Sjølvsagt tek vi ungdomsvald og mobbing på alvor!

STAVANGER: Lena Skår Størseth etterspør tiltak mot mobbing og ungdomsvald i Stavanger. Ho er opprørt over den negative utviklinga vi er vitne til, og eg vil anerkjenne henne for dette engasjementet. Også eg ber på ei sterk uro over dette.

Publisert: Publisert:

«KrF og dei samarbeidande partia kan vise til både budsjettmessige prioriteringar og konkrete handlingar», skriv Anne Kristin Bruns i Stavanger KrF. Foto: NTB Scanpix (illustrasjonsbilete)

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Oppvekstpolitikar, Stavanger KrF
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Men i innlegget i Aftenbladet antydar Størseth at vi politikarar snakkar om problema utan å ta tak i dei gjennom konkrete handlingar. Dette provoserer meg. «Money talks», skriv ho, men eg vil legge til: «Action speaks louder than words.» KrF og dei samarbeidande partia kan vise til både budsjettmessige prioriteringar og konkrete handlingar.

Meir til skulane er viktig

For KrF og dei samarbeidande partia har auking av skulen sitt driftsbudsjett vore viktig. I tillegg til aukinga frå fjorårets budsjett styrka vi skulen i årets budsjett med full reversering av rådmannen sine kuttforslag på 22 millionar kr i perioden, pluss ei ekstra styrking på 40 millionar kroner i perioden. Innanfor denne ramma er det skulane som skal forvalte og bruke pengane på den måten dei vurderer det rett etter gjeldande reglar og lovar. Dei er allereie forplikta gjennom opplæringslova til å ta tak i vald og mobbing, og det er opp til den enkelte skule korleis ein vel å gjere dette. Som oppvekstpolitikar er eg oppteken av ikkje å detaljstyre skulane. Vi har et nært samarbeid om utfordringane med skuleleiinga i byen vår.

Mobbeombod og helsesystrer er viktige

Bevillingar til helsesøstrer har over fleire budsjett blitt auka. Her har KrF vore ein pådrivar til nettopp dette. Denne yrkesgruppa har ein viktig og sentral plass i arbeidet både med førebyggande arbeid mot mobbing og det helsefremmande arbeidet for elevar, gjerne i samarbeid med foreldre. Denne satsinga vil vi halde fram med.

Allereie i fyrste budsjettet denne periode oppretta vi, som ein av dei første kommunane i landet, eit mobbeombod. Dette er og har vore ei viktig sak for KrF. Mobbeombodet skal arbeide med enkeltsaker og vere uavhengig av skulen sin administrasjon. Ombodet skal fungere som ein instans for foreldre og elevar å ta kontakt med når mobbesituasjonar på våre skular er fastlåste. Det skal også inspirere til og gje rådgiving til anti-mobbearbeidet i dei lokale skulane.

IKT-satsinga er viktig

For dei samarbeidande partia i oppvekst har IKT-satsinga hatt prioritet. Vi veit at dette vil bidra til at alle barn i skulen har dei same føresetnadane gjennom digitale einingar. Dette ser vi på som eit førebyggande verkemiddel mot mobbing. Det er grunn til å tru at like føresetnader for alle elever vil redusere faren for utanforskap. Grunnen til gledesropa i reportasjen som Størseth viser til i innlegget, var at vi fekk løyve ytterlegare 20 millionar kroner til IKT-satsing, slik at vi kan fullføre dette i løpet av denne periode. Då kan alle barn i grunnskulen få si eiga digitale eining, og vi kan tilby både skolering og oppfølging.

Samarbeid er viktig

Vald blant ungdom i Stavanger har vi som oppvekstpolitikarar teke tak i. Vi har gjort ulike tiltak etter direkte kontakt frå foreldre og etter oppslag i pressa. Før vinterferien arrangerte vi eit foreldremøte med informasjon om vald og førebygging. Politi, skuleleiing, SLT-koordinator (samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggende tiltak) og politikarar var til stades. Vi har hatt fleire møter med kommunalt foreldreutval om korleis vi best mogleg kan jobbe med dette framover, då særleg med heim-skule-samarbeid. Det har blitt gjort ulike tiltak i bydelane der ein har samla sentrale personar for å drøfte situasjonen. Ungdommens bystyre har kome med viktige innspel til korleis dei ser situasjonen og om kva ein bør gjere.

Like etter sommarferien blir det òg gjennomført ein konferanse nettopp om korleis vi saman skal ta tak i utfordringane rundt ungdomskriminalitet og vald i vår by. Vi politikarar er avhengige av eit godt samarbeid med fagfolk frå ulike område innan fagfeltet. Eg som barnevernspedagog veit at det sjeldan er enkle svar på desse kompliserte spørsmåla og utfordringane.

På det siste møtet i kommunalstyret for oppvekst blei det vedteke at vi vil ha fokus på det førebyggande arbeidet mot vald og kriminalitet utover hausten. Det handlar ikkje berre om fine ord og gode intensjonar, det handlar om tiltak som på lang sikt skal og kan gjere byen vår til ein god by å bu i for alle.

Publisert:

Les også

  1. Lena Skår Størseth: «Hvor er tiltakene mot mobbing og ungdomsvold i Stavanger?»

  2. Lena Skår Størseth: Voldsvideoen fra Stavanger: Hardheten kan motvirkes i skolen

  3. Med blodet rennende fra ansiktet må 14-åringen kysse voldsutøverens sko

  4. Voldsvideoen fra Stavanger: Hardheten kan motvirkes i skolen

  5. Ungdomsvold-trend: - Vi foreldre må møtes og snakke om kriminalitet som rammer og begås av våre barn

  6. Mobbeombud om ungdomsvold-trenden: − Jobbe med tilskuerne!

  7. Ønsker å straffe de som filmer

Mest lest akkurat nå

  1. Nå er legestreiken i gang – rask opptrapping varsles

  2. Marte (20) sa opp jobben og flyttet hjem for å pleie sin alvorlig syke pappa. Det fraråder Stavanger kommune

  3. Lervigs nye utestad tar natte­søvnen frå naboar: – Vil sjå på skjenke­reglane

  4. – Et overgrep mot barnet

  5. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  6. Ble ikke straffet for homohets. Her er dommerens forklaring