliten til politikarane, for legitimiteten i dei politiske avgjerdene og dermed og for bærekrafta i det demokratiske systemet.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Brekkebua i Sirdal var få uker unna åpning. Natt til mandag ble den totalskadet i brann

  2. Ble gravd ut for hånd etter spreng­nings­uhell

  3. Nytt smittetilfelle i Stavanger

  4. Fryktet livsverket skulle gå opp i røyk i Mekjarvik-brann

  5. – Til slutt står du foran ditt eget speilbilde og sier «Ohhh, Hot Mama!».

  6. Vgs-elevene får komme tilbake på skolen onsdag

  1. Samfunnsdebatt
  2. Demokrati
  3. Jens Stoltenberg
  4. Politikk
  5. Donald Trump